Informasjon om koronatiltak i samhandling mellom allmennlegetenesta og Helse Førde

PKO tilstrebar heile tida å halde denne informasjonen oppdatert.

​Oppdatert:  07.06.20

skillelinje

Test for antistoff (IgG) mot det nye koronaviruset, SARS-CoV-2, er tilgjengeleg ved mikrobiologisk avdeling Helse Førde frå 8. juni og rekvirerast gjennom interaktor. 

Indikasjon for antistofftesten er å sannsynleggjere om ein pasient har gjennomgått infeksjon med SARS-CoV-2, evt. som ledd i utgreiing ved aktuell infeksjon som har vart nokre veker.
Serologisk undersøking er ikkje indisert før minimum 14 dagar etter sjukdomsstart då ein ikkje vil forventa påvisbare IgG-antistoff før. Tidleg i sjukdomsutviklinga er luftvegsprøve (nasofarynks- eller halssekret) til PCR tilrådd.
https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/101

skillelinje
For pasientar med akutt tilvising til indremedisin, kirurgi og ortopedi gjeld no konferanseplikt kun ved positiv prescreening Covid-19  

Det er no konferanseplikt kun ved positivt utslag prescreening test ifht Covid-19 for indremedisin, kirurgi og ortopedi.  Desse skal meldast til vakthavande koronalege via sentralbord.   Når de gjeld lokalsjukehusa så skal pasientar utan koronamistanke meldast til lege ved lokalsjukehuset slik som før - dette gjeld pasientar til indremedisin og skadepoliklinkk.  Ved mogeleg mistanke om Covid-19 smitte eller for pasient i karantene blir pasienten ruta til FSS. Når det gjeld andre avdelingar i Helse Førde skal pasientar som før varslast til vakhavande lege.
Flytskjema ved melding om pasient med Covid-19 mistanke_versjon 6.00.pdf

Innhald i skriftleg informasjon ved innlegging og utskriving under koronapandemien.pdf

skillelinje

Taktisk samhandlingsgruppe ved pandemi

Taktisk samhandlingsgruppe er nedsett av kommunane og Helse Førde for å samhandle om korona, og er samansett av kommuneoverlegar, smittevern og andre fagfolk frå helseføretaket, samt tilsette med ansvar for samhandling.  Gruppa har som oppgåve å følge korona-situasjonen, medverke til informasjonsdeling og utarbeide forslag og tilrådingar til fagleg gode løysingar. Gjennom god samhandling er målet å utvikle og dele løysingar som er berekraftige over tid t.d. også når det gjeld ressursbruk.

https://samhandling-sfj.no/viktig-informasjon-angaande-korona/

Informasjon frå taktisk samhandlingsgruppe mai 2020.pdf

skillelinje

Videoforelesingar frå palliativt team

I samband med Covid-19 epidemien er det trong for kompetanseheving også innan palliasjon.  Palliativt team i Helse Førde har  i samarbeid med Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester gjeve tilbod om videokonferansar i ulike palliative tema.  Målgruppene for møta har vore fastlegar/sjukeheimslegar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar i sjukeheim og heimetenester.  Presentasjonane med bl.a. nyttige algoritmar er lagt ut i lenkene under.   
Behandlings-algoritmar i palliasjon_helge sarheim.pdf

DELIR angst og dødsralling. Undervisning ved Vigdis Å. Sæterlid.pdf

Videoundervisning Dyspnoe.pdf

Praktisk bruk av smertepumpe.pdf

skillelinje

Status for drift ved avdelingar i Helse Førde under Covid-19 epidemien

Helse Førde trapper for tida opp til normal aktivitet og pårørande kan igjen besøke sine på sjukehuset - men heile tida i tråd med smittevernreglane.  Telefon- og videokonsultasjonar vil bli gjennomført i dei tilfeller fysisk oppmøte er unødvendig.  Pasientar som blir sett opp til timar med fysisk oppmøte blir kontakta for bl.a. "prespørsmål/prescreening"  Alle avdelingar er igang med innkalling, men pr no er der framleis redusert drift ved alle avdelingar.  Nye tilvisingar blir teke imot og dialogmeldingar blir lest og svart ut.  Ting som haster må ringast på!  Konferanseplikt ved posititiv prescreeing! Nokon avdelingar har sendt oss spesifikk informasjon jfr under men endringar her vil nok komme.   

Innkalling og mottak til pasientkontakt med fysisk oppmoete under koronavirus-epidemien.pdf
Medisinsk avdeling i koronatider.pdf
Fys med-revma-nevro_drift i koronatider.pdf
Koronavirus og radiologiske undersøkingar_PKO.pdf

skillelinje

Til dette formålet var det inngått avtale om ei dedikert drosje i Førde, Nordfjordeid, Sogndal og Aurland. Pga svært lav bruk av desse drosjene er avtalen sagt opp fom 02.05.20.  Ambulansetenesta tek då over. 
Eigne, noko nedstrippa ambulansar vil bli brukt  og vi skal gi same tilbod for kommunane/pasientane.
Uendra bestiling via AMK.  Så d

skillelinje

Kriterer for testing av koronavirus.

https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/89
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/helsepersonell/testkriterier/

Opplæringspakken er utarbeidd av Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) Vestland, Sogn og Fjordane. Føremålet med opplæringsplanen er å sikre at personalet som skal arbeide i kohortavdeling og/eller smitteisolat får ein gjennomgang av sentrale kompetanseområder. Det er lagt opp til individuell gjennomgang (lese, e-læring), felles undervisning (video/webinar eller i avdeling) og praktiske øvingar.
Opplæringspakke for personale ved kohortavdeling og smitteisolat ved koronavirus.pdf
https://ushtsognogfjordane.no/
Oppdatert info frå hygienesjukepleiar 080420.pdf

skillelinje
Behandling av bakteriell superinfeksjon ved Covid-19 pneumoni.

Råd frå lungeavdelinga i Helse Førde vedr valg av antibiotika i tidleg fase der innleggelse ikkje er akuelt/nødvendig.
Behandling av bakterielle superinfeksjonar ved Covid.pdf

skillelinje
Helse Førde - råd og informasjon om koronavirus til pasientar, pårørande, medarbeidarar og media. No også tilrettelagt for videokonsultasjonar!

https://helse-forde.no/koronavirus
https://helse-vest-ikt.no/aktuelt/videokonsultasjon-med-behandlar-via-helsenorgeno

skillelinje
Pasientar på immunsuppressiv behandling og andre risikogrupper

https://helsenorge.no/koronavirus/risikogrupper

skillelinje
Oppdatert info frå hygienesjukepleiar Helse Førde. 

https://samhandling-sfj.no/samhandlingstiltak/smittevern-kommune/smittevern-video/
Oppdatert info frå hygienesjukepleiar 080420.pdf

skillelinje
Behandlingsalgoritmen for dyspnoe inn mot livets slutt.

Kompetansesenteret i lindrande behandling (KLB) Helse Førde/Helse Vest har i høve Covid-19 pandemien oppdatert behandlingsalgoritmen sin for dyspnoe inn mot livets slutt.  Gode råd her - spesielt til sjukeheimslegar. 
Behandlingsalgoritmen for dyspnoe inn mot livets slutt.pdf

Fann du det du leita etter?