Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva er ein stomi?

Stomi betyr munn eller opning. Ein stomi, eller utlagd tarm, er ei kunstig opning i bukveggen på magen, der tarmen er ført ut, vrengd og sydd fast til huda. Stomiopninga har ingen lukkemuskel. Avføringa eller urinen tømmer seg ukontrollert, og må samlast opp i ein pose. Stomi er eit resultat av ein operasjon som har til hensikt å fjerne sjukdomsårsaka eller lindre ein sjukdomssymptom eller følgetilstandar.

Hensikt

Formålet med denne informasjonen er å gi kunnskap om kva som kjenneteiknar dei ulike stomitypane, slik at ein kan handtere stell og bandasjering av stomien sin på rett måte.

 

Alle foto: Stomi- og kontinenssjukepleiarar i Helse Vest

Årsaker til tillaging av stomi

Når ein person får ein stomi, er det som regel på grunn av

  • kreft i tarm eller blære
  • betennelsessjukdommar i tarmen
  • avlasting for ein skøyt i tarmen
  • nevrologiske sjukdommar
  • alvorleg forstopping
  • inkontinensproblem
  • sirkulasjonssvikt i tarm
  • skadar i tarm og/eller urinvegar
  • medfødde misdanningar

Det er cirka 2000 nye stomiopererte i Noreg per år, og cirka 24.000 personar lever med stomi her i landet.

Mellombels eller permanent stomi

Stomiar kan vere mellombelse, eller permanente. Ein mellombels stomi har oftast to opningar, ein som fører stomiinnhaldet ut og ein som har samband til den delen av tarmen som er sett ut av funksjon/skal avlastast. Denne typen stomi blir kalla toløpa stomi, mens ein permanent stomi som hovudregel har éi opning og blir omtalt som einløpa stomi / endestomi. Dersom endetarmen ikkje er fjerna, kan det periodevis tømme seg litt tarmslim frå denne.

Nemning på stomi

Ein stomi kan bli laga til ulike stader på tarmen og får nemning deretter. Stomi på tynntarmen (ileum) blir kalla ileostomi, mens stomi på tjukktarm (colon) heiter kolostomi. Kolostomi kan igjen delast inn i transversostomi og sigmoideostomi, som angir at stomien høvesvis er plassert på den tverrgåande (midtre) delen og den nedste delen av tjukktarmen. Urostomi, også kalla «Brickerblære», er kirurgisk laga avleiing for urin.

Utforminga av stomien

Den delen av tarmen som stikk ut frå huda utgjer stomien. Optimalt skal han ha ei lengde på 1–3 cm. Sidan stomien blir konstruert ved at tarmen blir vrengd tilbake på seg sjølv, er det innsida av tarmen som vender ut. Den består av slimhinne, same som vi har i munnen. Slimhinna produserer slim. Derfor vil stomien sjå raud og fuktig ut. Den inneheld mange små blodårar, og kan blø litt under reingjering, særleg i starten. Det er heilt normalt og stoppar etter kort tid. Det er inga kjensle i stomien. Derfor gjer det ikkje vondt ved berøring. Ein stomi har ingen lukkemuskel, og stomiinnhaldet tømmer seg ukontrollert. Når tarmgassen tømmer seg, kan det forårsake lyd.

På grunn av handteringa av tarmen under operasjonen blir det hevelse i stomien. Denne hevelsen går tilbake i løpet av 4–8 veker.

 

Stomi
Hoven nyoperert stomi
Stomi
Hoven nyoperert stomi







 

 

 

 

Stomikonstruksjon

Tegning av en-løpet stomi

Illustrasjon: Marie Viola Fjelde

Einløpa stomi
Tegning av toløpet stomi

Illustrasjon: Marie Viola Fjelde

Toløpa stomi
Stomi
Éinløpa stomi / endestomi
Stomi
Toløpa stomi

 

 

 

 

Ulike tarmstomiar

 

Kolostomi med en åpning
Einløpa sigmoideostomi / endesigmoideostomi

Ein kolostomi blir oftast laga til på den nedre delen av tjukktarmen, og blir da kalla sigmoideostomi. Den har oftast berre éi opning. Vanleg plassering er på nedre venstre side av magen. Lengda på stomien er 1–2 cm. Stomiinnholdet frå denne typen kolostomi er vanleg avføring. Det vil seie halvfast til fast konsistens. Den har også vanleg avføringslukt og normalt gassutslepp.

Ein kolostomi kan også bli laga til på den tverrgåande delen av tjukktarmen. Da blir den kalla transversostomi. Plasseringa er oftast på høgre side under ribbeinsbogen. Transversostomien kan ha éin eller to opningar, men oftast to. Den stikk 1–3 cm ut frå huda, og måler cirka 5–8 cm i diameter. Fasongen er som oftast oval, på grunn av to opningar. Oppgåva til tjukktarmen er å suge opp væske frå tarminnhaldet og gjere det om til fast avføring når det når den nedre delen av tjukktarmen. Det betyr at innhaldet frå ein transversostomi vil vere lausare, ha meir tarmgass og vere meir irriterande på huda enn frå ein sigmoideostomi.

To løpet transversostomi
Toløpa transversostomi

Ein tynntarmsstomi blir vanlegvis laga til på den nedste delen av tynntarmen som blir kalla ileum, og derav namnet ileostomi. Den blir plassert på nedre høgre side av magen, og stikk 2–3 cm over hudnivå. Ileostomien kan ha éin eller to opningar, høvesvis einløpa ileostomi og toløpa ileostomi. Ved toløpa ileostomi ligg den fraførende opninga i hudnivå, mens den tilførande, der tarminnhaldet tømmer seg, stikk 2–3 cm over hudnivå.

Mengde tarminnhald frå ein ileostomi per døgn er avhengig av kor han er plassert på tynntarmen. Ved vanleg plassering på den nedste delen av tynntarmen (ileum) er mengda cirka 800 ml per døgn. Tarminnhaldet er tyntflytande og inneheld tarmenzym som er etsande på huda. Ileostomiinnhaldet har ei meir emmen lukt enn vanleg avføring, og kan likne på spedbarnsbæsj. Det er mindre gass frå tynntarmen enn tjukktarmen.

En persons hånd med en blodig finger
Ileostomi med to opningar
Et nærbilde av en persons hud med en rød blemme på
Éinløpa ileostomi / endeileostomi

 

Urostomi

Den vanlegaste typen urostomi er Brickerblæren. Den blir konstruert ved at eit stykke av nedste del av tynntarmen blir kutta av og blodforsyninga blir bevart. Tarmen blir sydd saman igjen, mens det isolerte stykket av tynntarmen blir lukka igjen i den eine enden og urinleiarane blir sydd inn i denne tarmbiten. Motsett ende blir ført gjennom ein laga opning i bukveggen.

Tarmen blir vrengd tilbake på seg sjølv og sydd fast til huda. Det er vanleg å plassere Brickerblæren på nedre høgre side av magen. Optimalt stikk han cirka 2–3 cm over hudnivå og ser ut som ein endeileostomi (tynntarmsstomi). Urostomien er ein enløpet stomi/endestomi. Brickerblæren er konstruert av tarm, så her vil det naturleg vere tarmslim og meir bakteriar. Tarmslimet blandar seg med urinen og gir ei spesiell emmen lukt, utan at det er infeksjon.

Et nærbilde av en persons hud med stomi
Nyoperert urostomi (Brickerblære)

Dei første 8–10 dagane etter urostomioperasjon har éin eller to stentar (små røyr) i stomien. Desse går opp i urinleiaren/urinleiarane for å sikre avløp for urinen, sidan operasjonen fører til hevelse.

Det er ingen lukkemuskel i ein urostomi. Det vil seie at urinen tømmer seg utan kontrollen til viljen. Ein urostomioperert er litt meir utsett for å få urinvegsinfeksjon, fordi det er kortare veg opp til nyrebekkenet, sidan urinrøyret er fjerna eller kopla frå.

Urinprøve frå urostomi tar ein med kateter som ein fører inn i stomien og merkar prøva med at det er urin frå urostomi.

Retningslinjer for urinprøvetaking ved urostomi

Kart
Urinvegane
Diagram
Urostomi som Brickerblære

 

Sist oppdatert 23.09.2024