Helse Førde ønskjer eit godt samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og deira bachelor- og masterstudentar. Både for studentane og helsefortaket er det viktig at slike oppgåver tek for seg relevante og gode problemstillingar, og at samarbeidet vert organisert på ein tydeleg, effektiv og forutsigbar måte.
Denne nettsida er meint som hjelp til deg som er bachelor- eller masterstudent, og for deg som er rettleiar. Andre som har spørsmål knytta til gjennomføring av datainnsamling frå Helse Førde i forbindelse med studentoppgåver, vil òg finne nyttig informasjon her.
Bachelor- eller masteroppgåve med Helse Førde
Vi ønskjer gjerne oppgåver som er ein del av ei større forskingsgruppe/prosjekt i Helse Førde og/eller universitets- og høgskulesektoren.
- For kliniske oppgåver bør problemstillingane imøtekoma behova frå dei kliniske avdelingane.
- For oppgåver på laboratoria bør problemstillingane imøtekomme behova frå laboratoria.
Datainnsamling gjennom metodane intervju, observasjon og/eller spørjeskjema retta mot pasientar og pårørande, er ressurskrevjande og set høge krav til personvern. Helse Førde ønskjer difor i hovudsak at rettleiarar og studentar vurderer bachelor- eller masteroppgåver som
nyttar data frå ulike register, gjenbruk av data utan personopplysningar
(anonyme data), litteraturstudiar eller metodikk som ikkje inneberer innsamling og bruk av sensitive data frå pasientar og pårørande. [
Eventuelt si noe om intervjuar med ansatte?] Helse Førde ønskjer masteroppgåver som har kvalitet og relevans som gjer publisering mogleg.
Formelle krav ved datainnsamling
- info om framgangsmåte
Utlyste oppgåver frå Helse Førde
[Her vil det kunne ligge ein link til ein oppdatert Webcruiter-side. Der vil studentane finne aktuelle prosjekt dei kan ta del i gjennom eigen hovudoppgåve. ]
Kontakt