Pilotperioden varer fram til 2017. Gjennom traineeordninga gjev vi deg som sjukepleiar god breiddekompetanse. Den varierande praksisen gjev deg unik kunnskap frå fleire fagfelt, og er eit godt springbrett i ei vidare sjukepleiarkarriere.
Traineesjukepleiarane vert tilsett i 100 prosent midlertidig stilling, og traineeperioden strekkjer seg over 2 år. Traineeperioden er delt inn i tre arbeidsperiodar, kvar på 8 månader.
Traineeprogrammet inneber fellessamlingar (2 dagar kvart halvår), samt fire fagdagar kvart år.
Traineen skal følgje ordinær turnus, og leiar i den aktuelle avdeling har personalansvar for traineen.
Etter gjennomført traineeprogram får traineen tilbod om 100 prosent fast stilling.
Kontaktinformasjon:
Laila Vilnes Helgheim, seksjon for undervisning. Tlf. 948 34 576.
E-post: Laila Vilnes Helgheim.