Turnusteneste for legar

Helse Førde tar imot 18 turnuslegar 2 gongar i året. Dei er fordelt mellom dei tre sjukehusa i Helse Førde ( Førde, Lærdal og Nordfjordeid).

​Turnustenesta for legar er 18 månader, 12 månader i sjukehus og 6 månader i kommunehelsetenesta. Sjukehustenesta er kobla mot etterfølgjande distriktsteneste i kommunar i Sogn og Fjordane.

For å kunne søkje i turnustenesta må du ha autorisasjon som lege eller turnuslegelisens, og du må ha gode norskkunnskapar for at pasientbehandlinga skal bli så god som mogleg.

I Helse Førde er turnustenesta delt inn i 3-delt og 2-delt tenest der 3 turnusstillingar er 3-delt teneste med

  • 4 månader kirurgi
  • 4 månader indremedisin
  • 4 månader psykiatri

15 turnusstillingar er 2-delt teneste med

  • 6 månader på generell indremedisinsk seksjon i primærvakt
  • 6 månader ved kirurgisk seksjon for kirurgi og ortopedi

Helse Førde har eit felles introduksjonskurs der du mellom anna får undervisning i

  • DIPS (elektronisk pasientjournal)
  • rusmedisin
  • kodesetting
  • smittevern
  • talegjenkjenning
  • obligatorisk e-læringskurs

Fag- og Utviklingssavdelinga og HR avdelinga er dei som organiserer og koordinerer turnuslegeordninga.

Kontaktinformasjon:

Hans Johan Breidablik, Fag- og utviklingsavdelinga.
E-post: Hans Johan Breidablik.

Mona-Kristin Fiskerstrand, Fag- og utviklingsavdelinga. Tlf. 578 39623.
E-post: Mona-Kristin Fiskerstrand.