Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Løypekart

Her finn du flyfoto av dei ulike løypene som er sett opp til Helse Førde stafetten

Hovudløype

Startområdet er ved hovudinngangen ved FSS, løypa går på gangvegen frå sjukehuset og vidare på gangvegen langs elva til Hafstadparken - følg gangvegen langs E39 - gangvegen ved Blomereina gravplass og tilbake til sjukehuset. Målet er der løpet starta.

1. etappe: 0,75 km på asfalt
2. etappe: 1,25 km på på asfalt
3. etappe: 0,77 km på grus
4. etappe: 1,15 km på asfalt, lett stigning (obs fortauskant)
5. etappe: 0,3 km på asfalt (flat og lett nedoverbakke)
6. etappe: 1,35 km på asfalt

Sjå rosa flagg på kartet for dei ulike etappane.

Barneløype

Rakettløypa for barn

For unge som har meir krefter igjen etter barneløpa, vil Førde IL Orientering sette opp ei «rakettløype» i parken.
Det er ei veldig kort orienteringsløype, merka mellom postane, og ein stempler med ei brikke på kvar post (brikke får ein låne).
Konkurrerer mot seg sjølv, og kan springe så mange gonger ein ønsker. 
Løypa vil en finne i sjukehusparken.

Sist oppdatert 21.02.2024