Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dagkirurgisk senter

Stadig fleire kirurgiske inngrep blir gjennomført på ein slik måte at du kan reise heim same dag som inngrepet er utført. Dagkirurgiske inngrep utgjer over halvparten av dei planlagde operasjonen i Helse Førde.

Personalet som arbeider fast ved seksjonen er i hovudsak anestesisjukepleiarar operasjonssjukepleiar og sjukepleiar. Vi har eit godt tverrfagleg samarbeid med operatørar og anestesilegar. Vi har god logistikk og eit godt samarbeid mellom dei ulike avdelingane på sjukehusa.

Ulike formar for smertelindring og narkose blir nytta for at pasienten skal ha det best mogleg under og etter inngrepet.

Vi er stolte over å ha mange dyktige medarbeidarar i dei ulike avdelingane, som kan gje den beste behandlinga innanfor sine fagfelt!

Vi jobbar kontinuerlig med å oppretthalde høg pasienttilfredsheit i avdelinga.

 

Dagkirurgisk senter ligg i avdeling for akuttmedisin attmed hovudheisane i 2. etasje.

Det er ei eining som ligg nær intensiv, anestesi og operasjonsavdelinga, med dedikerte personale. Alle dagkirurgiske pasientar som skal til eit kirurgisk inngrep samt pasientar som skal innleggast i etterkant, møter på dagkirurgisk senter.

Du møter i ekspedisjonen i 2 etg. og blir registrert av serviceinnstilte sekretærar.

Du møter i ekspedisjonen i 1. etasje og blir registrert av serviceinnstilte sekretærer. Derfrå vert du følgt til operasjonsavdelinga som ligg i 2.etasje. Operasjonsavdelinga er tilrettelagt for effektiv pasientlogistikk. I førebuingsarealet som også blir brukt til oppvakningsareal, brukar vi kvilestolar.

Anestesitilsyn
De ulike sjukehusa i Helse Førde kan sende pasientar til NSH for å ta anestesitilsyn, då NSH har anestesilege til ei kvar tid.

Ulike fagområder
Dagkirurgen på NSH utfører inngrep innan følgjande fagområde: ortopedi, urologi og auge.  

Dagkirurgiske pasientar ved NSH skal være friske og ikkje ha ein underliggande sjukdom. Barn må vere over 15 år. I tillegg kan vekta (BMI) ikkje vere over 35. Dette blir vurdert for kvar pasient.

Logistikk
Pasientane blir ringt opp før time for å gå gjennom ei sjekkliste. Første virkedag etter inngrepet vert du ringt opp igjen og då ønskjer vi å høyre korleis du har det, og om det er noko du har spørsmål om. 



 

Kontakt

Postadresse

Helse Førde, Dagkirurgisk senter, postboks 1000, 6807 Førde.

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 2. etasje ved Førde sentralsjukehus.
På Nordfjord sjukehus er det oppmøte i resepsjonen.
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

En person som sitter på en benk foran en bygning

Nordfjord sjukehus

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Klart eg kan - NRK - Thea på Førde sentralsjukehus

Thea må alltid passe ekstra på når ho skal ete slik at ho ikkje set maten fast i halsen. Mandlane i halsen er store og gjer det vanskeleg å ete og puste. No skal Thea operere vekk mandlane, men ho gruar seg til operasjonen og er redd det vil gjere vondt.
Sjå episoden på NRK3
thea_nrk_3.JPG