Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kurs i akuttmedisin for legevaktpersonell

Helse Førde gjennomfører praktisk kurs i akuttmedisin for personell i legevakt. Kurset er primært retta mot helsepersonell i Helse Førde sitt nedslagsfelt. Ved fullteikna kurs, kan kursplassar bli prioritert til kommunar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Ut 2022 hadde Helse Førde tenestekonsesjon frå Helsedirektoratet på kursgjennomføring.

Frå 2023 vert det ikkje lenger gitt kommunale tilskot til oppfølging av akuttmedisinforskrifta, men tidlegare arrangørar står fritt til å tilby kurset som tidlegare. Helsedirektoratet jobbar for å få til ei samordning av akuttmedisinkursa for legevaktpersonell, LIS-kurs og andre kurs. 
 
Dette kurset dekkjer kravet til klinisk emnekurs (15 poeng) i akuttmedisin for spesialiteten i allmennmedisin, samt krav til legar og anna personell ved legevaktene som deltar i klinisk pasientretta arbeid. Legeforeininga har godkjent som emnekurs for åra 2023 og 2024.  
 
Kurset er basert på nasjonalt e-læringskurs som må vere gjennomført før oppmøte.  Praktisk to-dagars kurs vert gjennomført med hovudvekt på ferdigheitstrening, samtrening og kommunikasjon.
 

Komande kurs​​

​2024

4. - 5. mars: Akuttmedisinsk Legevaktkurs (24 plassar)

5. mars: Nødnett Radiobrukarkurs (15 plassar)

6. - 7. mars: Akuttmedisinsk Legevaktkurs for LIS 1 i kommunehelsetenesta (24 plassar)


Påmelding: Lærlingsportalen

 

​Kursstad

Førde sentralsjukehus, 6807 Førde

Målgruppe

Legevaktpersonell, inkludert legar i vakt (fastlege og andre legevaktslegar) samt sjukepleiarar og andre personellgrupper i legevakta.

Læringsmål

  • Kurset skal gjere deltakarane i stand til å identifisere pasientar med akutte livstrugande tilstandar og avdekkje svikt i vitale funksjonar gjennom ABCDE undersøking.
  • Deltakarane skal lære basale akuttmedisinske praktiske ferdigheiter og prosedyrar og kjenne til når desse skal brukast.

  • Deltakarane skal lære grunnleggjande akuttmedisinske prinsipp og tenkjemåtar.

  • Kurset skal sikre trening i tverrprofesjonelt samarbeid i akuttmedisinske team og samhandling med øvrige ledd i det akuttmedisinske nettverket, samt andre naudetatar.

  • Kurset skal sikre kjennskap til lokale forhold og rutinar i akuttmedisinske situasjonar.
  • Det skal vere tid og rom for refleksjon kring eiga rolle i det akuttmedisinske teamet og i det akuttmedisinske nettverket.

Hovudtema

  • Luftvegshandtering, assistert ventilasjon, pleurapunksjon, C PAP, Oksygenbehandling
  • Helsepersonell hjerte-lungeredning HHLR

  • Sirkulasjonsproblematikk og blødningskontroll

  • Behandling av akutt hjertesjukdom (trombolyse/PCI)

  • Prehospitale prinsipp ved traumehandtering, transportstabilisering, opptreden på skadested

  • Bruk av samband, kommunikasjon, CRM

Kurset vert gjennomført i tråd med rammeplan utarbeidd av Nasjonalt kompetansesenter for legevaktsmedisin (Norce), med lokal tilpassing og omsyn på lokale forhold i Helse Førde sitt ansvarsområde.

Del 1 – Nettkurs (e-læring)

Nettkurset skal vere gjennomført før den praktiske delen, og du må dokumentere at kurset er gjennomført før du kan ta det praktiske kurset. Administrasjonsgebyr for kurset er for tida 350 kroner per deltakar. 

Varigheit: 7 timar

Kurslenkje: Nettkurs i akuttmedisin for legevaktpersonell (uni.no)

Kursgodkjenning​​

  • Lege: Godkjent av Legeforeningan som 7 timar teljande kurs til spesialitet i allmennmedisin (vidare- og etterutdanning).
  • Sjukepleiar: Godkjent av Norsk sykepleierforbund som meriterande for godkjenning til klinisk spesialist i sjukepleie/spesialsjukepleie med 7 timar.
  • Helsesekretær: Godkjent av Helsesekretærforbundet som 7 timar teljande kurs til klinisk fagstige for autoriserte helsesekretærar.

Kursbevis: Kurset ligg på NKML: Alle kurs (uni.no). Dette gjer både registrering og utferdig av kursbevis enkelt og oversiktleg. Kursbeviset blir liggjande i portalen og kan hentast fram ved pålogging.

Del 2 – praktisk kurs​​

Varigheit: 15 timer over to kursdagar.
Timeplan: Ligg tilgjengeleg i påmeldingsmodul

Kursgodkjenning​​

  • Lege: Godkjent av Legeforeningen som 15 timar teljande emnekurs til spesialitet i allmennmedisin (vidare- og etterutdanning).
  • Sjukepleiar: Godkjent av Norsk sykepleierforbund som meriterande for godkjenning til klinisk spesialist i sjukepleie/spesialsjukepleie med 15 timar.
  • Helsesekretær: Godkjent av Helsesekretærforbundet som 15 timar teljande kurs til klinisk fagstige for autoriserte helsesekretærar.

Kostnad​​

​Helse Førde fakturerer kr 7000 per deltakar. Kursavgift dekkjer lunsj og kaffimat for begge dagar. Avmelding seinare en​​​n 7 dagar før kursstart fakturerast full kursavgift.  ​

 

Sist oppdatert 23.01.2024