Tid og stad
Når
- 12. juni 2024, 09:30 - 17:00
- 13. juni 2024, 08:30 - 13:00
Arrangør
Kvar
Påmelding
Innhaldet på konferansen vil vere tett knytt til praksis, og vere relatert til vekslinga mellom spesialist- og kommunehelsetenesta. Ein vil freiste å sjå nærare på korleis gjeldande samarbeidsavtalar og rutinar fungerer i den praktiske kvardagen.
Målgruppa er leiarar og tilsette både i første- og andrelinjetenesta som har sin arbeidskvardag i dette «samhandlingsrommet», samt brukar- og pårøranderepresentantar.
Årets tema er psykisk helse og rusarbeid.
Erfaringskonferansen er godkjent som 11 timars vedlikehaldskurs for spesialistar av Norsk psykologforening.
Program onsdag 12. juni
Møteleiar: Øyvin Myrmel
09:30
Registrering
10:00
Velkomst og innleiing
10:15
Aktuelt arbeid i helsefellesskapet:
- Status frå gruppa som arbeider med revisjon av delavtale tilvising, innlegging og utskriving, v/Benny Ø. Hansen kommuneoverlege Gloppen
- Psykisk helse team barn og unge, Sunnfjord kommune v/ Monica Loen-Grov, ass. einingsleiar "Barn, unge og familiestøtte" og Magni Håvardstun, einingsleiar Helsestasjon i Sunnfjord
- Systematisk kompetansehevingsprosjekt (SKOP) ved Nordfjord psykiatrisenter og Nordfjord BUP v/Vibeke Rand, rådgjevar, Helse Førde
- «Barn under radaren» v/Kenneth Engdal, assisterande områdeleiar område 1, ambulansetenesta, Helse Førde
11:30
Pause
11:45
Samarbeid/samhandling rundt akutt psykisk krise
v/Trond F. Aarre, avdelingssjef Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde
12:45
Lunsj
Tema: Barn som pårørande
13:45
Tverrfagleg samarbeid rundt barn som pårørande i Årdal/Lærdal/Aurland v/Linda Mannes, kreftkoordinator/fagutviklingssjukepleiar, Lærdal kommune
Arbeid med barn som pårørande i Helse Førde v/Kjellaug Berntsen, rådgjevar og koordinator for barneansvarlege, Hanne Pettersen, rådgjevar Helse Førde og Hanne K. Østenstad, sosionom, Psykiatrisk klinikk, avd. akutt døgn, Helse Førde
Presentasjon av felles samhandlingsrutine v/Kjellaug Berntsen, Helse Førde
15:00
Gruppearbeid (inkludert 20 min pause), introduksjon ved Eili Nygard Riise.
16:30
Diskusjon/refleksjon i plenum
17:00
Avslutning, takk for i dag
19:00
Middag
Program torsdag 13. juni
Møteleiar: Normund Svoen
08:45
Takk for i går – oppsummering av gårsdagen
09:00
Pasient-, brukar- og pårørandeperspektivet:
Astrid Gytri, LPP – Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse
Eysteinn Udberg, Rusettervernet
10:00
Pause/utsjekk
Tema: ADHD
10:20
Introduksjon til temaet ADHD
Geografisk variasjon og auke i tilvisingar og diagnosar blant barn og unge
v/Tore Hågård, barne- og ungdomspsykiater, Sogndal BUP
11:20
Pause
11:40
ADHD: tilvisingspraksis, utgreiing og behandling (perspektiv frå kommune og spesialisthelsetenesta med samhandlingsfokus)
v/Christopher Fink, overlege, Psykiatrisk klinikk og Thomas Vingen Vedeld, kommuneoverlege Stad kommune
12:30
Korleis er det å leve med ADHD?
v/Ragnhild Gram Skår
12:55
Avslutning
13:00
Lunsj og vel heim!