Tilvising til habiliteringstenesta for barn og unge
Tilvising skal sendast som vanleg elektronisk henvisning, “Den gode tilvising”.
For å få den informasjonen vi treng ønsker vi at de brukar sjekklista som de finn i lenka under. Dette er viktig for å sikre at vi får den informasjonen som er nødvendig for å vurdere tilvisingane.
Eit godt habiliteringsresultat for barn og unge er eit gjensidig ansvar for kommune og spesialisthelestenesta. Det kommunale hjelpeapparatet har det daglege ansvaret for habiliteringen. Spesialisthelsetenesta skal bidra til å byggje opp den kommunale kompetansen, og yte tenester som krev særskild kompetanse.
Opplysningar som skal med i tilvisinga
Tilvisinga må gje ei klar omtale av kva for utgreiingar og tiltak som er gjort, og spesifisere kva for hjelp som er ønskjeleg. Tilvisingsgrunn må vere så tydeleg og spesifikk som muleg.
Tilvisingar som er samordna og godt dokumenterte gjer at vi kan yte eit best muleg tilbod. Tilvisingane må settast fram gjennom barnet/ungdommen sin lege, og skal skje i samråd med foreldre. Samtykke frå begge foreldre er påkrevd.
Behandling av tilvising
Eit inntaksteam behandlar alle tilvisingar. Vurderingane vert gjort utifrå Prioriteringsveileder – Habilitering av barn og unge i spesialisthelsetjenesten (helsedirektoratet.no). Dersom tilvisinga er mangelfull vil inntaksteam spørje om ytterlegare informasjon. I medhald av Lov om pasientrettigheiter § 2-2 vil tilvisinga bli vurdert innan fristen.
Når tilvisinga er akseptert får saka prioritet etter gjeldande retningslinjer. Når ei tilvising blir avslått er det med eit grunngjeve avslag.
Inntaksteam gir den som tilviser skriftleg informasjon om inntak/avslag, med kopi til foreldre/ føresette.