HELSENORGE

ØNH/kjeve avdeling

Øyre-nase-hals:
Vi utgreier og behandlar dei fleste ØNH-tilstandar og utfører dei vanlegaste kirurgiske inngrepa. Som oftast skjer dette som dagkirurgi, men vi har og sengeplassar for innlegging. Vi har hørselsentral, allergipoliklinikk og søvnlaboratorium. Innlagde pasientar ligg på barneavdelinga, kirurgisk- eller kreftsengepost.

Kjevekirurgisk:
Vi gjev tilbod til deg som har behov for undersøking og behandling av sjukdomar i tenner, munn og kjeve. Du må vere tilvist frå tannlege eller lege. Operasjonane blir oftast gjort med lokalbedøving, av og til i narkose. Den offentlege tannhelstenesta i Sogn og Fjordane utfører tannbehandling i narkose hos oss.

Fann du det du leita etter?