Traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar

Helse Førde har i samarbeid med Førde kommune og Flora kommune starta ein pilot med utprøving av traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar.

Pilotperioden varer fram til 2017. Gjennom traineeordninga gjev vi deg som sjukepleiar god breiddekompetanse. Den varierande praksisen gjev deg unik kunnskap frå fleire fagfelt, og er eit godt springbrett i ei vidare sjukepleiarkarriere. 

Traineesjukepleiarane vert tilsett i 100 prosent midlertidig stilling, og traineeperioden strekkjer seg over 2 år. Traineeperioden er delt inn i tre arbeidsperiodar, kvar på 8 månader.

Traineeprogrammet inneber fellessamlingar (2 dagar kvart halvår), samt fire fagdagar kvart år.

Traineen skal følgje ordinær turnus, og leiar i den aktuelle avdeling har personalansvar for traineen.

Etter gjennomført traineeprogram får traineen tilbod om 100 prosent fast stilling.

Kontaktinformasjon:

Laila Vilnes Helgheim, seksjon for undervisning. Tlf. 948 34 576.
E-post: Laila Vilnes Helgheim.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.
​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​