Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stomi – seksualitet og samliv

Seksualitet har både fysiske, psykiske, sosiale og kulturelle aspekt og kan bli påverka av sjukdom og behandling. Kirurgiske inngrep som fører til stomi kan i tillegg til fysiske konsekvensar av sjølve inngrepet ha innverknad på oppfatning av kroppen din, sjølvkjensle og seksualitet. Mange kjenner seg mindre attraktive på grunn av kroppsforandringa og har tankar om det går an å ha eit normalt seksualliv.

Faktaboks: Hensikt

Formålet med dette punktet, er å komme med råd som i ei viss grad kan avgrense/lindre utfordringar med intimitet og seksualliv etter ein stomioperasjon.

 

Alle bilde: Helse Bergen

Kroppsbilde og sjølvtillit

En tegning av en person

Kroppsbilde og sjølvtillit er tett knytt til seksualitet. Kroppsbilde blir definert som oppfatninga vi har av eigen kropp, kva vi tenker og meiner om den, og kva vi trur andre meiner. Sjølv om du er førebudd på operasjonen og har god støtte frå omgivnadene rundt deg, kan den første tida etter stomioperasjonen kjennast vanskeleg og uføreseieleg. Den fysiske forandringa som følge av operasjonen, frykt for lekkasje frå stomibandasjen, lukt og lydar kan påverke parforholdet når det gjeld sex og seksualitet. Dette er heilt normale utfordringar etter ein stomioperasjon, vanlegvis finn ein gradvis ut av korleis ein kan handtere forandringa både fysisk og psykisk.

Det kirurgiske inngrepet og tilleggsbehandling

Det tar ofte noko tid å komme seg etter ein operasjon. I denne perioden går gjerne alle krefter med til det, slik at seksualitet blir sett på «vent». Likevel har mange eit stort behov for nærleik og ømheit. I nokre tilfelle fører tilleggsbehandling som strålebehandling, cellegift og hormonbehandling til at både lysta og evna til å ha samleie blir endra. Som følge av det kirurgiske inngrepet kan det oppstå anatomiske forandringar i bekkenet. Nerveforsyninga til kjønnsorgana kan bli påverka og funksjonen til organa kan bli endra.

Tips og råd for å halde oppe seksualitet etter ein stomioperasjon

En tegning av to personer

For å gjere den første tida etter operasjonen enklare, kan det vere lurt at partnaren også får informasjon om stomi. Partnar kan vere med på informasjonsmøte før innlegging på sjukehuset, under sjukehusopphaldet eller på kontrollar hos stomi- og kontinenssykepleier og lege. Sjølv om partnarar som regel ikkje deltar i stomistell, må hen likevel forhalde seg til stomiposen.

En tegning av en person

 

For å redusere usikkerheit om kva det å ha stomi inneber kan partnar for eksempel vere til stades under eit stomistell før utskriving frå sjukehuset. Sjølv om partnar gjerne berre ser posen, kan informasjonen auke innsikta i utfordringane dine. Det kan igjen gjere det enklare å snakke om korleis stomien påverkar intimitet og etter kvart også å diskutere kva som likevel kan fungere godt.

Dersom ein er singel og skal inn i eit nytt forhold er det oftast lurt å bli litt kjent med kvarandre og fortelje om stomien før ein har sex. «One night stand» der partnar ikkje er førebudd på at ein har pose på magen kan by på utfordringar.

Pasientorganisasjonar som NORILCO og Kreftforeningen har informasjon om det å leve med stomi og seksualitet.

Når ein kan ta opp att samleie etter operasjonen avheng av kva slags kirurgisk inngrep som er gjort. Kirurgen som utførte operasjonen, kan svare på kor lenge det bør gå før ein har samleie.

Det er vanleg at det tar litt tid før du kjenner deg klar. Både du og den du er intim med må kjenne dykk trygge. I denne perioden er det viktig å hugse på at intimitet også er kjærteikn, som å berøre, klemme og kysse.

Stomien kan ikkje bli skadd uansett samleiestilling, så prøv dykk gjerne fram med ulike stillingar. Det er viktig å fokusere på ømheit og nærleik.

Hugs at stomien ikkje må bli brukt til samleie – han kan skadast.

En tegning av en person
Hugs at intimitet også er kjærteikn, som å berøre, klemme og kysse.

Det er viktig at du kjenner deg trygg på at stomibandasjen held tett ved seksuell aktivitet. Tøm eller byt til ny stomipose. Prøv deg gjerne fram med ulike størrelsar på stomiposen og bruk fortjukkingsmiddel i posen om avføringa er laus og «skvulpar».

Alle stomiposar har eit filter som drenerer ut tarmgass slik at posen ikkje blåser seg opp. Filteret kan tettast med filterlapp ved laus konsistens på tarminnhaldet. I så fall kan fortjukkingsmiddel i posen, eller byte av stomiposen vere til hjelp.

Du ikkje skjule stomiposen, men dersom du ønsker det kan du bruke ulike belte. Belta held posen på plass. Belta kjem med eller utan lomme. Det finst også trekk til å ha på stomiposen. Nokre av desse produkta blir refunderte på blå resept.

Dersom ein praktiserer analsex, kan fjerning av endetarmen krevje stor tilpassing, både for den stomiopererte og partnaren. Samleie som involverer stomien, kan vere farleg. Dersom noko av endetarmen står att eller det er etablert bekkenreservoar, ber vi deg unngå analpenetrering.

Stomi- og kontinenssjukepleiar eller lege kan eventuelt vise til eigna rådgivar. Nokre sjukehus har tilbod om Sexologisk rådgivingspoliklinikk der pasienten sjølv kan ta kontakt med sexolog utan tilvising frå lege.

Redusert eller manglande ereksjon

Operasjonar som inkluderer fjerning eller skøyting av endetarm eller fjerning av urinblære kan skade nervar som sender signal til kjønnsorganet. Det kan også skje at nerven blir kutta. Skadd eller kutta nerve kan føre til nedsett evne til ereksjon og sædavgang. Av og til kan sæden gå inn i urinblæra i staden for å komme ut, og komme ut med urinen. Dette medfører at du blir steril.

Medikament og hjelpemiddel

Menn kan få medikament som kan stimulere til ereksjon. Dei kjem som tablettar, sprøyter som blir sette i svamplekamane (på penis) eller applikator til å sette inn i urinrøyret. Medisinane kan ein få på resept. Snakk med legen rundt val av eventuell behandling.

Ein kan også få hjelpemiddel for å stimulere til og halde oppe ereksjon som vibratorar, vakuumpumper og penisringar. Nokre av hjelpemidla blir dekte av NAV etter søknad frå lege.

Prevensjon

Kvinner bør diskutere prevensjon med lege. Dersom du har ileostomi kan det det vere at p-piller ikkje gir godt nok vern, da verkestoffet ikkje blir godt nok tatt opp. Det gjeld også dersom du har diaré eller infeksjon i mage-tarmsystemet. Tilleggsvern kan vere pessar eller kondom og for somme er spiral, p-sprøyte, p-stav eller p-plaster eit godt alternativ.

Fertilitet og graviditet

Du kan bli gravid og gå gjennom eit normalt svangerskap med stomi. Når magen veks kan stomien endre seg slik at du må justere holstørrelsen i stomiplata.

Medikament

Tørrheit i skjeden kan ha mange årsaker, som for eksempel redusert østrogenproduksjon ved overgangsalder og fjerning av eggstokkar. Andre årsaker kan vere overdriven vasking eller bakterievekst i skjeden. Visse typar cellegiftbehandlingar og bruk av medikament som reduserer slimproduksjonen kan også føre til tørr skjede. Det er ulike reseptfrie medikament som du kan teste. Reseptfri østrogenbehandling i form av vagitorier eller krem kan gjere slimhinna tjukkare og meir smidig. Dersom ein ikkje opplever betring etter 3–4 veker, bør ein kontakte lege.

Det er også mogleg få østrogenfrie legemiddel for fukting av skjeden i form av gel, krem og vagitorier. Glidemiddel kan vere til hjelp ved samleie. Desse kjem både som vassbaserte, silikonbaserte og oljebaserte gelar. Det er anbefalt å bruke vassbaserte, da desse kan bli brukte både utvendig og i skjeden. Dei treng heller ikkje å bli vaska bort.

Etter ein operasjon som inneber fjerning av endetarmen hender det at fasongen på skjeden blir endra fordi livmora vippar bakover i «rommet» der endetarmen var. Her kan det dannast ein «kulp» der sekret og bakteriar samlast. Sekretet hender det at tømmast ut når du endrar stilling eller under samleie. For å hindre at det skjer, kan du skylje skjeden regelmessig.

  • Bruk lunkent saltvatn 0,9 % eller vatn tilsett ei matskei eplecideredikk eller Lactacyd parfymefri såpe per 500 ml vatn.
  • Bruk ei sprøyte og kople på eit eingongskateter eller ei ballongsprøyte nr. 10 til skyljinga.
  • Spør stomi- og kontinenssjukepleiar om utstyr og framgangsmåte.

Hjelpemiddel

Under og etter gjennomgått strålebehandling kan skjeden bli lite elastisk, og det kan oppstå redusert fukting av skjeden og smerter ved samleie. For å halde skjeden tøyeleg og fleksibel kan du bruke dilator. Dette bør du begynne med allereie under strålebehandlinga. Behandlinga må oftast fortsette i lang tid etter avslutta strålebehandling. Dilatorer får ein som sett med fleire størrelsar, og dei blir dekte av NAV etter søknad frå lege.

Etter kirurgiske inngrep som involverer skjede, eggstokkar eller livmor, som for eksempel ved kreft i urinblære eller endetarm, kan skjeden bli trongare, kortare og mindre tøyeleg. Det kan bli nødvendig å kutte nervar som påverkar sensibilitet, fukting av skjeden og oppleving av orgasme. Følga kan vere at det oppstår arrvev og at hormonproduksjonen frå eggstokkar blir borte. I slike tilfelle er også dilator eit aktuelt hjelpemiddel. Legen avgjer når du kan ta i bruk dilator etter eit kirurgisk inngrep i skjeden.

Ein kan også få også ulike vibratorar som kan bidra til å auke stimulering, fukting av skjeden og oppleving av orgasme. Fleire av desse blir dekte av NAV etter søknad frå lege.

Årsaka til smerter ved samleie kan vere tørre slimhinner og trongheit. Tiltaka nemnde over som bruk av dilator, legemiddel for fukting av skjeden, østrogenbehandling og glidemiddel, kan førebygge smerter. Dersom skjeden har blitt vesentleg kortare kan dette medføre smerter for begge partar.  

Sist oppdatert 23.09.2024