Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vårmøte

Velkommen til Våryr pediatri!

4.-6. juni 2025 samlast vi i vakre Loen for inspirerande dagar fylt med fagleg påfyll, nettverksbygging og naturopplevingar. Barne- og ungdomsavdelinga i Førde inviterer til vårmøte, som i år blir arrangert ved praktfulle Hotel Alexandra, som ligg omkransa av vakker vestlandsnatur.

Et svømmebasseng med et fjell i bakgrunnen

Foto: Hotel Alexandra

Hotel Alexandra har eit fantastisk spa- og badeanlegg, både utandørs og inne, som er tilgjengeleg for gjestene.

Fagleg påfyll i spektakulære omgjevnadar

Loen er ein eksklusiv destinasjon, kjent for sine majestetiske fjordar, høge fjell og grønne dalar. Kombiner fagleg utbytte med fantastiske naturopplevingar. Dersom du ønsker å forlenge opphaldet gjennom helga, for å utforske området ytterlegare, så er det fullt mogleg å gjere det.

  • Tidspunkt: 4.-6. juni 2025
  • Stad: Hotell Alexandra, Loen

Det er viktig å melde seg på tidleg for å sikre plass, reise og overnatting. 

Det blir gode tilbod for dei som ønsker å ha med seg følge.

Her finn du oversikt over fullt program og aktivitetar for årets vårmøte. Klikk deg inn på dei ulike dagane for å sjå aktuelt program for den dagen.

Merk at programmet er foreløpig, og at det kan komme til små endringar.

  • Registrering frå kl 09:30-10:00
  • Forkus frå kl 10:00-13:00
  • Lunsj kl. 13:00-14:00

Forkurs: Ultralydveileda vaskulære tilgangar 
- Anders Batman Mjelle, barnelege/anestesi Haukeland universitetssjukehus 
- Terje Knausgård, anestesilege Førde sentralsjukehus

Klinisk ultralyd (point-of-care-ultralyd) vert stadig meir brukt blant barnelegar. Eit av dei mest nyttige områda er ultralydveileda kanylering av blodårar for PVK, Midline eller PICC-line, kor ultralyd gjør det enkelt å kanylere små og store pasientar der det er vanskeleg eller umogleg å sjå eller kjenne tilgjengelege blodårer.  

Vi arrangerer forkurs med dyktige instruktørar, der interesserte LIS-legar og spesialistar kan lære om, og øve på å kanylere ultralydveileda med stikking på fantomer og på kvarandre. Ein treng ingen forkunnskap, men det er ein fordel om ein på førhand kan øve på å finne blodårar med ultralydapparat der ein jobbar til vanleg. Ein ser det hensiktsmessig at deltakarar har tilgjengeleg utstyr for å kunne begynne å kanylere pasientar på eigen arbeidsplass etter vårmøtet. 

PED015, 16 plassar
Romnr: 

 

Forkurs: Tolking av blodgassar og væskebehandling
- Lars Edenberg, anestesilege Førde sentralsjukehus

Bli venn med blodgassen, og lær deg korleis du kan bruke den i kvardagen for å gjere livet som klinikar enklare. Eit tre timers interaktivt innføringskurs som gjer deg solid på blodgasser, Strong Ion Difference (SID) og væskebehandling. Veldig få av oss er godt nok kjende med blodgassen og korleis vi kan bruke den på best mogleg måte. Er det ubalanse i elektrolyttane sjølv om ingen lyser rødt? Kvifor er SID så viktig? Kva type væske bør ein bruke? Dette og meir vil du ha stålkontroll på etter kurset. 

Dette kurset passar for LIS-legar og spesialistar. Vi kan nærmast garantere at dette er noko du vil ha stort utbytte av i den kliniske kvardagen din, og du vil sjå på blodgassen med nye auge.  

PED 009, 20 plassar
Romnr:  

Forkurs: Matoverfølsomhet med fokus på matallergi.
«Diagnostikk, oppfølging og behandlingsmoglegheiter»   
- Jakob Larsson, barnelege og allergolog Førde sentralsjukehus, overlege ved Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet (RAAO) Vest, Haukeland universitetssjukehus

Korleis følge ein pasient med matallergi? Når skal ein tenke på provokasjon? Korleis kan ein enkelt sette opp provokasjonsdosar? Må ein provosere, eller når kan ein prøve seg på «ladders»? Adrenalinpenn eller ikkje? Immunterapi mot matvarer i Noreg? Kva anbefalar europeiske guidelines? 

Velkommen til eit spennande kurs med vår eigen dyktige allergolog. 

PED 032, PED 034, 20 plassar
Romnr: 

Kl. 13:00-14:00 - Lunsj/registrering

Kl. 14:00-14:15 - Opning av vårmøtet i Loensal 1

Kl. 14:15-15:15 - Ein tøff start

Ordstyrar:     

 Kl. 14:15-14:35

Med framtida i våre hender: Korleis kommuniserer vi med familier når prognosen er usikker Astri Maria Lang,
barnelege, Oslo universitetssjukehus 
Kl. 14:35-15:00 HINE, ei praktisk tilnærming  

Ulf Wike Ljungblad,  barnelege, Vestfold sjukehus

 

Kl. 15:15-15:30 - Pause m/mat og registrering for nyankomne

Kl. 15:30-16:30 - Hovudbry

Ordstyrar: Lea Larsen  
Kl. 15:30-15:50 Kronisk migrene - kva skal vi gjere?

PED 143

Gro Anita Gauslå, barnelege Oslo universitetssjukehus
Kl. 15:50-16:10 Spinalpunksjon ved høgt intrakranielt trykk- når er det trygt?   Gro Anita Gauslå
Kl. 16:10-16:30 Det urolege spedbarn Erling Tjora, 
barnelege Haukeland universitetssjukehus   

Kl. 16:30-18:00 - Interessegruppemøter

Kl. 18:30 - Get together på Hoven: Vi går samla frå hotellet

Kl. 20:00 Middag 

 

Kl. 09:00-10:20 - Vitaminbjørnar

Ordstyrar:     
Kl. 09:00-09:40

B12 og folatmangel, er det så viktig?

PED 061  
Ulf Wike Ljungblad  
Kl. 09:40-09:50 Ein kasuistikk å lære av Anders Bjørkhaug, 
barnelege, Førde sentralsjukehus 
Kl. 09:50-10:20

Ferritin og vitamin D “mangel”? - kva skal ein gjer når ein først var dum nok og tok prøvene

PED 061  
Erling Tjora

10:20-10:45 - Pause

Kl. 10:45.12:00 - Liten, gul og skada

Ordstyrar:     
Kl. 10:45-11:15  

Nyfødte og spedbarn med dårleg vektoppgang

PED 002  

Tanja Pedersen
barnelege, Haukeland universitetssjukehus  

Kl. 11:15-11:40  

Gulsott – Nye aspekt i behandlinga

PED 130  

Claus Klingenberg
barnelege, Universitetssjukehuset Nord Norge  

Kl. 11:40-12:00  

Seinskader etter alvorlege infeksjoner hos nyfødte

PED 124  

Claus Klingenberg

Kl. 12:00-13:00 - Lunsj

Kl. 13:00-14:00 - Kvifor hostar barnet?

Ordstyrar:    
Kl. 13:00-14:00 Småbarnshosten - ulike perspektiv og differensial diagnostiske vurderingar  

Knut Øymar
barnelege, Stavanger universitetssjukehus 

Carina Saunders
barnelege, Oslo universitetssjukehus

Kl. 14:00-14:20 - Pause

Kl. 14:20-15:20 - Frie foredrag (10 minutt kvar), Loensal 3

Kl. 15:20-15:35 - Kort pause med ein liten matbit

Kl. 15:35-16:35 - Frie foredrag (10 minutt kvar), Loensal 3

Kl. 16:45-18:00 - Styrets halvtime og årsmøte, Loensal 3

Kl. 19:30 - Festmiddag, Loensal 1

Kl. 09:00-10:20 - Kvardagspediatri

Ordstyrar:  

 

Kl. 09:00-09:20 Korleis kommuniserer vi når noko har gått gale 

Hege Kristiansen
barnelege, Førde sentralsjukehus  

Kl. 09:20-10:00 Søvnproblem og behandling hos barn  

Karoline Loede
barnelege, og nevrofysiolog Stavanger universitetssjukehus 

Kl. 10:00-10:20

Barnegynekologiske problemstillingar

Ingvild Menes Sørensen barnelege, Oslo universitetssjukehus

Kl. 10:20-10:40 - Pause

Kl. 10:40-11:25 - Ein kropp i ubalanse

Ordstyrar:     
Kl. 10:40-11:20

Ein praktisk tilnærming til elektrolyttforstyrringar

PED 009  
Hans Jørgen Guthe 
barnelege, Haukeland universitetssjukehus  

Kl. 11:20-11:30 - Pause

Kl. 11:30-12:30 - Einar

Ordstyrar:    
Kl. 11:30-12:10

Korleis følge opp den sammensatte pasienten

PED 005  

Einar Bryne
barnelege, Vestfold sjukehus

Kl. 12:10-12:30 Einar si siste reise Anders Bjørkhaug  

Kl. 12:30- 12:40 - Avslutning. Oslo/Akershus presenterer pediaterdagane 2026

Kl. 12:40-13:40 - Lunsj

Kl. 13:45 - Via Ferrata for dei som ynskjer det: Oppmøte Loen Active. Ferdig omlag kl 19:00

Kl. 14:20/30 - Heimreise. Felles avgang buss Ørsta/Volda kl. 14:30 og Sandane kl. 16:00

Vi tek forbehald om endringar i programmet.

Under vårmøtet har vi mange kjekke sosiale arrangement som vi håpar de har lyst å vere med på. 

  • Get together 4. juni på spektakulære Hoven restaurant. Hit kjem vi med Loen Skylift.

    Loen Skylift er ei av dei brattaste banene i verda og løftar deg tusen meter nesten rett opp – til restauranten på kanten av fjellet Hoven. Her oppe kjem du i nærkontakt med den mektige naturen. Anten du sit inne i det komfortable amfiet i restauranten, står oppe på taket eller går tur i fjellheimen her oppe får du ei naturoppleving på kanten av det du trudde var mogleg. Norges lettaste topptur

    Vi går samla til Loen Skylift rundt kl 18:30-18:45, eventuelt kan dei som vil ta bana opp tidlegare på ettermiddagen. På Restaurant Hoven vil det bli servert ein fantastisk burger med pommes frites. 

    Ettersom vi spelar på "reality-konseptet", så høyrer det jo med å ha ein liten konkurranse som del av underhaldninga. Spoiler: Teambuilding. Dette vil du heilt klart ikkje gå glipp av! 

  • Festmiddag 5. juni går føre seg i Loensal 1, der vi får eit nydeleg tre retters festmåltid i tillegg til 2 glas vin/eventuelt anna drikke til maten. Det blir underhaldning og dans til langt utpå natta. Årets fest blir med andre ord ein skikkelig helaften, og det er ingen grunn til å ikkje bli med. 

  • Via Ferrata Loen: Til dei som fortsatt sit inne med litt energi etter møtet på fredag, tilbyr vi ein tur opp Via Ferrata Loen. Vi har fått våre eigne guider og møter opp ved Loen Active kl 13:45. Turen tar ca 5-6 timer, men kan gå mykje raskare for dei som er godt trent. Merk: bindande påmelding frå 1. juni. 

    Meir informasjon om Via Ferrata og rutene finner du her: Via Ferrata Loen, Stryn, Nordfjord — Loen Skylift 

Påmelding til dei ulike arrangementene her

Ei oppleving for livet!

Kombiner jobb og fornøyelse i ein av dei vakraste regionane i Norge. Enten du vel å fly eller køyre, er reisa til Loen ein del av opplevinga. Unn deg sjølv og følge ditt ei unik oppleving med våryre dagar på Vestlandet. 

 

Slik kjem du deg til Loen

Dette er ein eksklusiv destinasjon, så det gjeld å vere tidleg ute for å sikre seg flybillett før alle turistane tek dei. Det går fly til Ørsta/Volda og Sandane. Derifrå er det omlag 1 time å køyre til Loen. 

Vi anbefalar dei som kan køyre om å gjere det. Fyll opp bilen med gode kollega, og bli godt kjende medan ein får masse gode naturopplevingar med seg på vegen. 

Buss til og frå flyplassene:

Vi set opp buss til og frå flyplassane som vist nedanfor. Du kan tinge plass til buss på G-Travel sine sider. Utanom dette må ein ordne transport sjølve. 

  • 03. juni kl 20:45 frå Volda
  • 04. juni kl 12:30 frå både Volda og Sandane
  • 06. juni blir det transport til Volda flyplass frå Alexandra kl 14:30, og til Sandane flyplass kl 16:00. 
En bygning med et fjell i bakgrunnen

Foto: Hotel Alexandra/Unda Paula Lauberga

Hotel Alexandra ligg flott til i naturskjønne omgjevnadar i Loen.


Ta gjerne kontakt med oss 

Du er velkomen til å ta kontakt med oss i arrangementskomitéen dersom du har spørsmål, eller lurer på noko. Vi gler oss til å sjå deg i Loen! 

Sist oppdatert 24.01.2025