Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Analyser av vitamin B12 og folat

Vitamin B12 og folat er essensielle mikronæringsstoff og nødvendige for DNA-syntese. Mangel kan mellom anna påverke bloddanning og føre til nevropsykiatriske symptom. I svangerskapet og hos barn er det særs viktig at nivåa av mikronæringsstoff er optimale, då desse stoffa er viktige for ei normal utvikling av sentralnervesystemet. Serum vitamin B12 og serum folat er dei primære analysane ved utgreiing av mangel.

​Folat finnast i grønnsaker og animalsk føde, medan vitamin B12 finnast kun i animalsk føde. Pasientar som et lite eller ingen animalsk føde, har auka risiko for mangel på spesielt B12. Det same gjeld spebarn som eksklusivt ammast. 

Mangel på folat og vitamin B12 gir ofte diffuse nevropsykiatriske symptom, og kan vere vanskeleg å diagnostisere. Subklinisk mangel på begge vitaminane er assosiert med hypometylering, og degenerativ sjukdom. 

Mangel på folat og/eller vitamin B12 vil gje auke i plasma homocysteinnivået. Plasma homoystein byrjar å stige når serum folat fell under 25 nmol/L og når serum vitamin B12 fell under 550 pmol/L, som teikn på at cellene sin vitaminstatus ikkje er optimal (1, 2). 

​Folat

Kliniske beslutningsgrenser for s-Folat (nmol/L)
​Alder
​Sannsynleg mangel
​​Optimal status
​​0 - <3 år
​​< 25
​25-35
​3 - <8 år​​<20
​20-25
​​8 - <17 år
​<15
​15-25
​​≥ 18 år
​<10
15-25
​Kvinner i fertil alder
​<10
​>25
Gravide, svangerskapsveke 18​​<15
​>20
​Dei kliniske beslutningsgrensene er basert på endring i p-tHcy i pasientprøver som alle har normal nyrefunksjon (normal kreatinin eller GFR >60) og kobalamin >400 pmol/L og gjennomgang av publiserte artiklar. 

Tolking

Verdiar under klinisk beslutningsgrense tyder på mangel. Hos pasientar som er homozygot for polymorfismen C677T i enzymet 5,10-metylentretrahydrofolatreduktase (MTHFR) kan plasma homocystein bli spesielt høgt (30-100 μmol/L) dersom folat er <10 nmol/L. Desse pasientane bør ha eit serum folat >15 nmol/L for å sikre ein adekvat intracellulær folatfunksjon(3).

Eit serum folatnivå ≥25 nmol/L ​er anbefalt hos alle fertile kvinner, for å sikre ein adekvat beskyttelse mot nevralrørsdefekter hos eventuelt foster (4). 

Behandling

Det daglege behovet for folat hos vaksne ligg på omlag 350 µg per dag (5), for kvinner i fertil alder 400 µg per dag (6), for gravide 600 µg per dag, ammande kvinner 500 µg per dag (7).

​​Vitamin B12

​​
Kliniske beslutningsgrenser for s-vitam​in B12 (pmol/L)
​Alder
​Sannsynleg mangel
​Optimal status
​​0 - <4 år
​< 400
​> 450
4 - <18 år​< 350
​> 400
​≥ 18 år
​< 250
​350-700
​Gravide, svangerskapsveke 18
​< 276
​> 350
Dei kliniske beslutningsgrensene er basert på endring i p-tHcy og s-MMA i pasientprøver som alle har normal nyrefunksjon (normal kreatinin eller GFR > 60) og folat > 20 nmol/L, og gjennomgang av publiserte artiklar.

Tolking

Verdiar under klinisk beslutningsgrense tyder på mangel og det er ikkje nødvendig med vidare utredning (plasma total homocystein (tHcy) eller metylmalonsyre (MMA)). Pasienten kan imidlertid ha mangel ved høgare verdiar serum vitamin B12 verdiar og det kan då vere til hjelp å måle metabolske markørar. Ettersom både plasma tHcy og MMA stig ved redusert nyrefunksjon, og med aukande alder må analysesvaret vurderast i forhold til nyrefunksjon og kliniske beslutningsgrenser for alder, sjå Nasjonal brukarhandbok (www.brukerhandboken.no). 

Hos voksne pasientar kan nyoppstått høg serum vitamin B12 (>800 pmol/L), som ikkje skyldast tilskot, vere assosiert med leversjukdom eller cancer, og ein bør vurdere vidare utredning av pasienten(8).

​Behandling

Det daglege behovet for vitamin B12 hos voksne ligg på mellom 4-10 µg per dag, der gravide og ammande kvinner bør ha eit inntak i øvre del (9, 10). 
Forutsetninga for per oral behandling er at pasienten har normal produksjon av syre og intrinsisk faktor i ventrikkelen og normalt opptak i terminale ileum. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan det gis vitamin B12 i doser på mellom 1000-4000 mg, som vil tas opp passivt i proximale del av duodenum eller intramuskulære injeksjoner med hydroxykobalamin (11).

Forfattar: Anne-Lise Bjørke Monsen

​Referansar

  1. ​Bjorke-Monsen AL. Assessment of cobalamin status. Tidsskr Nor Laegeforen. 2020;140(9).
  2. Bjorke-Monsen AL, Renstrom R. What is optimal folate status? Tidsskr Nor Laegeforen. 2020;140(7).
  3. Huang X, Qin X, Yang W, Liu L, Jiang C, Zhang X, et al. MTHFR Gene and Serum Folate Interaction on Serum Homocysteine Lowering: Prospect for Precision Folic Acid Treatment. Arteriosclerosis, thrombosis, and vascular biology. 2018;38(3):679-85.
  4. Cordero AM, Crider KS, Rogers LM, Cannon MJ, Berry RJ. Optimal serum and red blood cell folate concentrations in women of reproductive age for prevention of neural tube defects: World Health Organization guidelines. MMWR Morb Mortal Wkly Rep. 2015;64(15):421-3.
  5. de Bree A, van Dusseldorp M, Brouwer IA, van het Hof KH, Steegers-Theunissen RP. Folate intake in Europe: recommended, actual and desired intake. Eur J Clin Nutr. 1997;51(10):643-60.
  6. Hursthouse NA, Gray AR, Miller JC, Rose MC, Houghton LA. Folate status of reproductive age women and neural tube defect risk: the effect of long-term folic acid supplementation at doses of 140 microg and 400 microg per day. Nutrients. 2011;3(1):49-62.
  7. EFSA Panel on Dietetic Products NaAN. SCIENTIFIC OPINION Scientific Opinion on Dietary Reference Values for folate. EFSA Journal. 2014;12(11):3893.
  8. Arendt JF, Pedersen L, Nexo E, Sorensen HT. Elevated plasma vitamin B12 levels as a marker for cancer: a population-based cohort study. J Natl Cancer Inst. 2013;105(23):1799-805.
  9. Bor MV, Lydeking-Olsen E, Moller J, Nexo E. A daily intake of approximately 6 microg vitamin B-12 appears to saturate all the vitamin B-12-related variables in Danish postmenopausal women. Am J Clin Nutr. 2006;83(1):52-8.
  10. Vogiatzoglou A, Smith AD, Nurk E, Berstad P, Drevon CA, Ueland PM, et al. Dietary sources of vitamin B-12 and their association with plasma vitamin B-12 concentrations in the general population: the Hordaland Homocysteine Study. Am J Clin Nutr. 2009;89(4):1078-87.
  11. Haffner J, Hager HB, Iversen PO, Nyquist E. [Injections to treat vitamin B12 deficiency are unnecessary]. Tidsskr Nor Laegeforen. 2018;138(17).​

Sist oppdatert 12.04.2023