Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Tinnituskurs November - 24

2 dagars opplæring for deg som har fått diagnosen Tinnitus og dine pårørande.

12.
november
2024
2 dagar
  1. 12. nov. 2024, 09:00 - 14:45
  2. 13. nov. 2024, 09:00 - 14:30

Tid og stad

Når

  1. 12. nov. 2024, 09:00 - 14:45
  2. 13. nov. 2024, 09:00 - 14:30

Type arrangement

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende

Arrangør

Hørselshemmedes Landsforbund (HLF)

Kvar

Førde Sentralsjukehus, Angabygget, 0 etg

Ynskjer du å delta på kurs ta kontakt med fastlegen din som då sender tilvising. Tilvisinga sendast til ØHN/Kjeve avdeling, Førde sentralsjukehus.

Ta direkte kontakt dersom dy ynskjer å ha med pårørande. 



Informasjon om kurset

Opplæring for deg som har tinnitus og dine pårørande. Opplæringa går over to dagar. Målet med kurset er at du skal få kunnskap om tilstanden og sjå moglegheiter for meistring i din eigen kvardag. Kurset består av innlegg frå ein erfaren brukar og undervisning frå helsepersonell og andre fagfolk, samt moglegheit for å stille spørsmål, og utveksle erfaringar med andre i liknande situasjon. 

Program

Dag 1

09.00-09.15 Velkommen!  v/Rolf Arne Bollingberg

09.15-09.45 Brukarerfaring

09.45-10.00 Pause

10.00-11.45 Tinnitus, årsak og behandling v/ Overlege

11.45-12.30 Lunsj

12.30-13.30 Kva er eit høyrselstap? Utgreiing. Tilpassing av høyreapparat og ev.

                   masker v/Rolf Arne Bollingberg, Hørselssentralen

13.30-13.45 Pause

13.45-14.45 Info om HLF, Likemannsarbeid og Hørselskontaktar

 

Dag 2

09.00-09.15 Velkommen tilbake! Tankar etter første dag? v/Rolf Arne

09.15-10.00 Kognitiv terapi v/ Hauglandssenteret

10.00-10.15 Pause

10.15-11.00 Kognitiv terapi

11.00-11.15 Pause

11.15-12.00 Kognitiv terapi

12.00-12.45 Lunsj

12.45-13.45 Innlegg frå fysioterapeut  v/fysioterapeut.

13.45-14.00 Pause

14.00-14.30 Kva kan vi gjere sjølv for å betre kvardagen? Erfaringsutveksling. Oppsummering og evaluering v/Rolf Arne

Med atterhald om endringar i programmet

Praktisk informasjon

Eigenandel 375 kr (per mai 2022), ingen eigenandel ved frikort. Gratis for pårørande. 

Avbestilling seinast 24 timar før kurset. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset kunne krevje eit gebyr på opptil 1125 kr (per mai 2022).  

Lunsj kan kjøpast for kr 80 per person (vipps eller kontant). Gi beskjed ved særskilde behov. 

V
ed deltaking på legetilviste læringstilbod hjå Helse Førde eller andre helseføretak kan pasientar og pårørande ha rett til å få dekka delar av kostnader ved reise og opphald.

Ta kontakt med pasientreiser på telefon 055515 eller sjå pasientreiser.no ved spørsmål om dekking av utgifter og/eller ved behov for tilrettelegging av reisa. 

Nyttig nettadresse

For meir informasjon om Tinnitus sjå nettsida til Hørselshemmedes landsforbund (HLF)


Vår kursoversikt

Her finn du oversikt over fleire kurs og praktisk informasjon til deg som skal på kurs:

Kurstilbod for pasientar og pårørande



Kontakt