Fagrådet

Fagrådet er eit fagleg samarbeidsutval for Helse Førde HF og kommunane i Sogn og Fjordane. Partane har gjennom inngått rammeavtale forplikta seg til å etablere og nytte fagrådet i tråd med føresetnadene i dette mandatet.

Oppgåver

Fagrådet har ansvar for å

  • på oppdrag frå koordineringsrådet eller på eige initiativ førebu og utgreie dei faglege sidene og synleggjere pasientomsyna i saker som skal godkjennast i koordineringsrådet
  • på oppdrag frå koordineringsrådet syte for gjennomføring av naudsynte prosessar i samband med utarbeiding av framlegg til delavtalar og prosedyrar, m.a. oppnemning av aktuelle kliniske arbeidsgrupper
  • leggje til rette for andre samhandlingsmøte for fagpersonar og mellomleiarar på tvers av nivåa og leggje vekt på erfaringsutveksling, kompetanseoverføring, kunnskaps- og kompetanseheving
  • vurdere meldingar om avvik og uønska hendingar som gjeld samhandling med tanke på læring og systemforbetring
  • bidra til å utvikle og spreie gode modellar for samhandling
  • drøfte prinsipielle pasientrelaterte enkeltsaker der partane har skrive usemjeprotokoll, jfr rammeavtalen pkt 10

Samansetjing

Fagrådet består av fem faglege representantar frå kommunane og fem faglege representantar frå Helse Førde HF. Rådet skal ha ei tverrfagleg samansetjing. Ein av kommunerepresentantane og ein av representantane frå helseføretaket skal også vere medlemar i koordineringsrådet (gjennomgåande representasjon). Det skal oppnemnast vararepresentantar. KS i fylket syter for oppnemning av dei kommunale representantane. Ved oppnemninga skal ein sikre at det er ein representant frå alle regionrådssamarbeida i fylket. Medlemane er sjølve ansvarlege for kontakten med dei ein representerer. Praksiskonsulentane ved Helse Førde skal ha møte- og talerett i fagrådet. Representantane blir oppnemnde for to år, samstundes med oppnemning av representantar til koordineringsrådet.

Arbeidsform

Rådet konstituerer seg sjølv. Leiar- og nestleiarfunksjonen vekslar årleg mellom Helse Førde HF og kommunane. Funksjonsperioden for rådet er november - november.

Saker blir fremja av partane gjennom representantane, som har et sjølvstendig ansvar for å bringe fram tema/saker til handsaming. Saker som er av ein slik karakter at dei skal handsamast i koordineringsrådet og/eller dialogmøtet skal brukarutvalet på førehand ha til fråsegn.

Rådet har møte minimum 4 gonger pr. år og møteplan for funksjonsperioden blir avtalt. Sekretariatsfunksjonen ligg til Helse Førde HF. Partane ber eigne kostnader.

Fagrådet er samansett slik

  • Leiar: Trine Vingsnes, fagdirektør, Helse Førde
  • Norunn Stavø, kommunalsjef Flora/Kinn kommune
  • Stein Helle, kommunalsjef Askvoll kommune
  • Jan Helge Dale, kommuneoverlege, Flora kommune/koordineringsrådet
  • Gunnhild Gimmestad, kommunalsjef Gloppen kommune
  • Elin Sørbotten, samhandlingskoordinator kommunane i Sogn og Fjordane/koordineringsrådet
  • Audhild Molland, tenesteleiar heimetenesta Sogndal  kommune
  • Toril Taklo, avdelingssjef psykisk helsevern for barn og unge, Helse Førde
  • Tom Guldhav, direktør kirurgisk klinikk, Helse Førde
  • Laila Haugland, avdelingsjef medisinsk avdeling, Helse Førde
  • Margun Thue, stadleg leiar Lærdal sjukehus
  • Tone Holvik, samhandlingssjef, Helse Førde
  • Anne Stubdal, praksiskonsulent, Stryn kommune/Helse Førde (observatør)
  • Normund Svoen, praksiskonsulent, Flora kommune/Helse Førde (observatør)
  • Jan Ove Tryti, praksiskonsulent, Sogndal kommune/Helse Førde (observatør)

Varamedlemar:

  • Knut Even Andersen, kommunalsjef Førde/Sunnfjord kommune
  • Målfrid Sognnes, tenesteleiar Hyllestad kommune
  • Øystein Furnes, kommuneoverlege, Førde kommune/fagrådet (for Jan Helge Dale)
  • Heidi Vederhus, kommunalsjef Stryn kommune
  • Hilde Tenold, rådgjevar Vik kommune
  • Olav Hesjedal, direktør Medisinsk klinikk, Helse Førde (for Trine Vingsnes)
  • Robert Brennersted, avd.sjef avd. for akuttmedisin, Helse Førde (for Tom Guldhav)
  • Øyvin Myrmel, avd.sjef psykisk helsevern, Helse Førde (for Toril Taklo)
  • Robin-Andre Sørland, avdelingssjef LMBB, Helse Førde (for Laila Haugland)

Møtereferat og vedlegg

Fann du det du leita etter?