God start Nordfjord sjukehus
Barselpoliklinikk
Nokre foreldre reiser tidleg heim etter fødsel, og/eller har behov for ekstra oppfølging poliklinisk dei første vekene. Barselpoliklinikken ved God start Nordfjord tek i mot mor og/eller barn som treng oppfølging.

Tidleg heimreise etter fødsel
Nokre foreldre reiser tidleg heim etter fødsel, og/eller har behov for ekstra oppfølging poliklinisk dei første vekene. Barselpoliklinikken ved God start Nordfjord tek i mot mor og/eller barn som treng oppfølging i høve:
- ammerettleiing
- kontroll av sting etter fødsel
- blodprøver av barnet (nyfødtscreening, bilirubin)
- kontroll av barnet si vekt
- hørselstest av barnet
- anna rettleiing og råd
Ved behov kontaktar vi barnelege eller gynekolog.
Timebestilling
Dersom det er behov for det, vert time til barselpoliklinikk bestilt av jordmor før du reiser heim frå barsel. Du kan også sjølv ringe direkte til God start Nordfjord for å avtale tidspunkt.
Du kan også kontakte på telefon for råd. Konsultasjonen er gratis.
Tlf. 57 86 42 00, måndag til fredag kl. 13.00-15.00.
For andre henvendingar er telefonen bemanna heile døgnet.