Avtaleutvalet

Avtaleutvalet skal syte for utarbeiding av framlegg til samarbeidsavtalar mellom Helse Førde og kommunane i tråd med føresetnadene i fastsett rammeavtale og etter oppdrag frå koordineringsrådet og fagrådet.

Avtaleutvalet kan etter behov og i samråd med fagrådet opprette arbeidsgrupper med representantar frå partane. Framlegg frå avtaleutvalet går til fagrådet som gir si innstilling til koordineringsrådet.

Avtaleutvalet er samansett slik:

  • Odd Arve Rakstad, rådmann Leikanger kommune (leiar)
  • Kjell Idar Dvergsdal, helse- og sosialsjef Gaular kommune
  • Jan Ove Tryti, kommuneoverlege/praksiskonsulent Sogndal kommune/Helse Førde
  • Kristine Brix Longfellow, fagdirektør Helse Førde
  • Stig Igland, samhandlingssjef Helse Førde
  • Laila Vilnes Helgheim, seksjonsleiar Helse Førde
  • Åshild Helleset, repr. frå felles brukarutval i Sogn og Fj.

Varamedlemer:

  • varamedlem for Åshild Helleset: John Ole Johnsen.

Sekretariatsfunksjonen vert ivareteken av Stig Igland og rådgjevar Sølvi Olrich Sørebø i KS Sogn og Fjordane.