Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Hjerneslag Juni-24

Nevrologisk avdeling i Helse Førde arrangerar saman med Lærings- og meistringsenteret 2-dagars kurs for slagramma og deira pårørande.

6.
juni
2024
2 dagar
  1. 06. juni 2024, 10:00 - 15:00
  2. 07. juni 2024, 10:00 - 14:45

Tid og stad

Når

  1. 06. juni 2024, 10:00 - 15:00
  2. 07. juni 2024, 10:00 - 14:45

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Kvar

Sentralsjukehuset, Angabygget, 0 etg

Ønsker du å delta på kurs, kan du ta kontakt med fastlegen din som sender tilvising. Tilvisinga kan sendast til nevrologisk poliklinikk, Førde Sentralsjukehus. Ta også kontakt om du ønsker å ha med pårørande. 


Om kurset

Har du  eller ein av dine nære hatt slag? Då er dette noko for deg. Målsettinga med kurset er at du skal få betre kunnskap om hjerneslag og dei endringar det kan medføre. 

Innhald: 
Treffe fagfolk innan hjerneslag: kva er eit slag, risikofaktorar, førebygging. 
Dei skjulte problema etter hjerneslag- kva er det? 
Kva kosthald bør ein ha og kva bør ein unngå  
Kommunikasjonsvanskar etter hjerneslag 
Aktivitet i kvardagen
Erfaringar frå ein person som har hatt hjerneslag

Praktisk informasjon

Kostnad: 
Eigenandel på 375 kr (Ingen ved frikort). Gratis for pårørande. Avbestilling seinast innan 24 timar. Ved manglande oppmøte uten å ha meldt frå, kan du bli belasta med tredobbel takst og den tel ikkje inn i opptjening til frikort.

Ein har moglegheit til å kjøpe lunsj for 80 kr. Kontant betaling eller vipps. Gi beskjed ved spesielle behov. 

Spørsmål om kurset?
Ta kontakt med slagsjukepleiar på telefon 57 83 04 63.

Reise
Ta kontakt med pasientreiser på telefon 05515 eller pasientreiser.noved behov for tilrettelegging av reisa.

Kontakt

Relevante behandlingar