INR - eigenkontroll av Marevanbehandling

Tilbod til pasientar som ønsker opplæring i eigenkontroll av Marevanbehandling.

Informasjon

Kurset blir gjennomført i samarbeid mellom Medisinsk avdeling, Noklus (Norsk kvalitetsforbedring av laboratorievirksomheit utanfor sjukehus), brukarrepresentant og Lærings- og meistringssenteret (LMS). Noklus har erfaring og kompetanse innan opplæring i eigenkontroll og eigenmåling, og tilbyr eit standardisert og kvalitetssikra tilbod.

For å delta i opplæringa må du både vere i stand til, og motivert for å ta ansvar for eigenkontroll av Marevanbehandlinga. Det vil sei at du må delta på alle kursdagane, vere sjølvdisiplinert nok til å måle PT-INR, ta blodprøvar og medisin. Samt fylle ut journal og samarbeide med Noklus i opplæringsperioden.

Opplæringsprogrammet består av to kursdagar, individuell opplæring av måleteknikk og avsluttande prøve etter 21 veker. I tillegg må du ta ekstra blodprøver for kontrollmåling av PT-INR med jamne mellomrom. Du får rekvisisjoner og kan ta prøvene på næraste legekontor, som sender dei til analysering på sjukehuslaboratoriet.    

I opplæringstida vil du som deltakar få:

- Kunnskap om eigenkontroll av Marevanbehandling.

- Ferdigheit i PT-INR-eigenmåling og dosering av Marevan.

- Høve til å møte andre i same situasjon og dele erfaringar.

Påmelding/tilvising:

Du må ha tilvising for å delta. Ønsker du å delta, ta kontakt med fastlegen din som då sender tilvising til medisinsk klinikk, Førde sentralsjukehus. 

For fastlegen:

Informasjonsbrev (PDF)
Noklus:
Noklus er ein landsdekkande, ISO-sertifisert organisasjon med eit senter i Bergen og laboratoriekonsulentar og legespesialistar knytt til regionale helseføretak i alle fylker.

Noklus tilbyr tenester til norske legekontor, sjukeheimar og andre helseinstitusjonar. I tillegg har Noklus ei eiga forskings- og utviklingsavdeling.

Fann du det du leita etter?