Koordineringsrådet

Koordineringsrådet er eit administrativt samarbeidsutval for Helse Førde HF og kommunane i dekningsområdet vårt. Partane har gjennom inngått rammeavtale forplikta seg til å etablere og nytte koordineringsrådet i tråd med føresetnadene i dette mandatet.

Årshjul 2021

19. februar

Agenda

  • Godkjenning av budsjett, brukarutvalet
  • Gjennomgang av samhandlingsavvik
  • Fagnettverk innan habilitering og rehabilitering

 

28. april

Agenda

  • Val av kommunerepresentant til juryen for Kvalitetsprisen
  • Fagnettverk eldremedisin - evaluering


22. september

Agenda

  • Gjennomgang av samhandlingsavvik

 

2. desember

Agenda

  • Godkjenning av møteplan for 2022
  • Evaluering av retningslinjer for felles brukarutval

 

 

 

Oppgåver

Koordineringsrådet har ansvar for å

  • følgje opp og vedlikehalde rammeavtalen
  • gi si vurdering i saker av prinsipiell administrativ, fagleg og økonomisk karakter som gjeld samhandling i høve pasientar/brukarar
  • drøfte og tilrå løysing ved usemje som ikkje kan løysast på anna nivå
  • tilrå delavtalar overfor partane og godkjenne prosedyrar som gjeld samhandling om felles pasientar etter framlegg frå fagrådet eller ein eller fleire av partane
  • drøfte rapportar om avvik og uønska hendingar som gjeld samhandlinga
  • førebu dialogmøtet
  • arrangere samhandlingskonferansen
  • fokusere på erfaringsutveksling, kompetanseoverføring og felles møteplassar
  • bidra til utvikling og spreiing av gode modellar for samhandling
  • ha eit oppdatert oversyn over ulike samhandlingsprosjekt i området til tidligare Sogn og Fjordane

Samansetjing

Koordineringsrådet skal vere samansett av fem representantar frå kommunane, fem frå Helse Førde HF og to brukarrepresentantar. Ein av kommunerepresentantane og ein av representantane frå helseføretaket skal også vere medlemar i fagrådet (gjennomgåande representasjon). Det skal oppnemnast vararepresentantar.

KS i fylket syter for oppnemning av dei kommunale representantane. Ved oppnemninga skal ein sikre at det er ein representant frå alle regionrådssamarbeida i fylket. Brukarutvalet oppnemner brukarrepresentantane. Medlemane er sjølve ansvarlege for kontakten med dei som dei representerer. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, KS Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune har møte- og talerett for ein utsending kvar. Representantane blir oppnemnde for to år.

Arbeidsform

Rådet konstituerer seg sjølv. Leiar- og nestleiarfunksjonen vekslar årleg mellom Helse Førde HF og kommunane. Funksjonsperioden for rådet er november - november.

Saker blir fremja av partane gjennom representantane, som har eit sjølvstendig ansvar for å bringe fram tema/saker til handsaming. Vedtak føreset at alle medlemane er samde og forpliktar partane. Helse Førde HF og den enkelte kommunen har ansvar for at vedtak blir gjennomførde.

Koordineringsrådet skal ha møte minimum 4 gonger pr. år, og møteplan for funksjonsperioden blir avtalt. Utvalet legg fram årsrapport i 1. kvartal.

Sekretariatsfunksjonen ligg til Helse Førde HF. Helse Førde HF og kommunane ber eigne kostnader.

Koordineringsrådet er samansett slik:

  • Leiar: Håkon Loftheim, rådmann, Askvoll kommune/HAFS
  • Arve Varden, adm.direktør, Helse Førde HF
  • Børge Tvedt, direktør psykisk helsevern, Helse Førde HF
  • Anne Kristin Kleiven, utviklingsdirektør, Helse Førde HF
  • Evy-Helen Helleseth, fagdirektør, Helse Førde HF/fagrådet
  • Trine Vingsnes, direktør medisinsk klinikk, Helse Førde HF
  • Marte Ulltang, samhandlingssjef, Helse Førde HF
  • Tone Holvik, stadleg leiar Nordfjord sjukehus, Helse Førde HF
  • Ole John Østenstad, kommunedirektør Sunnfjord kommune
  • Åslaug Krogsæter, Stad kommune/Nordfjord
  • Jan Helge Dale, kommuneoverlege, Kinn kommune/fagrådet
  • Gunn Lerøy, rådmann Lærdal kommune/Sogn
  • Elin-Therese Sørbotten, samhandlingskoordinator, KS
  • Clara Øberg, direktør for tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune (observatør)
  • Frode Kyrkjebø, dagleg leiar, KS Sogn og Fjordane (observatør)

Leiarfunksjonen går på omgang mellom partane.

Varamedlemer:

  • Terje Heggheim, leiar i rådmannsutvalet/ Flora kommune/Sunnfjord
  • Åslaug Krogsæter, Stad kommune/Nordfjord
  • Erik Askeland, administrasjonssjef, Solund kommune/HAFS
  • Øystein Furnes, kommuneoverlege, Førde kommune/Fagrådet
  • Linda Svori, ass. fylkeslege
  • Tom Guldhav, direktør Kirurgisk klinikk, Helse Førde HF
  • Vidar Øvrebø, stadleg leiar Lærdal sjukehus, Helse Førde HF
  • Toril Taklo, avdelingssjef psykisk helsevern for barn og unge
  • Robert Brennersted, avdelingssjef avdeling for akuttmedisin

Møtereferat og vedlegg

Fann du det du leita etter?