Vi tilbyr både hemodialyse (bloddialyse) og peritonealdialyse (posedialyse).
Vi utfører også LDL-aferese behandling, som betyr å fjerne kunstige feittstoff frå blodet.
Det er totalt 22 dialyseplassar fordelt på dei tre sjukehusa våre.
Behandlinga vert utført av sjukepleiarar og nyrespesialistar.
Gjestedialyse
Vi tilbyr gjestedialyse ved kapasitet. Du må ta kontakt på førehand for å gjere ein avtale.
Meir om dialyse
Ved bloddialyse vert blodet rensa ved hjelp av ei maskin og ei kunstig nyre.
Ved posedialyse vert avfallsstoff fjerna frå blodet gjennom bukhinna, som fungerer som dialysemembran.
Rutine ved bloddialyse
Du møter til avtalt tid. Etter veging og blodtrykksmåling blir du kobla til dialysemaskina. Du blir overvåka av sjukepleiarar under heile behandlinga. Dialysetida kan variera frå 4-5 timar og behovet kan variera frå 3-4 gonger i veka.
Du får servert eit måltid og kan slappa av med aviser, TV , PC og liknande.
Dialyseposten har pasientopplæring ved Nyreskulen, eit tilbod til kroniske nyresviktpasientar og deira pårørande.