Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sexologisk rådgjeving for enkeltpersonar og par

Vi kan tilby hjelp til enkeltpersonar eller par med ulike seksuelle problem, og kan gje råd om førebygging av helseplager, og meistring av seksuelle utfordringar.

Et tre med røde prikker

Sexolog Karianne Røssummoen Øyen tilbyr rådgjeving til enkeltpersonar og par.

En kvinne med blondt hår

Karianne Røssummoen Øyen

Sexolog

Karianne Røssummoen Øyen er medlem i Norsk forening for klinisk sexologi, og har helsefagleg bakgrunn. Ho er utdanna kreftsjukepleiar, kommunikasjonsinstruktør, og har masterutdanning i tillegg til utdanning som sexologisk rådgjevar.

Kjende problemstillingar ein møter ofte:

  • Seksuelle funksjonsvanskar etter sjukdom, skade eller behandling.
  • Problem med lyst, ereksjon eller lubrikasjon (tørr skjede).
  • Ulike smertetilstandar
  • Identitetsutfordringar knytt til kjønn og seksualitet
  • Variasjon av seksuelle tenningar som blir opplevd som problematike
  • Traumereaksjonar etter seksuelle overgrep.

Sexologen kan gje råd om vidare behandling eller tiltak ut frå eit tverrfagleg perspektiv, og ikkje minst bidra til å snakke om kva som er vanleg og naturleg. 

Det blir arbeidd ut i frå den biologiske, psykologiske og sosiale modellen, og vi tenkjer heilheitleg rundt kvar enkelt pasient. 

Tilvising: Fastlege eller legar på sjukehuset kan tilvise.

Strategi for seksuell helse

Helse- og omsorgsdepartementet understrekar i sin strategi for seksuell helse (2017-2022) at god helse er meir enn fraåvær av sjukdom. Helsa vår inneber også eigen seksualitet, og vårt forhold til denne. God seksuell helse er ein ressurs gjennom heile livet, frå tidleg barndom til vi eldast. Seksualiteten kan fremme livskvalitet og meistringsferdigheiter. Samtidig kan den generelle helsetilstanden også bli påvirka i negativ retning. Det å nærme seg temaet inneber at ein nærmar seg temaet på ein respektfull og positiv måte.

Aktuelle lenkjer

Sist oppdatert 18.12.2023