Hofteprotese
Slitasjegikt, også kalla artrose, er den mest vanlege årsaka til at ein set inn ei hofteprotese. I dei fleste tilfella oppstår slitasje utan at ein kjenner årsaka, men genetiske forhold spelar ofte ei rolle.
Når ein har ein slitasje i hofta prøver ein først med smertestillande og fysioterapi. Om dette ikkje gjev tilstrekkeleg lindring, kan protesekirurgi vere nødvendig for å betre funksjonen og gje mindre smerter.
Vi brukar som oftast ei usementert protese, men dersom beinkvaliteten er dårleg, må vi bruke sement for å feste protesa. I samband med operasjonen er det aktuelt med to ulike tilgangar for å sette inn protesa; framre og bakre tilgang. Dette informerer operatør deg om når du er på poliklinikken før operasjonen. Like etter operasjonen kan du belaste det opererte beinet inntil smertegrensa. Dersom ortopeden eller behandlande fysioterapeut gjev deg andre restriksjonar i høve belastning, er det desse som er gjeldande.
Praktisk informasjon til deg som skal opererast
Skal eg fortsette med dei vanlege medisinane mine før operasjonen?
Kor lenge vert eg sjukmeld?
Kan eg halde fram i den vanlege jobben min?
Er det normalt at hofte/lår er misfarga etter operasjonen?
Er det normalt at eg er hoven i det opererte beinet?
Kan eg dusje og bade etter operasjonen?
Når kan eg starte med sport igjen?
Kan eg få operert begge hoftene samtidig?
Kor lang tid skal det gå før eg eventuelt kan operere den andre hofta?
Kor mange hofteproteseoperasjonar blir utført årleg?
Planlegg korleis du skal komme deg til og frå sjukehuset.
Du må sjølv organisere transport og det beste for deg er om du kan bli henta. Ta kontakt med Pasientreiser dersom du er usikker. Ein får dekka standardsats hjå pasientreiser. Ein får ikkje noko ekstra for eigen bil eller sjåfør, då ein etter ein slik operasjon er i stand til å bruke offentleg kommunikasjon om ønskjeleg.
Overnatting
Førde sentralsjukehus
Treng du overnatting natta før du skal innleggast? På Førde sentralsjukehus finns det pasienthotell.
Lærdal sjukehus
Treng du overnatting natta før du skal innleggast? Det er pr i dag ikkje pasienthotell i Lærdal, men i sentrum finn du fleire overnattingsstadar. OBS: merk deg avstanden mellom sentrum og sjukehuset.
Nokre av dei er kun åpne i sesong. Ellers vil du og finne overnattingsmoglegheiter i Sogndal og Årdal.
Innkjøp av mat
Planlegg innkjøp slik at du slepp å reise på butikken dei fyrste dagane etter at du kjem heim.
Opprett kontakt med ein fysioterapeut
Dersom du ikkje har hatt fysioterapi før operasjonen tilrår me deg no til å orientere deg om fysioterapitilbodet på heimstaden din. Du treng ikkje henvisning for å få behandling av fysioterapeut, ta direkte kontakt og avtal behandlinga.
Opprett kontakt med kommunen
Dersom du trur du vil trenge kommunal rehabilitering, eller heimesjukepleie, kan det vera lurt å ta kontakt med kommunen på førehand for å førebu dei på at du vil trenge hjelp.
Alle leddproteser har blitt følgt opp i eit register i Norge sidan 1987 (Nasjonalt register for leddproteser). Dette har hatt mykje å seie for å kunne følge opp kvaliteten på protesekirurgien.
Vi oppfordrar deg til å gje ditt samtykke til at også din operasjon kan registrerast. Dette blir gjort fyrste gong når du er på poliklinikken den dagen du vert førebudd til operasjon. Operatøren fyller ut eit skjema etter operasjonen. Etter eitt år vil du få tilsendt eit spørjeskjema som du skal svare på.
Det er Helse Bergen og Haukeland Universitetssjukehus som styrer registeret.
Sjukdom og hud
- Forkjøling, feber, urinvegsinfeksjon eller andre infeksjonar i kroppen.
- Sår, rifter eller kviser på huda rundt operasjonsområdet, då det kan vere inngangsport for bakteriar.
- Sår andre stader på kroppen.
- Vore innlagd på sjukehus eller gjennomgått kirurgiske inngrep (inkludert tannbehandling) sidan proteseoperasjonen vart bestemt.
- Er du plaga med hyppig urinvegsinfeksjon bør du ta ei urinprøve hos fastlegen din seinast tre veker før operasjonen. Er det aktuelt, kan legen din starte behandling raskt slik at du er klar til operasjon som planlagd.
- Har jobba på sjukehus i utlandet siste 12 månadene. Prøver for MRSA, ESBL og VRE må da takast.
Tannstatus
Røyking
Medisinar
Heimesituasjonen
Heimreise
Råd frå fysioterapeut
Førebuingar dagen og kvelden før operasjonen
- Du sjekker inn på pasienthotellet eller sengepost dagen før operasjonen. Klokkeslett står i innkallingsbrevet.
- Du må vere på rommet ditt på pasienthotellet i 19-tida for å få tatt blodprøver.
- Om kvelden skal du dusje og vaske deg med ei spesiell såpe kalla Hibiscrub. Denne og anna utstyr/klede du treng, får du av personalet på pasienthotellet. Dersom du har eksem, psoriasis eller er allergisk mot Hibiscrub, skal du bruke såpe som du nyttar til vanleg. Blir du innlagd på sengepost dagen før operasjonen, får du hjelp av personalet til desse gjeremåla. Personalet på pasienthotellet kjem med dine personlege eigendelar til sengeposten for deg.
- Du skal faste frå klokka 02 natta før. Du kan drikke klare væsker (kaffi utan mjølk eller fløyte, te, vatn, saft og juice utan fruktkjøtt) inntil to timar før operasjonen. Er ein tidleg oppe, kan det vere ein fordel å ta seg litt drikke.
- Ein skal ikkje røyke eller snuse dei siste to timane før operasjonen.
Store ortopediske inngrep vil vera forbunde med smerte dersom ein ikkje gir tilstrekkeleg smertestillande behandling.
Vi har eit omfattande smertebehandlingsprogram som gir den nødvendige smertelindringa.
Opplegget byggjer på ein basisbehandling som består av smertelindrande og betennelsesdempande medikament. Nokre vil ha behov for ytterligare smertebehandling. Medisinane vil ikkje ta vekk all smerte, men er meint til å halde det på eit nivå der du har et bra (blå/grøn sone på skalaen under). Det er ikkje farleg å ha sårsmerter og det betyr ikkje at noko er gale.
For å få best mogleg smertebehandling, er det viktig at du er åpen og ærleg om evt tidlegare forbruk av smertelindrande medikament. Det oppgir du ved samtale med lege på poliklinikken, eller når du kjem til avdelinga. Då er det lettare for oss å tilpasse behandlinga optimalt.
Det er og viktig å tenkje på at sosiale forhold (samlivsbrot, tap av arbeid, kven bur pasienten med, pågåande belastningar relatert til anna enn ortopediske problem, kulturell bakgrunn), psykiske forhold (angst/depresjon, tap i nær relasjon, alvorlig sjukdom i nær relasjon, motivasjon, opplevelse av tap av kontroll, smertefokusering), og fysiske forhold (som fysisk aktiviet, sjukehistorie), kan ha noko å seie for både det postoperative forløpet og smertebehandlinga.
For å måla effekten av den smertebehandlinga du får, brukar vi ein analog smerteskala (sjå bilete under). Denne går fra 0 til 10 og gir oss et mål på ditt behov for smertestillande medikament. Her står det og litt forklaring på tala, slik at du kan lettare setje tall på smerten du opplever. Når vi spør deg om kor sterke smerter du har på ein skala frå null til ti så er det denne skalaen vi meiner.
Behovet for smertestillende medikament er størst dei første dagane etter operasjonen. Det er viktig at du gir beskjed dersom smertene går ut over søvn, avspenning og trening, slik at du kan få meir smertestillande.
Aktivitet/førebygging av komplikasjonar
Sår/sting/stifter
Smerter
Hevelse/blodansamling
Røntgenkontroll
Bilkøyring
Kontroll etter operasjonen
Sjukemelding
Flyplass
Fysioterapi
Dette skal du gjere etter operasjonen:
- Når du sit på ein stol og skal bøye deg ned til golvet, ha alltid føtene samla og knea ut til sidene.
- Bøy deg alltid ned mellom knea.
- Løft beinet opp med hofta vridd utover. (Utoverrotert hofte).
Vanlege restriksjonar ved denne typen hofteoperasjonar:
- Unngå å krysse beinet over ei tenkt line midt gjennom kroppen.
- Unngå å bøye i hofteleddet samstundes som du vrir beinet innover (tærne skal ikkje peike innover).
- Unngå å strekke i hofteleddet (føre beinet bakover) samstundes som du vrir beinet utover (tærne peikar utover).
Sirkulasjonsøvingar:
- Bøy og strekk i anklane.
- Trekke opp kneet med hælen langs madrassa.
- Stram lår og sete – slapp av.
Krykkegange/trappetrening:
Trening etter utskriving:
Øvingar du skal gjere etter operasjonen
Sidelengs vektføring
Ståande tåhev med støtte
Sitjande knestrekk
Reise og sette seg med lett støtte
Knebøy med støtte
Ståande hoftebøy med støtte
Ståande bakoverføring av bein med støtte
Fysisk aktivitet
- Om du får det til, kan du kan sykle på ergometersykkel. På vanleg sykkel når det er forsvarleg.
- Du kan svømme 3-4 dagar etter at stinga har blitt fjerna, og etter 3 veker dersom det ikkje er sting som skal fjernast og såret har grodd.
- Vi frarår jogging, då dette kan medføre auka slitasje og kortare levetid for protesa.
- Du kan gå langrenn og køyre alpint. Kvar enkelt må vurdere i kva grad dei har ferdigheiter til å utføre slik aktivitet innanfor akseptabel risiko.
Infeksjon
Sår
DVT/blodpropp
Luksert hofte
Beinlengdeforskjell
Proteseløysning
Ta kontakt med fastlege om det skulle vere spørsmål om komplikasjonar etter operasjonen. Fastlegen kan vise deg vidare til sjukehus ved behov.