Pasientkurs

Livsstyrketrening å meistre livet og jobben - fysisk oppmøte

Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Førde arrangerer Livsstyrketrening, der målet er betre helse, auka livsmot og meistring. Kurset går over 10 kursdagar, 1 dag i veka. I forkant av kurset arrangerast det eit digitalt informasjonsmøte.

21.
august
2024
  1. 21. aug. 2024, 09:00 - 10:00

Tid og stad

Når

  1. 21. aug. 2024, 09:00 - 10:00

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Kvar

Førde Sentralsjukehus, Angabygget, 0 etg

Påmelding

Frist for påmelding: 19. aug. 2024

Ynskjer du å delta på kurs, ta kontakt med fastlegen din som då sender tilvising. Tilvisinga sendast til Fysikalsk-medisinsk poliklinikk, Førde sentralsjukehus, og merkast med "Livsstyrketrening". 

Informasjon

Kvar samling innheld tema som er relevant for forholdet mellom arbeidsliv og det å leve med ein utfordrande livssituasjon og/eller kronisk sjukdom.

Målgruppe: 
Tilbodet er spesielt for deg som er heilt eller delvis sjukemeld eller står i fare for å bli det. Målgruppa er menneske med samansette plagar knytt til muskel- og skjelettlidingar, stressreaksjonar, utbrenning og lettare depresjonar. 

"Pasientene sier at det er lærerikt og nyttig,mange opplever at de får verktøy som de kan bruke i hverdagen.Finne balanse både i jobb og privatliv.Som fastlege synes jeg det er er noe jeg kan tilby pasienter som sliter med å strekke til / mistrivsel i livet / utbrenthet / finne fokus .Vanlig situasjon for ganske mange dessverre - og ikke lett å vite hva man kan hjelpe med.Da er jeg glad for å henvise til dette kurset,og det trengs kun en kort henvisning."

- Siv fastlege-


Innhald:
Eit meistringskurs med veiledning i grupper (6-8 personer) for deg som har eit ønske om å lære meir om å handtere stress og kvardagens utfordringar. Via oppmerksomhetstrening og ulike kreative læremetodar arbeider vi med bevisstgjering av:
 
  • tankar, kjensler og kropp,
  • dine ressursar og moglegheiter
  • vanar og mønstre i kvardagen – og i arbeidslivet.
 
Meir informasjon finn du her: livsstyrketrening.no

Kontakt