Forskriftskurs – ambulanseassistent
Ambulansetenesta i Helse Førde gjennomfører årleg forskriftskurs for studentar og autorisert helsepersonell som ynskjer å jobbe for oss. Opplæringa støttar Helsedirektoratet sin nasjonale rettleiar for kompetansenivå for ambulansevikarar. Opplæringa består av kurssamlingar, arbeidskrav, e-læring og rettleia klinisk praksis ute på stasjon og under ambulanseoppdrag.
Vi søkjer deg som er motivert for, og trivast i eit uføreseieleg og spennande miljø. Du verdset både store utfordringar og rutineprega oppgåver. Å jobbe i ambulansetenesta betyr å være ein god kollega, jobbe i sjølvstendige team og saman finne gode løysningar til det beste for pasienten. Vi leverer helsetenester av høg kvalitet i by og distrikt, blant fjordar og fjell, i all slags vær, til alle årstider, i alle typar heimar, og for ulike pasientgrupper.
Ambulansetenesta er blant den mest synlege og eksponerte delen av helsetenesta. Du veit difor å ta vare på deg sjølv og dine kollegaer for å kunne fungere optimalt i ein til tider utfordrande jobb, der du ikkje veit kva oppdrag som kjem på di vakt. Arbeid i ambulansetenesta kan bestå av lange timar og mørke netter. Vi søkjer deg som forstår at verdens beste jobb gir meining.
Opplæringa har til formål å rekruttere vikarar til ambulansetenesta innanfor minstekravet til nødvendig helsefagleg og ambulanseoperativ kompetanse. Dette er ein innfallsport for å kunne jobbe som ambulanseassistent også etter å ha fått autorisasjon som helsepersonell og på sikt verte autorisert ambulansearbeidar.
Kompetansekrava i ambulansetenesta opplevast nokså detaljregulert i akuttmedisinforskrifta §11, og detaljer kva for kompetanse som må vere på ein ambulanse. Ein ny nasjonal rettleiar definerer lik standard på vikar-opplæringa. Helse Førde har i mange år gjennomført eit velutprøvd opplæringsprogram som sikrar at deltakarane stettar forskriftskravet og rettleiaren som like om hjørnet. Opplæringa vert årleg justert og tilpassa til ei kvar tid krav i tenesta.
Utdrag frå akuttmedisinforskrifta,§11- bemanning og helsefagleg kompetanse:
Ambulansebiler som brukes i ambulansetjenester skal være bemannet med minst to personer, hvorav minst én skal ha autorisasjon som ambulansearbeider eller paramedisiner. Begge personene som bemanner ambulansebilen skal ha førerkort for kjøretøyklassen og minst én av personene skal ha kompetansebevis for førere av utrykningskjøretøy. Der det kun er én ambulansearbeider eller paramedisiner, må den andre personen ha autorisasjon eller lisens som helsepersonell og nødvendig ambulansefaglig kompetanse.
Virksomhetsledelsen kan etter en konkret vurdering gjøre unntak fra kravet i første ledd tredje punktum om autorisasjon eller lisens som helsepersonell, dersom den andre personen som skal bemanne ambulansen er andre års lærling i ambulansefag eller paramedisinerstudent som har fullført og bestått andre studieår av fulltidsstudiet eller tredje år av deltidsstudiet.
Virksomhetsledelsen kan etter en konkret vurdering gjøre unntak fra kravet i første ledd tredje punktum om autorisasjon eller lisens som helsepersonell for personell som skal dekke ekstravakter og korttidsvikariater.
Føretaka er tilrådd å rekruttere ambulanseassistentar frå relevante helsefagutdanningar eller anna relevant autorisert helsepersonell som:
- Lærlingar i ambulansefag etter fullført bedriftsintern utsjekk
- Paramedisin-studentar etter fullført 2. år (eller tilsvarande ved deltid)
- Sjukepleiar-studentar etter fullført 2. år (eller tilsvarande ved deltid)
- Medisinar-studentar etter fullført 3. år
- Legar og sjukepleiarar med autorisasjon
Tilleggskrav:
- Førarkort klasse B
- Stette medisinske krav til førarkort klasse D
- Bestå fysiske krav ved kursstart
- Førarkort klasse C1 før første vakt
- Politiattest før første vakt
Det kan i gitte situasjonar vurderast alternative helsepersonellgrupper så lenge nødvendig kompetanse er ivaretatt.
Digitalt informasjonsmøte vert gjennomført etter påmeldingsfrist, men før første kurssamling. Her presenterer vi tenesta, og nærare om krav/forventningar, tema for samlingar, arbeidskrav til rettleia praksis, jobbmoglegheiter og innsikt i turnusordning.
Opplæringa skjer i regi av Helse Førde med mål om eiga rekruttering av tilsette til våre 16 stasjonar. Opplæringa gir deg kompetanserolla som ambulanseassistent etter avslutta opplæring og praksis.
Under samlingar og rettleia praksis er det lagt opp til mykje praktisk øvingar og simulering. Mellom samlingane skjer mykje av opplæringa som sjølvstudium og nettbasert studie med innleveringsoppgåver og tilgang til undervisningsmateriell. Mykje av kommunikasjon går på e-post og www.nakos.no
Ambulanseyrket krev god fysikk og mental styrke. På første samling blir det gjennomført fysisk test på treningssenter, som ein må bestå for å halde fram opplæringa.
Fysiske krav:
- Springe 1000 meter (innan maksimalt 5 min).
- Bære forflyttingsbrett 200 meter med ca. 80 kg tyngde (innan maksimalt 10 min).
- Bære bærestol opp og ned ein etasje tre (3) gangar med ca. 80 kg tyngde. Kvar kandidat skal minst bære ei runde i kvar ende av bærestol.
- Utføre samanhengande HLR i 10 minutt.
- Svømmedyktig - dokumentere å vere svømmedyktig (eigenerklæring).
Helse Førde set krav til at ambulansepersonell er personleg eigna og skikka for yrket. Som del av opplæringa inngår samtale med deltakarar om forventningar, evaluering av praktiske øvingar. I tillegg inngår vurdering på rettleia praksis på stasjon og eigenrefleksjonar.
Om ansvarlege for opplæringa finn at ein kandidat ikkje leverer i tråd med forventningar, arbeidskrav og målsetjing, får ein tilbakemelding på dette. Som arrangør er det i vår rett å kunne avslutte opplæringstilbodet for deltakarar som ikkje møter på samling, gjennomfører arbeidskrav til avtalte fristar eller ikkje viser fagleg progresjon i samsvar med kompetansemåla.
Samlingane går over tre helgar i perioden desember-mars:
- Fysiske testar og introduksjon
- Akuttmedisinsk kompetanse Ambulansemedisin/traume
- Ambulanseoperativ kompetanse
Kurssamlingar:
Veke 49 - Samling 1
Laurdag 7. desember - Fysisk test
Søndag 8. desember - Introduksjon
Veke 4 - Samling 2 - Akuttmedisinsk kompetanse
Laurdag 25. januar - Akuttmedisin
Søndag 26. januar - Akutte skader / traumer
Veke 9 - Samling 3 - Ambulanseoperativ kompetanse
Laurdag 1. mars - Ambulanseoperative emne
Søndag 2. mars - Ambulanseoperative emne
Samlingsdatoane er tentative, med atterhald om endringar. Det er obligatorisk frammøte.
Samlingane er ved Førde sjukehus, Farabygget, der ambulansetenesta, AMK Førde og Luftambulansetenesta held til.
Mellom samlingane er det obligatorisk arbeidskrav i form av innleveringsoppgåver og enkelte e-læringskurs. Det er og krav til rettleiar praksis ved lokal ambulansestasjon. Fristar for innleveringsoppgåver vert fastsett ved første samling.
Parallelt med at du søker plass på opplæringa, søkjer du sommarjobb. Vi tilbyr ei omfattande opplæring utan kursavgift. Derimot søkjer du sommarjobb som eit vilkår for å få plass på opplæringa. Vikarar som jobbar seks veker heiltid i tenesta gjennom sommaravviklinga får dekka 12.500 per år, totalt kr 25.000,- over to år, til å dekkje eigne utlegg og kostnadar for C1 førarkort.
Grunnlaget for opplæringa er å dekkje eige bemanningsbehov, og ikkje kurs for den opne marknad. Søkjarar som på tidspunktet for opplæring, har arbeidsforhold i andre avdelingar i Helse Førde, må før kursstart ha avklart vidare arbeidsforhold for sommaren med sin leiar for å unngå konflikt i arbeidsplan /ferie.
Deltakarar må vere budde på at tilbod om vakter vil vere fordelt ved fleire av stasjonane våre, delt mellom både større og mindre stasjonar. Arbeidstidsordningane er dei same.
Rettleia praksis er ein svært viktig del av opplæringa. Ein må vere innstilt på å starte med praksis tidleg og sette av tid fram til mai. Aktivitet på vaktene og fagleg progresjon avgjer om målsetting er oppnådd innanfor tentativ 100 timar hospitering. Sjå eigne mål for klinisk praksis eller om hospitering skal utvidast.
- «Puls Ambulansemedisin 1» ISBN 9788211046529 Stephen Johan Mikal Sollid
- «Puls Ambulansemedisin 2» ISBN 9788211044594 Illguth, Østebø, Vik og Meling
- «Puls Yrkesliv i ambulansefag» ISBN 9788211045195 Kristiansen, Østebø, Illguth, Barstein, Torgeirsen og Skjerve
- «Puls Kommunikasjon og samhandling» ISBN 9788211045188 Østebø, Torgeirsen, Kloster, Illguth, Jensen, Halvorsen og Lund
Bøkene må deltakarene skaffe i forkant av kurset, og kan kjøpast hjå dei fleste bokhandlarar eller internett.
Anna fagstoff som kurshefte AHLR/NRR, tilgang til elektronisk fagstoff på Nakos-portalen, samt forbruksmateriell dekkjer Helse Førde.
Du kan uforpliktande melde interesse for neste kurs ved registrere deg her. Har du meldt interesse får du tilsendt informasjon med søknadslenke til opplæringsplass når dette er publisert.
Søknad til opplæringa skjer via Helse Førde si internettside og rekrutteringsportalen webcruiter, sjå under «ledige stillingar» og Forskriftskurs.
Velkomen til ambulanseteneste i Helse Førde!
Søknadsfristen er 31. oktober 2024.