Praktisk informasjon

Døgnrytme/måltid

Ved kvinneklinikken er det dei innlagte kvinner som får mat i avdelinga. Identitetsband på handleddet gjer at du kan forsyne deg med mat i pasientkafe i 7. etasje (rett utanfor heisane) eller du kan forsyne deg i disken med mat for pasientar i kantina i 2. etasje. Personalet hjelper deg sjølvsagt med matservering ved behov.

Følgje/pårørande må ta med eller kjøpe eigne måltid i personalkantina i 2. etasje eller kiosken og kafe i 1. etasje. Har du som følgje/pårørande fått rom på pasienthotellet eller bur på rom med mor og barn, kan du få matkort etter avtale med pasienthotellet i 6. etasje.

Er du som pasient i avdelinga i form til det, oppfordrar vi dykk som par å ete saman i personalkantina i 2. etasje. Følgje har tilgang på kaffi, te og drikke i høve med fødsel. Dette finn de på dagligstova på føde-/barselavdelinga.

kafe_6_etasje_web.jpg

Matservering for Kvinneklinikken

Kvardagar:
Frukost klokka 08.00-10.00
Lunsj klokka 11.30-12.30
Middag klokka 15.00-16.00 (til klokka 16.30 i 2. etasje)

Helg og sommarferie:
Frukost klokka 08.00-10.00
Middag klokka 12.00-13.30 (til klokka 15.00 i 2. etasje)
Kveldsmat for inneliggande kvinner i avdelingar står framme i disk i pasientkafe i 7. etasje frå klokka 18.00.

Rom/Pasienthotell
Kvinneklinikken har både enkeltrom og fleirmannsrom. Enkeltrom fordelast nøye utfrå ulike behov hos kvinnene i avdelinga. Om mogleg prøver vi å legge til rette for at far/partnar kan overnatte saman mor og barn. Dersom ikkje dette er mogleg kan du ta kontakt med pasienthotellet i 6. etasje for rom.

Registrering på pasienthotellet:
Hugs at om du som partnar har rom i avdelinga saman med mor og barn skal du registrere deg med namn i resepsjonen på pasienthotellet i 6. etasje. Er det stengt i 6. etasje registrerer du deg i resepsjonen ved inngangen i 1. etasje.

Kvinneklinikken som undervisningsavdeling
Kvinneklinikken er ein utdanningsinstitusjon. Dette betyr at du som pasient kan møte medisinar-, jordmor- og sjukepleiarstudentar under utdanning, og desse vil kunne vere involvert i di behandling. 

Bruk av mobiltelefon:
Vi ber pasientar å ta omsyn til andre pasientar på rom og i avdelingen ved bruk av mobiltelefon. Hos oss har vi mange slitne og trøytte kvinner etter operasjonar og fødsel som trenger mykje ro og kvile.

Les meir om trådlaust internett

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.