Når det gjeld partners tilstedeværelse på fødeavdeling venter vi per dags dato på nye retningslinjer frå Helse Vest RHF.
Fødepoliklinikk/Gynekologisk poliklinikk/Samtalepoliklinikk og Ammepoliklinikk
- Far/medmor kan vere med på rutineultralyd
- Andre polikliniske konsultasjonar, utan fylgje
- Individuelle omsyn ved særskilte behov
- På Samtalepoliklinikk kan ein etter avtale ha med partnar
- På Ammepoliklinikk kjem mor og barn åleine
Besøk på gynekologisk sengepost
- Gyn-pasientar kan ha besøk av 1-2 pårørande pr dag etter avtale med gynekologisk personell. Tlf: 57839253
Fødsel og barselopphald ved kvinneklinikken Helse Førde
Smittevern Helse Førde tilrår følgjande 11.03.21:
FØDSEL
- Fødande og partner blir rekna som ein kohort og skal screenast med spørsmål på vanlig måte før eller ved innkomst.
- Ved negativ screening får partner vere med ved innleggelse på FØDESTUE. (treng ikkje vente til aktiv fase av fødsel)
- Ved igangsetting av fødsel der kvinna ligg på ventestue i påvente fødsel slepp ikkje partnar inn på sjukehuset før kvinna blir overflytta fødestue.
- Ved positiv screening (karantene, isolasjon, symptom) får partner ikkje komme inn i sjukehuset.
- Systematisk bruk av hurtigtest er pr.no ikkje eit tiltak i Helse Førde sitt område. (viser til helsedirektoratet sine anbefalinger fra 26.02.21)
- Partnar kan vere med på keisarsnitt
- Dersom partnar ikkje kan vere med, kan du ta med deg ein anna nær person under fødsel.
BARSEL
- Det er dessverre ikkje mogleg med familierom på barselavdelinga slik situasjonen er no. Unntak gjeld berre der det er journalført medisinsk grunn til at partnar skal vere hjå barselkvinna.
- Far/medmor kan kome på barselbesøk 1 time pr dag. Når mor og Far/medmor har avtalt tidspunkt, gjev mor beskjed til personalet som kontakter resepsjon slik at far/ medmor slepp inn.
- Sysken/andre pårørande kan ikkje kome på barselbesøk
- Mor og barn skal ikkje ta imot barselbesøk utanfor avdelinga under barselopphaldet
Hugs avstand til andre, god handhygiene, god hostehygiene, og godt humør
Polikliniske besøk ved God Start Lærdal sjukehus
- Far/medmor kan vere med på rutineultralyd
- Andre polikliniske konsultasjonar, utan fylgje
- Individuelle omsyn kan takast ved særskilde behov
- Ved polikliniske konsultasjoner i barseltida må mor og barn kome åleine.
Barselopphald ved God Start Lærdal sjukehus
- Far/medmor kan vere i avdelinga under barselopphaldet, men lyt avgrense trafikk inn og ut av avdelinga
- Sysken/andre pårørande kan ikkje kome på barselbesøk
- Dersom far/medmor ikkje overnatter med mor i barselopphaldet kan han/ho komme på vitjing 1 time pr dag. Om du ikkje har partnar eller partnar ikkje kan vere med kan du ha med ein anna nær person under barselopphaldet. Besøk avtalast med personalet ved å ringe God start 57640200
Polikliniske besøk ved God start Nordfjord sjukehus
- Far/medmor kan vere med på rutineultralyd
- Andre polikliniske konsultasjonar, utan fylgje
- Individuelle omsyn kan takast ved særskilte høve
- Ved polikliniske konsultasjonar i barseltida må mor og barn kome åleine.
Barselopphald ved God start Nordfjord sjukehus
- Far/medmor kan vere i avdelinga under barselopphaldet, men det er ikkje høve til å gå inn og ut av avdelinga.
- Sysken/andre pårørande kan ikkje kome på barselbesøk.