Koronaviruset er eit SARS-liknande virus. Viruset smittar via dropesmitte, og kan gje alt frå milde forkjølelsesliknande symptom til lungebetennelse. Verdas helseorganisasjon (WHO) har erklært internasjonal folkehelsekrise som følgje av utbrotet.
Er du smitta?
For å førebyggje smitte av korona ber vi deg vere merksam på symptom på sjukdomen covid-19.
Sjekkliste for om du kan vere smitta finn du her
Om du ikkje kan møte til time, må du sjølv gje beskjed om det så snart du kan!
Lurer du på om du er smitta og ttreng legehjelp, ta først kontakt med eigen fastlege/eige legekontor. Dersom du ikkje får svar hjå fastlege, kontakt 116 117 om det hastar. Ikkje oppsøk eller ta kontakt med legevakt eller sjukehus direkte. Ring alltid først.
Aukande smitte
Dei siste månadene har smitten auka, mellom anna som følgje av den nye koronavarianten omikron. Men dei som blir smitta blir mindre sjuke. Dei som må på sjukehus ligg også inne kortare tid. Dette gjorde at Helse Førde 5. april avvikla beredskapen i samband med koronapandemien.
Pasientar og pårørande må likevel framleis rekne med nokre tiltak på sjukehusa våre ei tid framover. Det er framleis viktig å avgrense risikoen for smitte inne i sjukehusa, både for å beskytte sårbare pasientar og eigne medarbeidarar.
Tiltak i delar av sjukehusa
Det vil difor framleis vere ekstra smitteverntiltak i delar av sjukehuset. Tilsette bør framleis bruke munnbind ved nær kontakt med pasientar. På same måte oppmodar vi også besøkande til å bruke munnbind ved nær kontakt med pasient.
Besøkande som er sjuke bør unngå å komme til sjukehusa våre. Du kan ikkje ha symptom på luftvegsjukdomar som til dømes influensa og forkjøling. Du kan heller ikkje ha påvist covid eller vente svar på test. Dei same reglane gjeld for følgje som er med pasientar til poliklinikk eller dagbehandling.
Fødande kan no ha med seg ein partnar (definert av den fødande sjølv) både før, under og etter fødsel, og i barseltida. Dette gjeld sjølv om partnar har testa positivt for covid-19.
Utover dette kjem Helse Førde til å legge til rette for besøk til alvorleg sjuke eller døyande pasientar.
Vask hendene godt og grundig
Vi minner også om at vi ikkje må gløyme det beste smitteverntiltaket når vi no er i ein meir normal kvardag: God handhygiene!
Helsedirektoratet har oppretta eigen informasjonstelefon om koronavirus for publikum. Om du ikkje finn svar på fhi.no kan du ringe 815 55 015.
Oppdatert informasjon og råd frå Folkehelseinstituttet (FHI)
Definisjonar av mistenkte, sannsynlege og stadfesta tilfeller (FHI)
Råd og informasjon til einskilde pasientgrupper
Barn og unge
Anbefaling til føresette og barn med revmatisk sjukdom (legeforeningen)
Informasjon vedr. barn og unge med inflammatorisk tarmsjukdom (legeforeningen)
Anbefalingar frå Noregs barnekreftmiljø per 13. mars 2020 (legeforeningen)
Informasjon til leversjuke og -transplanterte (legeforeningen)
Pasientar med multippel sklerose (MS)
Ny og oppdatert informasjon om MS og Koronaviruset (MS-forbundet)
Informasjon til pasientar om MS-behandling og risiko for alvorleg koronainfeksjon (Helse Bergen)
Føde og barsel
Informasjon til deg som skal føde