Lytteposten
Har du noko på hjartet etter sjukehusbesøket?
Lytteposten har telefonnummer 415 30 350, og er eit lågterskeltilbod der du kan gje Helse Førde tilbakemelding på møtet ditt med sjukehuset.
Når pasientar og pårørande har noko å fortelje, så ønskjer vi i Lytteposten å høyre di historie.
Nyheiter
- 22. mars 2024Konklusjonane etter varslingssakene er klare
Framlegget til mellombels omorganisering av avdeling for akuttmedisin (AAM) og kirurgisk klinikk er ikkje i strid med arbeidsmiljølova eller gjeldande tariffavtalar, og Helse Førde har ikkje brote aktivitetsplikta dei har etter arbeidsmiljølova. Dei påvarsla har heller ikkje opptredd i strid med lojalitetsplikta då dei gjekk imot framlegget til omorganisering av AAM.
- 22. mars 2024Ny teknologi gjev betre kreftbehandling
Nytt utstyr gjer at kreftpasientar i Sogn og Fjordane kan få raskare og betre kreftbehandling. – Dette er eit stort steg inn i framtida, seier overlege Rune Hørgård Tilseth i medisinsk klinikk.
- 8. mars 2024Disputas: Klinisk tilbakemeldingssystem for å fremme tilpassing til å leve med stomi
Helse Førde har all grunn til å feire då vår eigen Kirsten Lerum Indrebø er første Helse Førde- tilsette som disputerer frå Campus Førde, Høgskulen på Vestlandet. Ho disputerer 21. mars 2024 for ph.d. graden med avhandlinga: “Utvikling og evaluering av et klinisk tilbakemeldingssystem med pasientrapporterte data for å fremme tilpassing til å leve med stomi”.
På utkikk etter ny jobb?
Vi i Helse Førde er stadig på jakt etter dyktige kollegaer.
Er du på utkikk etter ei ny stilling, og kunne tenke deg å jobbe med oss? Ta deg ein tur innom dei ledige stillingane vi har utlyst her.
Komande arrangement
- Kurs til foreldre - Starthjelp4 dagers kurs for foreldre til barn med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom.Kurs til foreldre - Starthjelp7.februar20244 dagar
- Å leve med demensDette er eit kurs for dei som har fått diagnose innen demens i tidlig fase, evt saman med ein pårørande. Kurset gir kunnskap om sjukdommen og behandling. Du får møte andre i same situasjon og dele erfaringar. Kunnskap om rettar og støtte til å meistre kvardagen.Å leve med demens4.april20242 dagar
- Lungerehabilitering - fysisk oppmøteHelse Førde tilbyr eit lungerehabiliteringsprogram til deg som har ein lungesjukdom som begrensar deg i kvardagen. Målet er at du skal leve best mogleg med sjukdomen.Lungerehabilitering - fysisk oppmøte9.april2024
eMeistring
eMeistring tilbyr veileda internettbehandling til deg som slit med panikkliding, sosial angst eller depresjon.
Veileda internettbehandling inneheld dei same elementa som ordinær kognitiv åtferdsterapi med behandlar i poliklinikk. Behandlinga er nettbasert, og kvar veke får du veiledning frå ein behandlar via internett.
Til deg som skal føde
Vi har ein Kvinneklinikk med tilgang til spesialkompetanse innan fødselshjelp. Barselavdelinga der du og barnet er etter fødsel, er i same avdeling. Du kan og velje å ha barselopphald ved "God Start" einingane på Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus.