Etter at det vart åpna opp for at sjukehuset kan ta inn fleire pasientar, opplever enkelte poliklinikkar i Helse Førde stor pågang frå folk som vil vite når dei får time.
- Det er ikkje naudsynt å ringe inn til oss. Vi vil setje opp ny time til alle som har fått utsetjing, og vi kontaktar alle eit par dagar før timen, seier fagdirektør Trine Vingsnes i Helse Førde. - Dei vil også få varsel om timen på SMS.
I telefonoppringinga pasientane får frå sjukehuset, vil dei blant anna få ein del kontrollspørsmål om eventuell korona-smitte.
Årsaka til at Helse Førde ikkje ønskjer store mengder innkommande samtalar, er at dette medfører stor belastning på personalet. Deira primære oppgåve er no å ringe ut til folk som har fått tildelt time på sjukehuset dei næraste dagane.