Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ambulanseoppdraget - informasjon til deg som brukar av tenesta

Målgruppa for denne informasjonen er pasient og pårørande ved ambulanseoppdrag, men også deg som er interessert i å vite meir om korleis ambulansetenesta arbeider. Informasjonen handlar mest om planlagte oppdrag, men vi har også med litt om øyeblikkeleg hjelp-oppdrag.

Alle ambulanseoppdrag vert rekvirert og koordinert gjennom AMK-sentralen i Førde. Oppdraga vert fordelt på hastegradene akutt, hastar, vanleg og planlagt oppdrag. Dette skjer ut frå eit nasjonalt beslutningstøtteverktøy kalla norsk indeks for medisinsk nødhjelp.

Nær tre av ti oppdrag er planlagde oppdrag, som til dømes overflyttingsoppdrag mellom sjukehus, kommunale institusjonar eller poliklinisk oppdrag. Desse oppdraga har låg hastegrad og vert i hovudsak utført av transportambulansar på dagtid.

Bestillin​​​g av oppdrag/ressursutnytting:

Oppdrag mellom sjukehus skal som hovudregel vere bestilt frå avdelingane klokka 13.00 dagen før. Som regel vil pasient bli orientert om forventa avreisetidspunkt kvelden før turen.

Vårt mål er å gje ei best mogeleg teneste til alle brukarane. Oppdraga må likevel utførast og prioriterast etter korleis den totale aktiviteten i ambulansetenesta er på det aktuelle tidspunktet. Dette tek utgangspunkt i talet pågåande oppdrag i området, og tilgjengeleg akuttberedskap i distrikta for akutt sjukdom og skade. Desse faktorane kan endre seg raskt, og påverke planlagte turar.

Ambulansar som har levert pasientar ved sjukehusa, vil om mogeleg bli nytta til returtransport. Dette kan i nokre tilfelle forskyve reisetidspunktet. AMK-sentralen prøver så godt som råd å halde avdelingar og rekvirentar oppdaterte på eventuelle endringar.

Reis​etid:

Under vanlege omstende reknar vi fylgjande reisetider mellom sjukehusa:

  • Nordfjord sjukehus - FSS                    2 timar (10 minutt ferje)
  • Lærdal sjukehus – FSS                         2 timar 15 minutt (15 min ferje)
  • Lærdal sjukehus – Haukeland            3 timar  
  • FSS – Haukeland                                   3 timar (20 minutt ferje)
  • Nordfjord sjukehus – Haukeland       5 timar (inkl. to ferjer)

N​​yttig informasjon:

  • Ambulansane i Helse Førde har lik standardutrusting. Innreiinga i bilane varierer mellom biltypane tenesta nyttar, VW Caravelle, VW Amarok og Mercedes Sprinter.
  • Ambulansane har minimum topersonars bemanning. Lærlingar som er under opplæring gjer at det kan vere fleire i bilen. Difor er det viktig at pårørande som vil følgje med under transport, melder frå om dette så tidleg som råd. På den måten kan vi planleggje og sikre plass til alle.
  • For nokre pasientar kan det vere ønskjeleg å sitje i stol under transport. Dette bør kome fram ved bestillinga av oppdrag. Utgangspunktet er at pasient skal liggje under transport.
  • Av tryggleiksomsyn vert pasienten festa med firepunkts belte og skulderstropper. Krav gjer til at pasientar må liggje med hovudet i køyreretning. For barn er det eige sikringsutstyr, avhengig av om barn ligg eller sit på fang.
  • Bagasje må avgrensast til ein liten koffert eller bag. Alt av objekt og gjenstandar skal vere forsvarleg festa under transport.

Planleggi​​​ng før avreise

Planlegging av oppdraget er avhengig av reiserute og medisinsk problemstilling. Ambulansepersonellet vil ofte innhente ein kort rapport frå avdelinga og sikre seg å få med nødvendige papir, medisinar, bagasje og liknande. For lengre avstandar er det lurt å få i seg mat før avreise, eller få med mat eller frukt frå avdelinga. I ambulansen har vi vatn til tørste pasientar som ikkje skal faste.

Tobåreambu​​lanse

Transport med tobåreambulanse har eigne retningslinjer. Tenesta har tobårebilar ved stasjonane Eid, Lærdal og Førde. AMK-sentralen vil i dialog med rekvirent /avdeling kvalitetssikre at pasientar kan dele ambulanse. Dette kan vere pasientar allereie ligg i same avdeling eller skal til same distrikt eller sjukehus. Pasientane skal ha eit stabilt sjukdomsbilde og ikkje bære smitte, for å nemnte eit par kriterium.  Slik transport skjer hovudsakleg på aksane mellom sjukehusa i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, og mot Haukeland universitetssjukehus.

Pårøra​nde

Vi prøver i størst mogeleg grad å la pårørande få følgje med i ambulansen. Ønskje om pårørande må meldast til AMK Førde når oppdraget vert bestilt. Slik unngår vi å måtte avvise pårørande. For born og enkelte andre pasientgrupper tek vi særskilt omsyn til pårørande. I tobåreambulanse er det i utgangspunktet ikkje plass til pårørande når det er to pasientar på same transportakse.

Byte av ambu​​lansebil

Oppdrag over lange avstander kan bli gjennomført som etappetur, altså med byte av ambulansebil og/eller personell. Årsak til dette kan vere koordinering av samla aktivitet, ivaretaking av overordna beredskap i fylket og samla belastning på tilsette som jobbar døgnvakter. Slikt byte skjer ved at pasienten ligg på same båre, og vert trilla over i ventande bil på skjerma stad. Slike byte skal berre skje når det ikkje påverkar pasienten sin tilstand. 

Konta​​kt oss:

Vi har forståing og respekt for at pasientar og pårørande som brukar våre helsetenester, kan vere i vanskelege livsituasjonar. Det er vårt mål at de skal oppleve ei god og omsorgsfull ambulanseteneste av høg kvalitet. 
I eit fylke med lange avstandar kan turen med ambulanse ofte bli ramme rundt ein god samtale mellom pasient og ambulansepersonell.

Vi ønskjer deg velkomen om bord til oss!  

Har du tilbakemeldingar på forhold rundt ambulansetenesta vår, kan du sende e-post til

ambulanse@helse-forde.no

eller vanleg brev til

Helse Førde, ambulansetenesta, postboks 1000, 6807 Førde.

Sist oppdatert 28.12.2022