Akuttmottaket nytter eit prioriteringsverktøy for å kartlegge kor alvorleg tilstanden er. Pasientane blir vurdert ut i frå innleggingsdiagnose, symptom og klinisk tilstand (puls, blodtrykk, pustefrekvens med meir). På bakgrunn av dette får dei ein hastegrad som seier noko om kor raskt dei treng tilsyn frå lege.
Opphaldstida i Akuttmottak varierer. Nokon gonger kjem det inn svært sjuke eller skadde pasientar som må bli tatt hand om med det same. Dei som har mindre alvorlege tilstandar vil kunne oppleve å måtte vente litt lengre. Gjennomsnittleg opphaldstid er om lag 2,5 timar.
Vi tek og imot polikliniske pasientar på kveld, natt og helg. Som regel gjeld dette pasientar med ulike typar brot, eller med sårskader.