Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Kne
Kneleddet er det største leddet i kroppen, og det leddet som oftast vert ramma av slitasjegikt (artrose). Det vert stilt store krav til kneleddet sin funksjon. På den eine sida må heile beinet fungere som ei stiv søyle når kneet er utstrekt, og på den andre sida må leddet ha stor rørsle under daglege gjeremål og aktivitet.
Litt om kneet sin anatomi og funksjon
Kneleddet er eit av dei mest komplekse ledda i kroppen og det vert stilt store krav til kneleddet sin funksjon. På den eine sida må heile beinet fungere som ei stiv søyle når kneet er utstrekt, og på den andre sida må leddet ha stor rørsle under daglege gjeremål og aktivitet.
Kva er inni?
Kneleddet er eit hengsleledd, noko som betyr at det let beinet strekkje og bøyge seg fra og tilbake med minimal side-til-side røyrsle. Kneet består av bein, brusk, leddband, sener og anna vev.
Tre bein møtast og rører seg mot kvarandre i kneet:
Botnen av femur (lårbeinet) møter toppen av tibia (leggbeinet)
Patella (kneskåla) glir langs ei grop på framsida, nederst på femur (lårbeinet)
Leddbrusken dekkjer overflatene på beina der dei møtast: nederst på lårbeinet, toppen av leggbeinet og baksida av kneskåla. Leddbrusk er ekstremt glatt, sterkt og fleksibelt materiale. Brusken har to føremål:
Den gjer at beina kan gli over kvarandre når ein bøyer og strekkjer kneet
Den fungerer som ein støtdempar (til dømes under gange)
Ein menisk er ei tjukk bruskpute, som i kneet er plassert mellom lårbeinet og leggbeinet. Meniskane stabiliserar kneet, reduserer og absorberer støyt når kneetrører seg eller ber vekt. Det er to meniskar i kvart kne:
Mediale menisk, på innsida av kneet
Laterale menisk, på utsida av kneet
Ligament er band av sterkt vev som forbind bein til bein. Det er fire store leddband i kneet:
Framre korsband (ACL)
Bakre korsband (PCL)
Sideleddband på innsida av kneet
Sideleddband på utsida av kneet
Det framre og bakre korsbandet forhindrar lårbeinet og leggbeinet i å gli for langt framover eller bakover. Sideleddbanda forhindrar røyrsle frå side til side.