Dei mest sentrale indremedisinske områda er sjukdommar innan hjarte, lunge, mage-tarm, nyre, infeksjon, diabetes og andre hormonsjukdommar, men og samansette sjukdommar innan eldremedisin. Vi har tett samarbeid mellom seksjonane for å sikre fagleg, god kvalitet og ressursutnytting.
Vi samarbeider vi med andre avdelingar i Helse Førde for å gje pasientar og pårørande tilbod som fremjar meistring og livskvalitet, samt kvalitetssikring av verksett behandling. Tett samarbeid med kommunar og andre helseføretak er prioritert for at vi skal ivareta pasienttryggleik i overgangen mellom ulike behandlingsnivå.
I 2018 hadde medisinsk poliklinikk 5753 konsultasjonar, 337 pasientar fekk dagbehandling og 1191 pasientar fikk behandling i dialyse.
I same periode var det 1672 heildøgnsopphald ved medisinsk sengepost.
Medisinsk poliklinikk
Medisinsk sengepost