Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Lungerehabilitering - fysisk oppmøte

Helse Førde tilbyr eit lungerehabiliteringsprogram til deg som har ein lungesjukdom som begrensar deg i kvardagen. Målet er at du skal leve best mogleg med sjukdomen.

Passert
9.
april
2024
  1. 09. apr. 2024, 11:00 - 15:00

Tid og stad

Når

  1. 09. apr. 2024, 11:00 - 15:00

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Ynskjer du å delta på kurs, ta kontakt med fastlegen din som då sender tilvising. Tilvisinga sendast til Medisinsk poliklinikk, Førde Sentralsjukehus. 

Informasjon

Programmet er for deg som har ein lungesjukdom og opplever tung pust, hoste og eventuelt slim, og at dette begrensar deg i kvardagen din. 

Målsetnad: 
Målet med programmet er at du skal leve best mogleg med lungesjukdomen ved å få auka kunnskap og innsikt i eigen sjukdom, bedre meistring av livssituasjon, auka evne til å klare dei daglege aktivitetane og bli motivert til fysisk aktivitet.

Lær meir om:

Pusteteknikk, trening, tilpasse behandling etter form, meistre stress, gode matvanar, korleis gjere kvardagsaktiviteter på ein enklare og effektiv måte. Få meir kunnskap om lungesjukdom og korleis ta medisin slik at du får best effekt.

Kor mykje tid tek det?

Programmet går over 8 veker. Tirsdagar vil det vere undervisning og trening. Torsdagar vil det vere mogleg å delta på trening i 30 min via video. Det vil og vere høve til individuell samtale/veiledning med sjukepleiar eller fysioterapeut gjennom programmet. 

Kontakt