Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Erfaringskonferanse 2024

Erfaringskonferansen vert arrangert anna kvart år av Helse Førde og KS. Her er det mogleg å drøfte tilgjengeleg styringsinformasjon, erfaringar og forbetringspunkt i samhandling mellom spesialist- og kommunehelsetenesta.

12.
juni
2024
2 dagar
  1. 12. juni 2024, 09:30 - 17:00
  2. 13. juni 2024, 08:30 - 13:00
Påmelding

Tid og stad

Når

  1. 12. juni 2024, 09:30 - 17:00
  2. 13. juni 2024, 08:30 - 13:00

Arrangør

Sogn og Fjordane helsefellesskap

Kvar

Thon Partner Hotel Jølster, E39, Skei, Norge

Påmelding

Frist for påmelding: 01. juni 2024, 23:55
Prisar og påmelding

Innhaldet på konferansen vil vere tett knytt til praksis, og vere relatert til vekslinga mellom spesialist- og kommunehelsetenesta. Ein vil freiste å sjå nærare på korleis gjeldande samarbeidsavtalar og rutinar fungerer i den praktiske kvardagen.

Målgruppa er leiarar og tilsette både i første- og andrelinjetenesta som har sin arbeidskvardag i dette «samhandlingsrommet», samt brukar- og pårøranderepresentantar.

Årets tema er psykisk helse og rusarbeid.

Erfaringskonferansen er godkjent som 11 timars vedlikehaldskurs for spesialistar av Norsk psykologforening.

Program onsdag 12. juni

Møteleiar: Øyvin Myrmel

09:30
Registrering

10:00
Velkomst og innleiing

10:15
Oppsummering av kartlegging

10:30
Aktuelt arbeid i helsefellesskapet:

  • Status frå gruppa som arbeider med revisjon av delavtale tilvising, innlegging og utskriving, v/Benny Ø. Hansen kommuneoverlege Gloppen
  • Psykisk helse team barn og unge, Sunnfjord kommune v/ Monica Loen-Grov, ass. einingsleiar "Barn, unge og familiestøtte" og Magni Håvardstun, einingsleiar Helsestasjon i Sunnfjord
  • Systematisk kompetansehevingsprosjekt (SKOP) ved Nordfjord psykiatrisenter og Nordfjord BUP v/Vibeke Rand, rådgjevar, Helse Førde  
  • «Barn under radaren» v/Fride Kirkebø, fagutviklingssjukepleiar, AMK og koordinator for «Barn under radaren» Helse Førde

11:30
Pause

11:45
Samarbeid/samhandling rundt akutt psykisk krise
v/Trond F. Aarre, avdelingssjef Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde

12:45
Lunsj

Tema: Barn som pårørande

13:45
Tverrfagleg samarbeid rundt barn som pårørande i Årdal/Lærdal/Aurland v/Linda Mannes, kreftkoordinator/fagutviklingssjukepleiar, Lærdal kommune

Arbeid med barn som pårørande i Helse Førde v/Kjellaug Berntsen, rådgjevar og koordinator for barneansvarlege, Hanne Pettersen, rådgjevar Helse Førde og Hanne K. Østenstad, sosionom, Psykiatrisk klinikk, avd. akutt døgn, Helse Førde 

Presentasjon av felles samhandlingsrutine v/Kjellaug Berntsen, Helse Førde

15:00
Gruppearbeid inkludert 20 min pause.
Diskusjon/refleksjon i plenum

17:00
Avslutning, takk for i dag

19:00
Middag

Program torsdag 13. juni

Møteleiar: Normund Svoen

08:30
Takk for i går – oppsummering av gruppearbeid

09:00
Pasient-, brukar- og pårørandeperspektivet:
Astrid Gytri, LPP – Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse
Eysteinn Udberg, Rusettervernet

10:00
Pause/utsjekk

Tema: ADHD

10:20
Introduksjon til temaet ADHD
Geografisk variasjon og auke i tilvisingar og diagnosar blant barn og unge
v/Tore Hågård, barne- og ungdomspsykiater, Sogndal BUP

11:20
Pause

11:40
ADHD: tilvisingspraksis, utgreiing og behandling (perspektiv frå kommune og spesialisthelsetenesta med samhandlingsfokus)
v/Christopher Fink, overlege, Psykiatrisk klinikk og xxxx (namn kjem)

12:30
Korleis er det å leve med ADHD?
v/Ragnhild Gram Skår

12:55
Avslutning

13:00
Lunsj og vel heim!

 

Kontakt