
14.01.21
PKO møte med psykiatrisk klinkk
PKO har regelmessige møter med dei ulike avdelingane i Helse Førde der vi drøfter problemstillingar som vedgår samarbeidet mellom avdelingane og fastlegane. I november hadde vi eit slikt møte der fleire aktuelle problemstillingar blei drøfta, bl.a. kapasitetsproblem ved psykiatrisk klinkk når det blir flytta inn i nybygg i veke 8 og 9. "Alisøy informerte om at PSK skal flytte til det nye bygget i veke 8 og 9 i 2021. Det vil bli redusert kapasitet på sengepostane våre i Førde, DPS døgn Tronvik og poliklinikken i Førde i perioden. Dette vil påverke tal innleggingar vi tar imot og at vi må skrive ut fleire pasientar frå sengepostane for å kunne halde eit lågare belegg på sengepostane. Vi gler oss til å tilby pasientar, samarbeidspartar, besøkande og tilsette nye og betre lokaler."
Sjå fleire saker i referatet som ligg i lenka
Møte med PKO 05.11.20_psykiatrisk klinikk.pdf

07.01.21
Oppdatert pasientinformasjon om behandling av skabb frå Helse Førde
Hudpoliklinikken i Helse Førde har sendt ut oppdatert pasientinformasjon om behandling av skabb. Er enkel og detaljert og nyttig for allmennlegar å bruke i informasjon til pasientane. Det er mykje skabb i våre områder no og tilgang til oppdatert fagleg informasjon er viktig.
Skabb - Anbefalinger FSS 2020.pdf

Samarbeidsmøte PKO – Radiologisk avdeling. Nyttig info.
Torsdag 17.12.2020 blei det arrangert eit møte mellom PKO og radiologisk avdeling i Helse Førde. Mange nyttige moment vedr radiologi-tilbodet, ventetider, sjekklister etc blei drøfta. I referatet er der mykje nyttig info for tilvisande allmennlegar og for legar i spesialisthelsetenesta
17-12-20 Samarbeidsmøte radiologi PKO.pdf
17.12.20
Nytt kurs om samhandlingsavvik
Gruppa som arbeider med samhandlingsavvik, sett saman av Tone Holvik, Margun Thue, Elin Sørbotten, Kirstin Bruland, Kjellaug Berntsen og Irene Barmen Hoel har utarbeidd eit kurs som omhandlar korleis vi i Sogn og Fjordane arbeider med samhandlingsavvik. Kurset inneheld også informasjon om korleis vi systematisk kan arbeide med uønska hendingar for å kunne lære av dei.
Målgruppe for kurset er alle leiarar og tilsette i kommunane og i Helse Førde som er involvert i samhandlinga.
https://samhandling-sfj.no/nytt-kurs-om-samhandlingsavvik/

10.12.20
Samhandling mellom kommunale tjenester og
mellom kommunale tjenester og BUP
Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten
Rapport 3-2020 - Ungdom med uavklart tilstand.pdf.pdf

Digitalt skjema for eigenregistrering til fødejournal i forkant av fødsel i Helse Førde -
Informasjon om skjema til fødejournal HFD til fastlegar og helsestasjonar.pdf

05.11.20
Førebygging av sjølvmord – folkeopplysningskampanje 2020
10. september i år lanserte regjeringa ein handlingsplan for sjølvmordsførebygging, der målet er ein nullvisjon for sjølvmord i Noreg. Eit av verkemidla i handlingsplanen er folkeopplysningskampanjar som skal spreie kunnskap og skape meir openheit om temaet sjølvmord.
Helse Vest skal derfor arbeide med å opplyse befolkninga på Vestlandet om at det ikkje er farleg å snakke om sjølvmordstankar, og at det er hjelp få. Vinteren 2020 planlegg vi ein folkeopplysings kampanje på Vestlandet der hovudbodskapet er «Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.»
I framkant av opplysningskampanjen ønskjer Helse Førde å dele informasjon med kommunehelsetenesta i Sogn og Fjordane om kampanjen og formålet med den.
I lenka under er der bl.a. informasjon om digitalt nettkurs med kurspoeng for allmennlegar. I siste lenke bl.a. informasjon om eit halvtimes webinar frå Helse Førde om temaet - møtet kan gjerne arrangerast som "smågruppe" med kurspoeng lokalt.
Kampanje - snakke om sjølvmord
Førebygging av sjølvmord – folkeopplysningskampanje 2020.pdf

29.10.20
Korrekt adressering av elektroniske meldingar til Helse Vest
Det jobbas stadig med å tilrettelegge for mest muleg korrekt adressering ved elektronisk samhandling. Det er viktig at det kun er tenestene i Norsk Helsenett Adresseregister som blir nyttet ved sending av elektroniske meldinger, uavhengig av hastegrad på sendinga. Disse adressene er sett opp til å rute meldingene direkte til korrekt mottaker uten å måtte håndteres manuelt. Eksempler på adresser: Hjertesykdommer, Ortopedisk kirurgi, Fordøyelsessykdommer.
Påminnelse om korrekt adressering.pdf
18.10.20
eMeistring
PKO har fått epost frå seksjonsleiar og overlege Tor Christopher Fink. Han skriv: "Vi starter nå opp med eMestring av mal opplegget i Bergen. I første omgang vil dette tilbudet ivaretas av Helse Bergen. Pas. kan til forskjell fra pas. i Helse Bergen ikke henvise seg selv, men dette må gå via fastlege eller lokalt dps. Tilbudet vil være tilgjengelig fra 02.11.20. Planen er at vi da tar over medio mars. Jeg legger ved info om tilbudet som jeg har fått fra Helse Bergen. "
eMeistringPKO Helse Førde (pdf)
https://helse-bergen.no/emeistring

01.10.20
Avtroppande og påtroppande PKO
Anne Stubdal fyller 70 år i desse dager og slutter i dag som PKO i Helse Førde etter at ho har vore tilsett i denne stillinga sidan 2007. Ho blei takka av formelt med ein middag på Skei Hotell nyleg. Mange gode og fullt fortente ord om hennar arbeid gjennom desse åra blei sagt på møtet. Både utviklingsdirektør, samhandlingssjef og kollegar frå PKO tok ordet og gåver blei gitt. PKO ynskjer Anne lukke til vidare i pensjonisttilværet.
Samtidig har Helse Førde vore heldig å fått rekruttere ny praksiskonsulent i stillinga etter Anne med hovudansvar for Nordfjord-området. Spesialist i allmennmedisin Anita Sørheim frå Gloppen starter i dag i jobben. Ho har mange års erfaring som fastlege i Gloppen og har også fleire års erfaring frå spesialisthelsetenesta – bl.a. ved anestesiavdelingar. PKO ynskjer henne hjarteleg velkomen i kollegiet!

29.09.20
Pasientreiser oppfordrar brukarar til å køyre eigen bil eller bli køyrt til behandling, alternativt få endra timeavtale.
Pasientreiser har svært stor pågang frå behandlarar med bestilling av drosjer. Etterspurnaden er langt større enn den faktiske kapasiteten. Kapasiteten er nær sprengd i store delar av Helse Førde sitt område grunna buss-streik og covid-19.
Pasientreiser oppfordrar brukarar til å køyre eigen bil eller bli køyrt til behandling.pdf

24.09.20
Carpaltunnelsyndrom og tilvising
PKO har fått epost frå overlegane Stig Hegrestad frå nevrologen og Navid Beigi frå ortopeden. Dei skriv:
"Det er i løpet av siste året blitt lang ventetid for NCV/EMG, dvs. nevrografi og elektromyografi, og for tida er denne 6 månader. Når det gjeld carpal tunnel syndrom vil behandlingsvurderinga i 80-90% være styrt av klinikk. Dersom typiske symptom bør desse pasientane henvisast direkte til ortoped for å unngå unødig lang ventetid. Ved meir diffuse symptom vil det som hittil være behov for nevrofysiologisk kartleggjing med NCV/EMG."

13.09.20
Pause i eldremedisinsk poliklinikk på Eid
Laila Haugland, avdelingssjef ved medsinsk avdeling i Helse Førde skriv i ein epost til PKO:
"Vi må dessverre informere om at overlegen som er tilknytta Eldremedisinsk poliklinikk på Nordfjord sjukehus har sagt opp si stilling og sluttar i september. Vi har ikkje noko erstattar på kort sikt, og må difor midlertidig stoppe dette tilbodet. Elisabeth Bolik vil i samarbeid med Eva Søgnen (ovelege på eldremedisin på Sentralsjukehuset) gjennomføre kontrollar på pasientar tilknytta tilbodet på Nordfjord sjukehus ut året. Nyhenviste må få tilbod på Sentralsjukehuset.
Etter nyttår vil alle pasientar bli overførde til Sentralsjukehuset inntil vi klarer å få tilbodet opp å gå igjen i Nordfjord.
Vi vil jobbe med å bygge opp kompetanse til reåpning av tilbodet, og vil komme tilbake med informasjon så raskt som mogeleg. "

11.06.20
Pust Deg Bedre er et digitalt verktøy, i form av en app, for lungesyke som strever med slim og åndenød.
Informasjon frå fysioterapiavd. Helse Førde ved Elin Johnsen,
Spesialfysioterapeut:
"Appen gjør det mulig for fysioterapeutene å skreddersy en behandling til hver enkelt og behandlingen er lett tilgjengelig på pasientens egen mobiltelefon. Behandlingen er i stor grad visualisert ved hjelp av 3D-animasjoner, som utfører pusteteknikker for å løsne, flytte og fjerne slim samt dempe åndenød.
Målet er å gi lungesyke et verktøy for å mestre egen helse bedre og oppleve større frihet og livskvalitet i hverdagen. Ved at de får fjernet slim effektiv og skånsomt regelmessig, er ambisjonen å redusere krevende sykehusinnleggelser.
Appen vil også gjøre det lettere for fysioterapeutene i kommunene å lage behandlingsplaner for pasientene og kontinuiteten i behandlingen styrkes. Appen er også et fagverktøy for fysioterapeuten, for å sikre god faglig kvalitet på behandlingen.
I spesialisthelsetjenesten er lungefysioterapi en viktig og godt integrert del av behandlingstilbudet til mange av våre pasienter, og vi opplever samarbeidet med lungelegene som svært nyttig og lærerikt. Når pasienten kommer hjem og skal følge opp på egen hånd kan det være krevende. Dere som fastleger vil ofte være bindeleddet mellom fysioterapeuter og pasienter. Ved å ha kunnskap om appen og nettsiden til Pust Deg Bedre, kan dere være brobygger mellom fysioterapeuter og lungesyke, hvor Pust Deg Bedre kan være en solid plattform å bygge broen på."
https://www.pustdegbedre.no/
https://helsenorge.no/sok#k=Pust%20deg%20bedre

07.05.20
Digital disputas med Hege Kristiansen.
Hege Kristiansen disputerer 8.5.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "The vulnerable child in an obesogenic environment" - "Sårbare barn i et fedmefremmende samfunn."
Hege Kristiansen er overlege ved barenavdelinga Helse Førde. Prøveforelesninga «Children with obesity, nature or nurture?» som er kl 09.15-10.15 er særleg interessant for allmennlegar.
https://www.uib.no/nye-doktorgrader/135386/sårbare-barn-i-et-fedmefremmende-samfunn

30.04.20
Budtenestene for laboratorieprøver
Overlege Reidar Hjetland ved mikrobiologisk avdleing HFD har svart PKO på status for denne tenesta. Han skriv: "Dette har dessverre tatt lengre tid enn planlagt pga av Corona situasjonen, som har medført anna prioritering både for oss og Sjukehusinnkjøp. Vi har hatt nokre møter og siste versjon vert sendt ut til dykk alle neste veke.
Vegen vidare er utlysning som da er 35 dager. I tillegg må eventuelle leverandør få tid til å få på plass nødvendig materiell. Ser for oss at oppstart da vil kunne vere i løpet av august"

23.04.20
Praksiskonsulent i Helse Førde - lokalisert til Nordfjord
Er du allmennlege, og engasjert i samarbeidet mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta? Då er denne oppgåva noko for deg!
Helse Førde har ledig fast 20% stilling for allmennlege som praksiskonsulent for område Nordfjord.
Stilling ledig som praksiskonsulent i Helse Førde.pdf

02.04.20
NSAID injeksjon i ambulansane
Ambulansetenesta i Helse Førde og resten av Helse Vest ynskjer å kunne tilby NSAID, spesielt mtp pasienter med steinproblematikk. Alle ambulanser i Helse Førde er no utrusta med denne medisinen.
Her er tiltakskortet som ligg i metodeboka til ambulansen. Håper dette blir tatt vel i mot i legevaktsgruppa.
NSAID injeksjon i ambulansane.pdf
Rask vurdering utan ØH innlegging ved akutt døgn i psykisk helsevern, Helse Førde
Rask vurdering blei innført ved DPS dag med mål om å redusere antall innleggelsar på akutt døgn. Tanken er at leger som kontaktar vaktlege ved Psykiatrisk klinikk og som ynsker å legge inn ein pasient akutt, vil kunne få denne pasienten vurdert innan 1-5 dager.
Rask vurdering utan ØH innlegging ved akutt døgn i psykisk helsever.pdf

20.03.20
Innskjerpa kriterier for testing av koronavirus i Helse Førde
PKO har fått denne informasjonen idag frå mikrbiologisk avdeling i Helse Førde der dei skriv:
Mikrobiologisk avdeling har sprengt kapasitet og står i fare for å gå tom for reagensar for koronavirus. Prøvetalet må difor reduserast.
Mikrobiologisk avdeling i Helse Førde er pressa pga koronavirus-situasjonen. Dette gjeld personell, reagensar og prøvetakingsutstyr, og slik er det over heile landet. Fleire helseføretak har allereie slutta å teste prøvar frå primærhelsetenesta og nokre har også måtta avslutte testing av eigne tilsette fullstendig. Dette vil snart bli konsekvensen også hos oss med mindre dei nedanståande avgrensingane av Folkehelseinstituttet sine kriterier for testing etterlevast. Desse er utarbeidd etter samråd mellom dei mikrobiologiske avdelingane i Helse Vest. Dersom vår testkapasitet
overskridast, må laboratoriet prioritere etter beste skjønn.
Detaljer i lenka under.
https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/85
24 timars EKG/Holter - kun på strenge indikasjonar.
Overlege Dag Jone Fadnes skriv i ein epost til PKO:
Grunnet pågående pandemi med Covid-19 fører dette til sterkt redusert kapasitet ved medisinske poliklinikker i Helse Førde.
I den forbindelse vil jeg be om at henvisninger til Holtermonitorering (24-72 t EKG) kun begrenses til de tilfeller hvor man mistenker arytmier som kan gi prognosetap, dvs alvorlig bradyarytmi med høygradig blokkeringer, alvorlig takyarytmi eller sterk mistanke om atrieflimmer ved høy CHADsVasc-score.
Vi vil også i den inneværende situasjonen se oss nødt til å avvise en del polikliniske henvisninger der man oppfatter at pasienten ikke har alvorlig sykdom og ikke vil ha nytte av undersøkelse i spesialisthelsetjenesten.
Dette vil vi komme tilbake til så snart myndighetene kommer med ny veiledning i løpet av kort tid.
Se ellers nylig publisert god artikkel:
https://tidsskriftet.no/2020/02/originalartikkel/funn-og-konsekvenser-ved-langtidsregistrering-av-ekg
19.03.20
Råd og informasjon om koronavirus til pasientar, pårørande, medarbeidarar og media
Koronavirus - Gul beredskap!!
Helse Førde er i beredskap grunna situasjonen med koronavirus.
https://helse-forde.no/koronavirus
Covid-19 i Legevakthåndboken og Telefonråd
Råd for legevaktenes håndtering av covid-19 infeksjon er nå integrert i Legevakthåndboken og Telefonråd.
https://www.norceresearch.no/nyheter/covid-19-i-legevakthandboken-og-telefonrad
Direktetelefon til Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane
I desse tider er barn og vaksne kanskje endå meir utsett for overgrep i nære relasjonar. Dessverre er det samtidig vanskeleg å komme gjennom til Overgrepsmottaket via legevaktstelefonen på 116117 eller tlf 57 72 37 48. Dersom de ynskjer å komme i kontakt med Overgrepsmottaket, kan de ringe direkte til spl. Lin Finjord på telefon 97152859 eller spl. Bente Anita Alisøy på telefon 97199782.
Informasjon til legekontor_overgrepsmottaket.pdf

14.03.20
Mikrobiologiske testar og koronasituasjonen
Info frå mikrobiologisk avdelding der dei oppmodar til måtehald ved rekvirering av mikrobiologiske prøvar, særleg PCR, samt om nokre endringar i PCR-oppsetta.
https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/82

Koronasjekk
Nyttig info å spre lokalt i kommunane
https://koronasjekk.no/

12.03.20
Etablering av operativt samhandlingsråd og taktisk samhandlingsgruppe ved pandemi
Helse Førde og kommunane har felles prosedyre for «Samarbeid mellom Helse Førde og kommunane ved influensapandemi»
Etter oppmoding frå koordineringsrådet vert no denne prosedyra sendt ut til alle kommunane v/kommunedirektørane for å starte arbeidet med å etablere operativt samhandlingsråd og taktisk samhandlingsgruppe.
https://samhandling-sfj.no/viktig-informasjon-angaande-korona/

Videokonsultasjon i allmennpraksis
Sakser frå dagens brev frå "allmennlegenes innsatsgruppe Covid -19"
Vi oppfordrer alle fastleger til å sette i gang med videoløsninger. Vi er for tiden kjent med disse tre løsninger for video. Her følger de i en i alfabetisk rekkefølge, vi tar ikke stilling til hvilken som er best:
Confrere
https://confrere.com/fastleger
Pasientsky
https://www.patientsky.com/
VisibaCare
https://www.visibacare.com/no/
Du trenger et webkamera og mikrofon.- Løsningen settes opp uavhengig av journalløsningen. Du bruker videoløsningen ved siden av EPJ og noterer i journalen.
Legekontorer bør vurdere å kontakte egne EPJ-leverandører. I Norm for informasjonssikkerhet i helsetjenesten finnes en veileder som skisserer de generiske kravene til bruk av bl.a. videokonsultasjoner i legekontor. Veilederen finner dere her:
https://ehelse.no/normen/veiledere/veileder-i-bruk-av-portallosninger-sms-og-e-post

11.03.20
Spør om koronakontakt før alle avtaler.
Taktisk samhandlingsgruppe avgjorde på møte 10. mars å sende ut oppmoding til alle kommunale legevakter (både i eigen kommune og interkommunale) om systematisk å stille spørsmål kring koronasmitte.
Forslag til tekst for lokale kontor som ikkje er samlokalisert med sjukehusa:
«Før du kjem på legekontor, eller ambulansen kjem for å hente deg, må vi spørje deg om du har vore på reise i eit smitteområde, eller om du har vore i kontakt med personar som er bekrefta smitta av koronavirus? Dette for at vi skal kunne førebu oss på ein god og rett måte.»
Til alle kommunale legekontor og legevaktsentralar - Vedrørande koronasmitte.pdf
10.03.20
Korona mistanke og tilvising til skadepoliklinkken
PKO har vorte kontakta av ortopedisk avdeling ved Kaya Kvarme Jacobsen. Ho gjer her greie for nye rutiner ved skadepoliklinkken. "Pasienter med påvist korona eller som har karantene/isolasjon pga mulig korona og som trenger en poliklinisk vurdering av ortoped skal meldes til ortopedisk LIS3 (i motsetning til gjeldende rutiner angående polikliniske ØH-pasinter). Pasienten skal deretter reise med egen transport og parkere utenfor akuttmottaket ved FSS. Disse pasientene skal i denne omgang ikke til Lærdal eller Eid. Når pasienten er ankommet skal de/pårørende kontakte akuttmottaket på telefon 57839666. Akuttmottaket videreformidler til LIS3 at pasienten er kommet, og LIS3 undersøker pasienten i bil iført smittevernsutstyr med tanke på behov for røntgenundersøkelse. Ved behov for røntgen eller annen behandling inne på sykehuset følges rutiner som ved MRSA-pasienter, men med tillegg av vernebriller for personale.

05.03.20
Testing for nytt koronavirus utførast no ved mikrobiologisk avdeling i Helse Førde
Frå torsdag 5. mars 2020 utførast testing for nytt koronavirus (SARS-CoV-2) ved mikrobiologisk avdeling i Førde. Denne kan rekvirerast i interactor på vanleg måter under mikrobiologi-luftvegar der koronavirus har fått sin eigen knapp.
Det er tilstrekkeleg med eitt sett prøvar - ei penselprøve frå hals/nasopharynx (allmennpraksis). Om medisinsk indisert kan ein rekvirere andre luftvegs-PCR på same pensel/glass. I sjukehus bør ein om mogeleg supplere med prøve frå nedre luftvegar (BAL, trachealsekret).
Den første tida må negative prøvar verifiserast ved Haukeland sjukehus før endeleg svar, og positive prøvar må verifiserast ved Folkehelseinstituttet. Mikrobiologisk avdeling vidaresender.
Vi minner om at det inntil vidare skal takast kontakt med lokal smittevernlege for å diskutere indikasjonen for å ta korona PCR.
https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/
Koronasmitte og behandling med immunsupressive midlar inkludert biologiske midlar.
Dette vil gjelde ein del pasientar med inflammatoriske tarmsjukdomar, revmatiske sjukdomar og nokon nevrologiske sjukdomar. Faglege vurderingar er at desse pasientane ikkje blir lettare smitta enn andre men nokon dei kan utvikle eit meir alvorleg forløp. Dog har influensatilstander vist at dei fleste av desse pasientane takler slike infeksjonar godt. Det er sterkt tilrådd at dei fortset med sine medisiner slik som vanleg og ikkje avslutter. Seponering vil for ein del pasientar medføre forverring i grunntilstanden og dermed svekka immunforsvar på den måten. Dei vanlege råd omkring forebygging av smitte og handtering av sjukdom som ein finn på fhi.no vil også gjelde for desse pasientane.
https://www.crohnsandcolitis.org.uk/news/updated-wuhan-novel-coronavirus-advice

28.02.20
Viktig omkring prøvetaking ved korona-virus-misstanke!
Så lenge vi er i ein situasjon med få påviste tilfelle med Covid-19 i Norge, handlar god handtering ikkje berre om å gje god behandling til pasientane som treng det, men i denne fasen er det også viktig å hindre vidare smittespreiing. Samstundes er det meldt om utfordringar knytt til levering av smittevern utstyr. Helse Førde har revidert sine smittevern rutinar og desse er tilgjengeleg på PKO sidene.
Folkehelseinstituttet har lagt opp til at vurdering og prøvetaking kan skje i primærhelsetenesta ved å isolere pasienten heime til prøvesvar føreligg.
Pr. i dag er det tilrådd fylgjande prøvetaking og analysestad:
• Koronaprøve analyserast inntil vidare ved HUS. Det skal sendast eit prøveglas (rødt virustransportmedium) med ein pensel. Denne penselen skal først brukast på bakre svelgvegg, deretter i nasofarynx. Det vert arbeidd for å få til elektronisk rekvirering i Interactor. Før denne er aktivert i journalsystemet må ein bruke papirrekvisisjon til mikrobiologisk avdeling, Haukeland (sjå eiga lenke). Relevante kliniske opplysningar må påførast. Prøvane sendast direkte til Haukeland universitetssjukehus. Det vil i løpet av kort tid kunne forventast at FSS vil kunne analyser prøvene. Det vil det kome informasjon om.
• Ved sterk medisinsk indikasjon tar ein eit prøveglas nr 2, med ein pensel frå nasofarynx, for analyse på ordinære luftvegsagens. Sendast som vanleg til FSS med rekv i Interactor. Dette skal ikkje gjerast rutinemessig! Vi skal heller ha høgre terskel for slike prøver no enn til vanleg – dette for å unngå at det etter kvart blir manko på prøveutstyr.
Fastlegar og legevakt kontakter eigen smittevernlege ved behov, og alltid før det blir avgjort om coronaprøve skal takast! Smittevernlege som ynskjer kontakt med Helse Førde knytt til Koronaproblematikken, ringer sentralbordet 57 83 90 00.
Sentralbordet vil
• på vakttid sette over til vakthavande overlege med medisinsk avd. FSS
• i kontortid måndag til fredag medisinsk fagleg rådgjevar, overlege Torgeir Finjord
Testing, isolering og oppfølging av nærkontaktar er ressurskrevjande, så dette vert gjort kun ved kvalifisert mistanke. Kartlegging av nærkontaktar/smitteoppsporing skal gjerast i samarbeid med Folkehelseinstituttet.
Koronavirus info fastlegar og legevakt_280220.pdf
Labark_ HUS Mikrobiologi_corona.pdf

13.02.20
Viktig endring i Livmorhalsprogrammet for kvinner frå Vestland
No blir det sams screeningsrutine for livmorhalskreft i heile Vestland fylke.
Frå 24. februar 2020 vil livmorhalsprøvane for kvinner mellom 34 og 69 år bli HPV (humant papilloma virus)-testa. Livmorhalsprøvar frå kvinner mellom 25 og 33 år, vurderast framleis i mikroskop.
OBS! HPV-test og celleprøve er screening og ikkje testar for diagnostikk og skal ikkje brukast åleine ved undersøking/kontroll av kvinner med symptom. Hjå kvinner med normale screeningstestar er intervalla mellom rutinekontrollar 5 år ved primær HPVscreening og 3 år ved celleprøve vurdert i mikroskop. Flytskjema med tilrådd oppfylging av ulike prøvesvar er utarbeidd av Livmorhalsprogrammet og kan lastast ned/hentast derifrå.
Kvinnene vil få påminning om tid for nye prøver på same måten som før og rutinane for taking og sending av prøvane er uendra. Prøvane blir som no analysert ved Patologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus.
Endringa er gjort i samråd med Kreftregisteret, dr Ameli Trope (leiar for Livmorhalsprogrammet) og Birgit Engesæter (prosjektleiar – Implementering av HPV-screening)
For lokal informasjon kontakt dr.Jostein Tjugum - rådgivar logistikk Livmorhalsprogrammet Helse Førde, jostein.tjugum@enivest.net Mobil 415 69 638 (sms).
HPV-screening for alle kvinner mellom 34 og 69 år i Sogn og Fjordane.pdf 202002 Brosjyre til kvinnene_Vestland.pdf
https://www.kreftregisteret.no/screening/livmorhalsprogrammet/

OM KORONA viruset: Informasjon Frå Helse Førde til kommunehelsetenesta og legevaktsentralane
Som kjent er det eit utbrot i Kina med et nytt koronavirus (2019-nCoV). Helse Førde ynsker å få til eit godt samarbeid med primærhelsetenesta ved mistanke om koronavirussmitte.
Vi må vere budde på at viruset kan spreie seg til Norge, i første omgang som sporadiske einskildtilfelle. Folkehelseinstituttet (FHI) gjev god rettleiing på fhi.no om når 2019-nCoV-sjukdom bør mistenkast og korleis det skal handterast både i primærhelsetenesta og i sjukehus.
Det er samtidig viktig at vi gjer lokale tilpassingar til dette og etablerer gode rutinar og godt samarbeid.
Så lenge vi er i ein situasjon med ingen eller få påviste tilfelle med 2019-nCoV i Norge, handlar god handtering ikkje berre om å gje god behandling til pasientane som treng det. I denne fasen er det å hindre vidare smittespreiing også svært viktig.
Folkehelseinstituttet har lagt opp til at vurdering og prøvetaking kan skje i primærhelsetenesta ved å isolere pasienten heime til prøvesvar føreligg. I den fasa vi er i nå er framleis mykje ukjent med omsyn til dette viruset.
https://fhi.no/nettpub/coronavirus/
200207 Koronavirus info fastlegar og legevakt.pdf

Oppdatert info om behandling av skabb.
Hudavdeldinga Helse Førde har kontakta PKO vedr oppdatert informasjon om skabb. Overlege Ingvild Hatten skriv: "Vi bruker no oppdatert pasientinformasjon frå Hudavdeling Bergen vedr behandling (Nix krem 5%) somkan kjøpast reseptfritt frå apotek. Det er tilrådd å behandle hovud/hals, la kremen vere på i 12 timar, sanere i 5 døgn osv. Det er nok dessutan framleis ein del pasientar som får berre 1 behandling utan re-behandling etter 6-7 dagar, og det er sjølvsagt kjelde til behandlingssvikt.
Denne informasjonen er nokså lettfatteleg for pasientane, den beskriv punktvis korleis dei skal gjere dette med skifte av klede/sengeklede. "
Skabb OPPDATERT FEB 2020 FSS_pasientinformasjon.pdf
Nyhendebrev frå Fylkesmannen i Vestland
Fylkesmannen i Vestland skriv på sine nettsider at om ein vil få med seg siste nytt fra Fylkesmannen i Vestland, kan ein abonnere på nyhende frå nettstaden deira. Ein kan skreddarsy abonnementet til å handle om dei fagområda ein er interessert i. Mykje bra og nyttig infromasjon også for allmennlegar kan finnast her. Nyhendebreva lander i epost-innboksen med gjevne mellomrom. Interessant informasjon er lett å finne.
https://www.fylkesmannen.no/nb/vestland/abonnement/

06.02.20
Kvetiapin i små doser ved søvnvansker er "off label" bruk der pasienten ikkje samtidig har tyngre psykiske lidingar
PKO har fått nokon innspel frå kollega vedr bruk at kvetiapin som sovemedisin. Det blir vist til ein tidsskriftsartikkel - vedlagt i lenke. Vi har også spurt RELIS Vest som svarer under. Overlege Trond Aarre tenker også omkring saka og er vist til blant lenkene under.
Relis Vest skriv: "Kva gjeld spørsmålet om retningslinjer for bruk av kvetiapin mot søvnvanskar, viser vi til Nasjonal kompetansetjeneste for søvnsykdommer (SOVno), som er lokalisert i Helse Bergen og har laga ei nasjonal tilråding for utgreiing og behandling av insomni (visast òg til i artikkelen). Tilrådingane oppgjev at antipsykotika (deriblant kvetiapin) kan vere aktuelt ved insomni der pasienten har komorbide psykotiske eller bipolare symptom, men at dokumentasjonen på effekt er mangelfull og med stor risiko for både korttids- og langtidsbiverknader. Fordelen kan vere effekt på den komorbide lidinga og at kvetiapin ikkje er vanedannande. Dei skriv vidare: «Vi vil likevel ikke anbefale bruk av antidepressiva, antipsykotika eller antihistaminer for insomni, hvis det ikke foreligger spesifikke grunner til det (komorbid insomni). Vi er spesielt bekymret for og negativ til den økte bruken av antipsykotiske preparater ved insomni.»
Lenkene under viser til bakgrunnsinformasjonen
https://helse-bergen.no/nasjonal-kompetansetjeneste-for-sovnsykdommer-sovno#anbefalinger-og-retningslinjer
https://tidsskriftet.no/2019/09/kronikk/kvetiapin-er-ikke-en-sovemedisin
Bruk av kvetiapin ved søvnvansker_Trond Aarre.pdf
30.01.20
Nedsett kapasitet innan utgreiing av autisme samt nevropsykologisk vurdering av barn.
Solveig Horstad Berget, avdelingssjef ved barne-og ungdomsavdelinga ved Helse Førde skriv til PKO om at habilitering for barn og unge dessverre no har svært nedsett kapasitet innan utgreiing av autisme samt nevropsykologisk vurdering av barn. Dette gjeld fram til august 2020. Dette grunna mangel på fagfolk i perioden. Ho skriv at det er viktig at det framleis blir sendt tilvisingar, men situasjonen innebær at det tek tid før ein får svar eller kjem til utgreiing.
Barne- og ungdomsavdelinga ser på løysingar og vil komme tilbake med informasjon ved evt endring.
09.01.20
Balanselaboratoriet.no
Karianne Strønen, overlege ved ØNH i Helse Førde, skriv at dei har hatt undervisning og gjennomgang av dei oppdaterte sidene til Balanselaboratoriet.no Ho reknar med at ein del kollegaer kjenner til sidene, men at det sikkert er kjekt med ei påminning. Sidene er svært nyttige med praktisk informasjon og god fagkunnskap og er no oppdaterte med ein betre og meir oversiktlig design.
PKO takker for påminninga og legg no dette ut på nettsidene våre.
http://www.balanselaboratoriet.no/

02.01.20
Heving av aldersgrensa for personar med diabetes til 18 år på Barne-og ungdomsavdelinga.
Margunn Skudal Nistad, Seksjonsleder Barne- og ungdomsavdelingen Helse-Førde har sendt oss ein epost vedr temaet. Ho skriv at "som kjent har det vært jobbet med å øke aldersgrensen fra 16 til 18 år på BUA over en lengre periode. På poliklinikken har en utvidet aldersgrensen til 18 år for diabetikere. En valgte å starte her for å gjøre seg opp en erfaring med en gruppe. Dette har gått greit. Vi ønsker derfor å videreføre denne diagnosegruppen til og å gjelde sengeposten. Det betyr i praksis at nyhenviste med spørsmål om diabetes opp til 18 år skal henvises til Barne-og ungdomsavdelingen.
Ny ordning vil gjelde fra 01.01.2020.

19.12.19
Høyring Grimstadutvalgets utgeiing: Studieplasser i medisin i Norge – behov, modellar og muligheter
Endringa som blir foreslått har konsekvensar også for legeutdanninga i Bergen iom at det blir forslått at Stavanger også skal få sin del av utdanninga - evt. eit nytt fakultet. Detaljer finnast i lenka under og det er fritt fram for legemiljøa rundt omkring i Fylket å komme med si høyring.
Høyringsfrist er 15. februar 2020.
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/horing-grimstadutvalgets-utredning-studieplasser-i-medisin-i-norge-behov-modeller-og-muligheter/id2673050/?expand=horingsbrev
Transport av biologisk prøvemateriale til Helse Førde
Postsendingar av prøver til laboratoria i Helse Førde vil bli redusert sidan posten Norge ikkje lenger leverer post alle virkedagar. Det har derfor vore arbeidd med ei henteordning, og ein ventar på svar frå aktuelle leverandørar av bodteneste. Dette vil truleg vere klart ila våren 2020, og nærare informasjon vil kome. Ein tek sikte på henting på kvart legekontor i Helse Førde sitt nedslagsområde alle virkedagar.
20.12.18
12.12.19
Endra rutiner for stikkuhell
Frå september 2019 har mikrobiologisk avdeling endra sine rutinar for handtering av prøvar i samband med stikkuhell på sprøyter og liknande.
Tidlegare sende avdelinga ut påminning om kontrollprøvar til rekvirentane, dette er ikkje lenger tilfelle.
Rekvirenten må sjølv passe på å ta kontrollprøvar der det er grunn til det. Det er som hovudregel ikkje lenger nødvendig å ta kontrollprøve
der kjeldepersonen er negativ for HBV, HCV og HIV.
Infobrev stikkuhell nov 2019.pdf
https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/
Feces diagnostikk over på PCR
Frå 2. desember 2019 gikk mikrobiologisk avdeling over til å nytte PCR som hovudmetode for all diagnostikk av diaréframkallande mikrobar. Dette vil gjennomgåande gi raskare svar.
infobrev feces PCR nov 2019.pdf
https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/
Ny prosedyre for ØH-innlegging av pasientar i indremedisinsk avdeling i Helse Førde, i opptaksområdet til Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus
Føremål med prosedyra: Sikre hensiktsmessig og trygg prehospital seleksjon av indremedisinske ØH-pasientar til rett behandlingsnivå ut frå tentativ diagnose, klinisk status, forventa behandlingsbehov og totalsituasjon.
ØH-prosedyre til utsending 22.11.19.pdf

07.11.19
Innføring av "medikamentskrinet" i Helse Førde
PKO har fått ein epost frå Marthe H Aase, Kreftsjukepleiar i Palliativt team i Helse Førde. Ho representerer "Styringsgruppa i nettverk for ressurssjukepleiarar" og skriv at dei no er under innførring av medikamentskrinet i Helse Førde. Vidare skriv ho: " All informasjon som legane vil trenge ligg i linken som eg legg ved. Vi har tru for at legane syns dette er kjærkome i møte med den palliative pasienten. Med medikamentskrinet vert også behandlingsalgoritmane over dei 4 viktigaste medikamenta i palliasjon sende med skrinet. Dette vil gjere arbeidet enklare for legane i møte med pasienten, særleg då ressurssjukepleiarane alt er kjende med ordinasjonane. "
https://helse-bergen.no/kompetansesenter-i-lindrande-behandling/palliasjon-verktoy-for-helsepersonell/medikamentskrin-vaksne

17.10.19
Allmennlegane sine mikrobiologi- og patologisvar kjem no automatisk inn i DIPS.
Frå 30. oktober 2019 vil det automatisk bli sendt kopi av prøvesvar frå mikrobiologisk avdeling og avdeling for patologi til Helse Førde sitt pasientjournalsystem DIPS for prøvar som er tekne av eksterne rekvirentar (legekontor m.v.).
Dette har ikkje vore praksis i Helse Førde hittil. Helse Førde har har no fått juridisk avklaring om at dette er tillete etter journalforskriften.
Dette betyr at prøveresultata ligg tilgjengelege i DIPS dersom pasienten leggast inn eller henvisast til Helse Førde, noko som er ein stor fordel.
Infobrev mikro pat okt 2019.pdf
https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/
Osteoporosepoliklinikken; beintettheitsmåling indikasjoner, tilvisingar, diverse problemstillingar.
Etter at osteoporosepoliklinikken ved revmatologisk avdeling blei evaluert og endra i drift og epikrisestruktur fra hausten 2018, er det eit veldig positivt inntrykk der mange primærleger via dialogmeldinger men også via opplysningar i henvisningane har stor kunnskap og interesse for utgeiiing og behandling av osteoporose. Det er ei oppfatning at fastlegane er meir fornøgde med tilbakemeldingane fra osteoporosepoliklinikken etter omlegginga. Revmatologisk avdeling kjem her med nokre generelle råd/presiseringar.
Osteoporosepoliklinikken-indikasjoner, tilvisingar, diverse problemstillingar.pdf
Voksne fimosepasientar kan bli sett opp rett til operasjon ved tilvisingar med tilstrekkeleg informasjon
Overlege Marius Dalin ved urologisk seksjon har sendt epost til PKO og informert om muleghet til å forenkle litt for voksne pasientar med fimose dersom det blir gitt gode kliniske opplysningar. "Dersom både tilstanden er avklart og fastlege informerer kort om kirurgien, lokalbedøvelse og bekrefter overfor oss at pas er innstilt på kirurgisk behandling i lokal kan vi like godt planlegge for op på kir pol i lokal direkte, så slipper de en ekstra tur. Dette som en liten oppfordring for å korte ventinga for de det gjelder".

05.09.19
Ortoped Humborstad tilbake i Helse Førde - gir auka kapasistet for skulderkirurgi
Kari Anne Indrebø, Avdelingssjef i Helse Førde har sendt oss denne eposten:
Helse Førde får frå 01. oktober 2019 auka kapasitet på utgreiing og operativ handsaming av skulderlidingar. Kristian Sørland Humborstad er tilsett i overlegestilling som skulderkirurg. Han har hatt skulderkirurgi som sin hovudfelt sidan han var ferdig spesialist i ortopedi, og har arbeidd ved skulderseksjonen på Haraldsplass Diakonale Sjukehus dei 9 siste åra. Han skal ha utgreiingspoliklinikk på Nordfjordeid og i Førde. Han ser på alle typar skulderskader og skulderlidingar, etter kvart i samarbeid med våre fysioterapeutar og LIS-legar. Vi ber om at pasientane som vert tilvist har tatt røntgen av skulderen, ved inneklemmingsprobematikk og slitasje, eventuelt MR, spesielt der ein mistenkjer skader på leddlepper/instabilitetar og rotatormansjettskadar. Vi håpar på godt samarbeid med fastlegar, fysioterapeutar og kiropraktorar.

20.06.19
Aldersgrense for helseattest ved førarkort hevast til 80 år.
I ulike sosiale medier og aviser har ein dei siste dagane kunne lese om nyordninga som er gjeldande frå igår 19.06. På nettsidene til Vegvesenet står det bl.a.:
"Hvis du ikke har helseproblemer, kan du nå vente til du er 80 år med å levere helseattest for å fornye førerkortet.
– Fram til nå har denne aldersgrensa vært 75 år. Denne heves altså nå til 80 år. Deretter må du fornye førerkortet og levere helseattest hvert tredje år hvis ikke legen av medisinske årsaker har gitt deg en kortere frist."
Det har også vore skrive noko om dette med kognitive testar. Nokon legar praktisererer enkle kognitive testar som ein rutine ved slike helseundersøkingar. Slike testar har vel også så langt vore tilrådd ved misstanke om kognitiv test. På nettsidene står det vidare om dette temaet:
"En annen nyhet er at kognitive tester skal ikke benyttes med mindre det er helt tydelige tegn på kognitiv svikt. Helsedirektoratet har fått i oppgave å ta en ny vurdering av de kognitive testene. Dette for at de skal vurdere om slike tester er den beste metoden å bruke for å fange opp kognitiv svikt."https://www.vegvesen.no/om+statens+vegvesen/presse/nyheter/nasjonalt/alder-for-helseattest-heves-til-80-ar
https://www.vegvesen.no/forerkort/har-forerkort/fornye-forerkort/fornye-forerkort-etter-fylte-80-ar

Nytt frå samhandlingsbarometeret - statistikk på tilvisingar frå allmennlegar i Sogn og Fjordane
Samhandlingsbarometeret presenterer no ein ny statistikk på tema omkring tilvisingar. Statistikken viser at tilvisingane var aukande frå 2011 til 2014, men etter den tid har dei vore relativt stabile. Variasjonen mellom dei enkelte legane er framleis stor. Når det gjeld ØH innleggingar så har desse ligge stabilt dei siste 8 åra.
https://samhandling-sfj.no/tilvisingar-fra-fastlegar-i-sogn-og-fjordane/

Allmennlegar kan også rekvirere medisinsk obduksjon i Helse Førde
PKO har fått ein epost frå patologisk avdeling i Helse Førde der det bl.a. står:
"Helse Førde tilbyr medisinske obduksjonar for alle kommunar i Sogn og Fjordane.
• Det er ingen utgifter for kommunane ved ein medisinsk obduksjon
• Dette blir betalt av NAV
• Begravelsesbyrået transporterer den døde til medisinsk obduksjon. Dei sender rekninga direkte til NAV, så ingen pårørande blir belasta
Helse Førde har 5 patologar og 1 obduksjonsteknikar. Vi har også LIS ved vår avdeling som treng flest mogleg obduksjonar i si utdanning.
Obduksjonar er viktig for å kunne fastslå eksakt dødsårsak. Samtidig er det viktig som en kvalitetssikring for legar i forskjellige spesialitetar. Difor ønskjer vi å utføre så mange obduksjonar som mogleg.
Mange kvir seg gjerne på å spørje om dette med obduksjon. For å få inn ei god rutine hos rekvirentar treng det ikke vere ukjent dødsårsak for å rekvirere obduksjon, men det kan vere forhold ved sjukdomsutviklinga ein lurer på. Så lenge pårørande samtykker er vi positive til å utføre medisinsk obduksjon ved avdelinga."
Det er viktig å kontakte avdelinga før ein sender den døde til obduksjon. Det må også vere avklart at politiet ikkje vil begjære rettsmedisinsk obduksjon - denne må evt skje i Bergen. Patologisk avdeling i Førde har eigne rekvisisjonsskjema som skal nyttast ved tilvising til medisinsk obduksjon.
https://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/avdeling-for-patologi
https://tidsskriftet.no/2013/04/originalartikkel/medisinsk-obduksjon-ved-dodsfall-utenfor-sykehus

Redusert kapasitet ved urologi i Førde
P.g.a. redusert kapasitet ved urologi i Helse Førde blir difor no ein del tilvisingar dit vidaresendt til privat spesialist i Bergen. Det vil komme noko meir detaljert info til fastlegane i Helse Førde området etter kvart. Ein minner også om at fatlegar kan tilvise direkte til private spesialistar. Lenken under viser avtalespesialistar som har avtale med Helse Vest
https://helse-vest.no/behandlingsstader/avtalar-med-private/lege-og-psykologspesialistar
06.06.19
Informasjonsrunde vedr pakkeforløp rus og psykiatri til legekontora
PKO i Helse Førde har som kjent no i vår hatt implementeringsrunder med besøk til enkelte legekontor i kommunane saman med pakkeforløpskoordinatorane – slik vi også gjorde då pakkeforløp kreft blei innført. I enkelte høve har informasjonen vore gitt til kommunehelsetenesta i fellesmøte der fleire kommunar har vore med og fleire slike er planlagt. Har vore nyttig for alle parter ser det ut som. Vi har igjen nokre kommunar til hausten og implementeringa vil måtte fortsette i lang tid framover. Fleire av kommunane vi besøkte representert ved fastlegar og anna kommunalt helsepersonell som er involvert i voksenpsykiatri og barnepsykiatri, var ikkje komne så langt i planlegginga. I Helse Førde er heller ikkje alt på langt nær klart i fht pakkeforløpet. Møta opna for god dialog og borger for at vi vil få til ei bra samhandling omkring denne viktige pasientgruppa. Vi har i møta våre lagt mest vekt på forløpskoordinatorane si rolle - både på helseforetakssida og kommunesida – men også på innholdet i tilvisinga og samarbeid på førstelinjenivå som ofte må skje for å få klarheit i dei utfordringane nokon pasientar slit med. Dette gjeld særleg barn som blir tilvist BUP, men også ein del voksne.
I denne eposten er vedlagt presentasjonane som forløpskoordinatorane og PKO har hatt og litt om tilvisingsmaler med ledetekstar. Desse har PKO utarbeidd på grunnlag av det helsedir har sett opp som nyttig info ved tilvising til dei ulike pakkeforløpa. Det meste av vår info kjem frå hdir sine nettsider om Pakkeforløp – rus og psykiatri
https://www.helsedirektoratet.no/tema/psykisk-helse
Møteplass Oslo er eit samarbeidsorgan mellom allmennlegetenesta og sjukehusa i Oslo-området. Dokumentet i lenka under er ein konsensus vedr dei nye pakkeforløpa i psykiatri inngått mellom allmennlegetenesta og sjukehusa i hovudstaden. Nyttig lesnad også for oss – derfor vedlagt her.
Møteplass Oslo - pakkeforløp rus og psykiatri
Presentasjonar
Presentasjon Pakkeforløp rus og psykiatri.pdf
Pakkeforløp psykiatri tilvisingsmal CGM_med ledetekst.pdf
Tilvisingsmaler med ledetekst for ulike pakkeforløp psykiatri og rus
Pakkeforløp psykiatri voksne.pdf
Pakkeforløp rus.pdf
Pakkeforløp psykiatri BUP.pdf
Pakkeforløp psykiatri OCD.pdf
Pakkeforløp psykiatri psykose.pdf
Pakkeforløp spiseforstyrrelser barn-unge.pdf

Poliklinisk tilbod til menneske med lymfødem blir avvikla i Helse Førde
Lymfødem er ein tilstand som blir behandla først og fremst av kommunale fysioterapeutar men også på private institutt og i sjukehusa. Dei fleste i Norge med lymfødem får behandling hos privatpraktiserande fysioterapeutar med driftsstilskot. Helse Førde HF er det einaste helseføretaket i Helse Vest som gir poliklinisk tilbod til denne pasientgruppa. Frå og med 01.02.20, vil Klinisk fysioterapi og førebygging ikkje lenger gi poliklinisk tilbod til menneske med lymfødem. Inneliggande med kreftsjukdom, vil få tilbod som tidlegare.
Poliklinisk tilbod til menneske med lymfødem.pdf

Kontaktsenter i Helse Førde
I midten av mars opna Kontaktsenteret i Helse Førde. Nå sit det 4-5 medarbeidarar dagleg, og svarer på telefonar for alle dei somatiske poliklinikkane. Bakgrunnen for å opprette Kontaktsenter var at undersøking viste at 3 av 10 ikkje kom gjennom på telefon i Helse Vest. Målet med kontaktsenteret er at innbyggjarane i Sogn og Fjordane skal få svar og god service når dei ringer inn til Helse Førde.
Når ein nå ringer inn til dei somatiske poliklinikkane får ein tasteval, og ein må velje eit av vala. Dersom det er stor pågang på telefonen vil ein få melding om at ein står i kø. Dette er i hovudsak for pasientar og eventuelt pårørande. De som er helsepersonell ynskjer i første omgang direkte kontakt med behandlarar og vi har difor laga ei eiga løysing til dykk, som går utanom Kontaktsenteret.
1. De kan ringe direkte til Sentralbordet 57 83 90 00 og presentere dykk som helsepersonell, då vert de sett direkte over til poliklinikken de ynskjer kontakt med.
2. Dersom de skulle ringe det gamle nummeret til poliklinikken, om nokon av dykk har dette innarbeidd frå før, kan de etter velkomstmeldinga taste 8, og de kjem direkte til sekretær på poliklinikken.

02.05.19
Samhandlingsplakat for legar
God samhandling mellom legar er avgjerande for trygg og god pasientbehandling.
Gjensidig respekt og likeverd skal ligge til grunn for samarbeid mellom legar, og mellom leger og alle andre aktørar i helsetenesta
Sjå samhanldingsplakaten i si heilheit her - og bruk den!
Samhandlingsplakat_revidert mai 2019.pdf

22.03.19
Informasjon frå Avdeling for patologi, Helse Førde
Nytt laboratoriedatasystem 27. mars: Unilab og
endra IHR-tenestekatalog innan patologi for primærhelsetenesta
Mars2019_Lab-info frå Avdeling for patolog Helse Førde.pdf

Tilvising til pakkeforløp kreft skal i hovudsak tilvisast til klinisk avdeliing - ikkje til radiologi aleine.
PKO har fått ein epost frå fungerande fagdirektør Rune Larsen der det står: "Det er viktig at pasienter som henvises til Pakkeforløp kreft henvises til en klinisk avdeling, ikke bare til rtg. Noen ganger kommer det rtg henvisninger hvor det står Pakkeforløp kreft uten at det er henvist til klinisk avdeling. Ved funn blir de nok sendt videre i systemet, men ved manglende funn på den aktuelle undersøkelsen kan de falle ut, det kan jo være en malign sykdom et annet sted."
Vi kan legge til at når det gjeld kul i bryst som blir henvist pakkeforløp så skal desse tilvisast direkte til mammaografi. Radiologisk avdeling tilviser desse vidare til brystdiagnostisk senter der dette er påkrevd.

14.03.19
Oppdateringar i nasjonal fagleg retningsline for helsestasjons- og skolehelsetjenesten
Det er gjort fleire endringar i retningslina for at ho skal samsvare med forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten. Endringane gjeld frå 7. februar 2019.
https://www.fylkesmannen.no/nn/vestland/helse-omsorg-og-sosialtenester/helsetenester/oppdateringar-i-nasjonal-fagleg-retningsline-for-helsestasjons--og-skolehelsetjenesten

Tilvising til infertilitetsutgreiing
PKO har motteke ein epost frå Astri Rege , konst. avdelingssjef/overlege ved Kvinneklinikken Helse Førde der ho skriv: "Vi mottek mange henvisingar til infertilitetsutredning på KK. For å få utredninga til å gå raskare (og med færre konsultasjonar), ber vi kvinnene no om å ta blodprøver (hormonprøver), og mennene sædprøve på førehand, slik at dette er klart til første konsultasjon. Når vi mottek henvisinga, sender vi brev til kvinnene, med rekvisisjon til begge deler. Dei aller fleste henvisingane manglar mennene sitt navn. Vi har eit svært sterkt ønske om at mannens navn med fødselsnummer skal stå i henvisinga, slik at det vert lettare for oss å «halde styr på» sædprøvesvara vi får inn….."
Sjå elles nettsida til KK på Helse Førde sidene.
https://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/kvinneklinikken
Klinisk etikk komité Helse Førde - nytt mandat.
Klinisk etikk komité (KEK) har i møte i januar 2019 vedteke nytt mandat.
Dette mandatet inneber m.a. at KEK ønskjer også å tilby tenestene sine til kommunane, slik at om desse opplever større etiske dilemma har dei høve til å kontakte KEK for å få saka vurdert der. KEK ønskjer å få formidla ut til alle kommunane informasjon om dette tilbodet.
Klinisk etikk komité har som hovudoppgåve å stimulere til systematisk etisk refleksjon blant tilsette i føretaket, og vere til hjelp ved drøfting av konkrete etiske utfordringar. Denne årsmeldinga fortel om arbeidet som har vore gjort i utvalet i 2018, med informasjon om kva saker som har vore drøfta dette året.
Årsmelding KEK 2018.pdf
Mandat KEK frå januar 2019.pdf

21.02.19
Revidert flytskjema for hjerneslag
Helse Førde har utarbeidd nytt flytskjema for handtering av situasjonar der det er misstanke om akutte hjerneslag. Hastegradsvurderingar avheng både av varigheit sidan tilstanden oppstod og alvorsgrad i utfall. Alt helsepersonell som mottar meldingar og allmennlegar som handterer slike tilstander må gjere seg kjent med dei nye prosedyrane. Flytskjemaet inneheld både informasjon om prehospitale tiltak og det som skjer etter ankomst sjukehus. Det siste er kanskje også greit for allmennlegar å kjenne til.
Flytskjema hjerneslag_revisjon 2019.pdf
14.02.19
Trombolyse i ambulanse ved STEMI
I desember 2018 blei det innført trombolyse i ambulansane i Helse Førde. Indikasjon er STEMI som er ferskare enn 3 timar og at pasienten er yngre enn 65 år. Sjå lenka for algoritme og detaljer elles når det gjeld prosedyren.
STEMI pas jan 2019.pdf
Elektronisk radiologihenvisning via DIPS Interactor
Sylvi Akhter Fimland, fagradiograf ved radiologisk avd. Helse Førde har sendt denne eposten til bl.a. PKO.
"Radiologisk avdeling i Helse Førde byttet radiologiløsning desember 2018. I samband med oppfølging av meldingsflyt har ein oppdaga at mange legekontor ikkje nyttar DIPS interactor (IHR) ved sending av elektronisk radiologihenvising. For å få ei så god kvalitet som råd ynskjer vi at de primært nyttar IHR. Ved bruk av andre løysingar oppstår det ei rekkje utfordringar både i høve mottak av meldingane, men også ved svarutsending.
Vidare gjer vi merksam på at det er ei avgrensing i systema som medfører at det kan sendast maksimalt 4000 teikn i ei radiologihenvising. Vanlegvis vil dette ikkje vere problematisk eller avgrensande, men ein har ved nokre enkelttilfeller sett at ein har kopiert ut store delar av epikrise eller andre dokument, og nytta dette i henvisinga, og at handteringene av desse henvisingane feilar i mottak hjå oss. Ved øyeblikkelig hjelp henvisingar til radiologisk avdeling, skal en alltid sende med papirkopi av den elektroniske henvisningen. Dette i tilfelle den elektroniske henvisingen ikke kjem fram eller vert forseinka.
Legg til grunn at de har rutinar for å sjekke status på sendte elektroniske radiologihenvisninger, dette for å sikra at sendingar som feilar, vert fanga opp og korrigert. "
24.01.19
Oppdatert informasjon om fagfeltet fysikalsk medisin og rehabilitering i Helse Førde
Ved Førde sentralsjukehus vert spesialiteten fysikalsk medisin og rehabilitering i dag utøvd ved 2 kliniske seksjonar, som organisatorisk er plassert under 2 ulike avdelingar:
Rehabiliteringssengepost (FMR sengepost), som organisatorisk inngår i Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering og Seksjon for Læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering. Desse består av:
Fysikalsk medisinsk og rehabiliteringspoliklinikk (FMR poliklinikk), Smertepoliklinikk og Lærings- og meistringseining.
Organisatorisk er seksjonen underlagt Avdeling for samhandling og tverrprofesjonelle tenestar. FMR sengepost og FMR poliklinikk har lokalisasjon ved Førde sentralsjukehus, mens Smertepoliklinikken er lokalisert ved Sunnfjord medisinske senter (SMS) i Florø.
Under Avdeling for samhandling og tverrprofesjonelle tenestar finn vi også seksjon for fysioterapi, og seksjon for ergoterapi, med eigne seksjonsleiarar. I tillegg til at fysio- og ergoterapi medverkar i tenestetilbodet ved FMR sengepost, FMR poliklinikk, og Smertepoliklinikk, server dei også dei andre kliniske sjukehusavdelingane i Helse Førde, samt polikliniske tilbod i regi av andre fagområde ved sjukehuset.
Meir og detaljert info i lenka under.
Oppdatert informasjon - FMR 23.01.18.pdf
10.01.19
Pakkeforløp for psykisk helse og rus
Minner om at pakkeforløp for psykisk helse og rus tredde i kraft frå 1. januar i år. Forløpskoordinatorar i helse førde bir tilsett frå 04.02. For detaljer sjå lenkene under.
Informasjonsskriv_Helse Førde_ Pakkeforløp psykisk helse og rus.pdf
https://helsedirektoratet.no/folkehelse/psykisk-helse-og-rus/pakkeforlop-for-psykisk-helse-og-rus
Stramt tungeband hos nyfødte
Det er komme nye tilrådingar for vurdering og behandling av stramt tungeband. Denne ligg no på helsebiblioteket. Barneavdelinga i Helse Førde skriv til PKO at det har vore ulik praksis og tilrådingar blant fagfolk, også her i fylket. Difor er det bra at det no føreligg nasjonale tilrådingar som vi kan støtte oss på i vurderingane.
Utgreiinga om temaet frå barnelegeforeininga er gjengitt i lenka under men kortversjonen av tilrådingane når det gjeld indikasjon for klipping er:
"Første tiltak er alltid ammeveiledning av kompetent personell og at man forsøker å utelukke andre årsaker til barnets symptomer og ammevansker.
Stramt tungebånd uten redusert funksjon (amme/ernæringsvansker) skal ikke behandles.
Tungebåndsklipp/frenulotomi kan vurderes hvis tiltak for å bedre matinntak ikke fører frem. Dette skal utføres av kompetent helsepersonell på indikasjon ernæringsvansker/ammeproblemer når det samtidig er stramt tungebånd. Tidspunkt for klipping av tungebånd er omdiskutert. En forutsetning for at man skal vurdere klipping, er at det er dokumenterte funksjonelle problemer med amming, ikke basert alene på at det «ser stramt ut». I mange studier har man ventet med klipping til 5-14 dagers alder. Ammeveiledning bør forsøkes i minst noen dager før man evt. klipper. En gang fra etter 48-72 timers alder er det antagelig aktuelt å vurdere funksjonell konsekvens for amming."
https://www.helsebiblioteket.no/retningslinjer/nyfodtmedisin-veiledende-prosedyrer-fra-norsk-barnelegeforening/klipping-av-tungeband-hos-nyfodte
03.01.19
«La oss snakke om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.»
Sjølvmord er eit stort folkehelseproblem i verda. I Norge dør om lag 550-600 menneske av sjølvmord kvart år. Det antas at mellom 3 500 og 7 500 personar årlig prøver å ta sitt eige liv.
Helse Vest har i samarbeid med helseforetaka og regionalt brukerutvalg laga kampanjemateriell til ein folkeopplysningskampanje for å forebygge sjølvmord, og på denne måten von om å auke kunnskap og åpenheit rundt sjølvmordsåtferd, og senke terskelen for å søke hjelp.
Kampanjen er planlagt å starte opp i månedsskifte januar/februar 2019, og varer i tre uker.
La oss snakke om selvmordstanker.pdf

Dermatofytt-diagnostikk opphøyrer i Førde – send til Haukeland
Mikrobiologisk avdeling i Helse Førde legg frå nyttår 2019 ned sin dermatofytt-diagnostikk. Dette pga fallande prøvetal og kvalitetsmessige forhold. Dei oppmodar rekvirentane om heretter å sende slike prøvar til mikrobiologisk avdeling ved Haukeland sjukehus for dermatofytt PCR. Dette er ein meir sensitiv og raskare metode. For dei som har elektronisk rekvirering, ligg den lett tilgjengeleg i Interactor.
Obs. prøve frå hud, hår eller neglar skal då fortrinnsvis sendast på behaldar utan tilsetjing. Haukeland ynskjer ikkje å få tilsendt prøve mellom objektglas sjølv ved lite prøvemateriale, då dette gjer prøvehandteringa i laboratoriet meir vanskeleg.
http://www.analyseoversikten.no/analyse/507
13.12.18
Viktig endring i livmorhalsprogrammet for kvinner frå Sogn og Fjordane frå 01 01 19.
- NY og Bedre screeningsrutine for livmorhalskreft i Sogn og Fjordane
Frå første januar 2019 vil livmorhalsprøvane for kvinner mellom 34 og 69 år, fødde på partalsdato og busette i Sogn og Fjordane, bli HPV (humant papilloma virus)-testa. Livmorhalsprøvar frå kvinner mellom 34 og 69 år, fødde på oddetalsdato, og frå kvinner mellom 25 og 33 år, vurderast framleis i mikroskop. Alle prøvar skal enno takast ved gynekologisk undersøking og må vera væskebasert. Flytskjema med tilrådd oppfylging av ulike prøvesvar er utarbeidd av Livmorhalsprogrammet og kan lastast ned frå kreftregisteret.no/livmorhals. OBS! HPV-test og celleprøve er screening og ikkje testar for diagnostikk og skal ikkje brukast åleine ved undersøking/kontroll av kvinner med symptom.
Kvinnene vil få påminning om tid for nye prøver på same måten som før og rutinene for taking og sending av prøvene er også uendra. Svar frå patologisk avdeling Haukeland kan derimot avvike noko frå før hos dei som kun gjennomgår HPV screening. Det vil komme publikumsinformasjon i lokalpressa frå Kreftregisteret rett over nyttår.
Utfyllande infromasjon om nyordninga finst i lenkene rett under denne saka. Ved ynske om meir informasjon kontakt dr.Jostein Tjugum - rådgivar logistikk Livmorhalsprogrammet Helse Førde, jostein.tjugum@enivest.net Mobil 415 69 638 (sms) eller Seksjonsoverlege cytologi Helse Bergen, Hans Kristian Haugland - hans.haugland@helse-bergen.no
Viktig endring i Livmorhalsprogrammet Sogn og Fjordane.pdf
Informasjon om prøvetaking og svar ved screening cytologi.pdf
https://www.kreftregisteret.no/screening/livmorhalsprogrammet/
04.10.18
Tannhelse i "Samhandlingsbarometeret"
Mykje interessant stoff frå Samhandlingsbarometeret. Aktuelt stoff no er ei undersøking om ulik forekomst av karies i Sogn og Fjordane.
https://samhandling-sfj.no/fokus-pa-tannhelse-i-samhandlingsbarometeret/
Nytt frå pasientreiser
Diverse info og presiseringar nyttig for allmennlegar
Nytt frå pasientreiser_helse førde.pdf
20.09.18
Saman om betre diabetesbehandling for barn og ungdom i Noreg
- Eit kvalitetsforbetringsprosjekt i regi av Barnediabetesregisteret. Ynskje om samarbeid mellom barneavdlinga i Helse Førde og aktuelle fastlegar i Fylket.
Barneavdelinga i Helse Førde ynskjer eit samarbeid med fastlegar omkring barn med høg HbA1c - dvs Hba1c over 8. Avdelinga har om lag 10 nyoppdaga diabetes barn pr år og fylgjer regelmessig omkring 90 barn med diabetes her frå Fylket. Om lag 20–30 % (18-27 pas) av desse vil ha behov for denne type oppfølging i samarbeid med fastlege. Handler om fellessamtale vedrørande motivasjon og måling av HbA1c. Ein tenker seg desse samarbeidsmøta gjennomført med video der fastlegen kan bruke møtetakst (takst 14 i normaltariffen). Som bruker av helsenett kan fastlegen skaffe seg videoprogram på sine pc-er gratis (Cisco Meeting). Utstyr med kamera og mikrofon/høgtaler koster eit par tusen kroner. Les meir på https://www.nhn.no/helsenettet/video eller ta kontakt med Jarle Øen i Helse Førde - jarle.oen@helse-forde.no
Diabetes teamet ved barneavdelinga i Helse Førde med overlege Hildegunn Borkamo i spissen har laga informasjon om ordninga og kjem nok til å kontakte den enkelte fastlege med spørsmål om eit slikt samarbeid når det måtte bli aktuelt.
Saman om betre diabetesbehandling for barn og ungdom i Noreg_Informasjon til fastlegar.pdf
Ny analyse gonokokk PCR og endra Chlamydia trachomatis PCR
Mikrobiologisk avdeling startar 24. september 2018 med ein ny analyse; gonokokk PCR. Samstundes skiftar dei metode for Chlamycia trachomatis PCR.
Vedlagt informasjonsskriv som er sendt til legekontora og helsestasjonane saman med nytt prøvetakingsutstyr.
Ny PCR Gc og Chlamydia sept 2018.pdf
06.09.18
Pakkeforløp kreft - endring i kreftkoordinatorstillingane i Helse Førde
Forløpskoordinator kirurgisk:
Hanne Elin Skår mobil: 95 98 72 74
Forløpskoordinator Lungekreft:
Sven Ivar Hove mobil: 95 98 72 75
Forløpskoordinator kirurgisk /medisinsk:
Ingeborg Grimset Ravndal mobil : 48 03 26 38
Forløpskoordinatorane vil vikariere for kvarandre ved møter,fråvær, ferie o.l. Hvis du ikkje får svar så ring den andre forløpskoordinatoren sitt mobilnummer
4-dagers behandling av tvangsliding (OCD) og panikkliding (B4DT – Bergen 4-day treatment)
Psykisk helsevern i Helse Førde har informert PKO i ein epost. Dei skriv: "Det har nylig vore eit innslag på Vestlandsrevyen om 4-dagers intensiv behandling av sosial angstliding. I Helse Førde har vi endå ikkje kome i gang med dette. Vi håpar å kunne tilby denne form for behandling i løpet av 2019.
Helse Førde er derimot sertifiserte for og tilbyr behandling av tvangsliding og panikkliding med/utan agorafobi i 4-dagers formatet. For behandling av tvangsliding er Helse Førde foretaksdekkande. Det vil seie at vi dekker heile fylket.
Sjå meir utfyllande informasjon om OCD-teamet/angstteamet i Helse Førde ved linken under:
https://helse-forde.no/avdelinger/psykisk-helsevern/informasjon-til-kommunehelsetenesta/ocd-teamet
Nye prosedyrer for osteporose og rutineendring ved beintettheitsmåling i Helse Førde.
Overlege Anja Myhre anja.myhre.hjelle@helse-forde.no ved revmatologisk avdeling Helse Førde har leia ei arbeidsgruppe som har laga nye nasjonale prosedyrer for Norsk Revmatologisk forening når det gjeld osteoporose. Ho skriv i ein epost til PKO: "Det er samtidig gjort store endringer i måten osteporosepoliklinikken i Førde jobber. Vi har fått ny DXA maskin med nye muligheter, og det er klarere retningslinjer å forholde seg til når det gjelder diagnostikk, utredning, behandling og oppfølging av osteporose. Standardtekstene våre er endret og mer nyansert, men tydeligere råd til fastleger.
Jeg synes dette er viktig at kommer ut til fastlegene i fylket. Vil gjerne også ha tilbakemeldinger her dersom det er ting som vi bør endre, eller som dere ønsker vi skal gjøre annerledes. Jeg kan også stille meg til disposisjon til å undervise litt om dette ved ønske.
http://legeforeningen.no/Fagmed/Norsk-revmatologisk-forening/Fagradets-innstillinger/Ferdige-norske-prosedyrer/
Osteoporose aug 2018.pdf
Pasientinformasjon om beinskjørheit.pdf
Spørjeskjema.pdf
Osteoporose_ Dokument til EK handboka.pdf
16.08.18
Hugse på ØH merking ved hastetilvising.
Medisinsk avdeling kontakter PKO for å minne om at ein ved ØH tilvisingar hugser på å krysse av for dette i det elektroniske tilvsingsskjemaet. Valget finn ein på side to - der ein bestemmer hastegrad. Manglande avkryssing her fører til krøll i mottaket av tilvising som hamner i feil kø!
31.05.18
Melding til allmennlegar i Sogn og Fjordane – om innkjøpsavtaler LAR-medisin.
Helse Førde har motteke melding om at det trer i kraft nye innkjøpsavtaler for LAR-legemiddel frå 01.10.18.
Dette vil påverke val av preparat som ein kan lese meir om i vedlagt brev.
Melding til allmennlegar i Sogn og Fjordane_om innkjøpsavtaler LAR-medisin.pdf
Innkjøpsavtaler_LAR_allmenpraktiker.pdf
Innkjøpsavtaler_LAR_pasient.pdf
Tidsskrift-artikkel om innleggelse i medisinske avdelingar
"Innleggelser i medisinsk avdeling – hvem legger inn og hvorfor" av Jan Robert Grøndahl, Øystein Fossdal, Torgeir Hauge-Iversen, Einar Husebye, Elin Olaug Rosvold, Trygve Kongshavn
Saksa frå artikkelen: "Hovudbudskap: Fastleger og legevaktleger sto hver for omtrent en firedel av innleggelsene til medisinsk avdeling. Ved strukturert gjennomgang av henvisningsskrivene kunne alternativ til innleggelse identifiseres i ett av åtte tilfeller, men bare ett av 15 ble bekreftet ved gjennomgang av sykehusjournalen i etterkant".
Les meir
03.05.18
Førkortprosedyrer for Helse Førde
Det har den sist tida vore arbeidd med å lage ei oppdatert prosedyre for Helse Førde tilsette når det gjeld førakortvurderingar. Den nye forskrifta kom i 2016 med nokre endringar seinare og den nye prosedyra som no er klar er laga i tråd med denne.
På siste fredagsundervisning i april blei prosedyren lagt fram. I presentasjonen blei det lagt vekt på viktige aspekt for legar, psykologar og optikarar som skal gjer desse vurderingane. Deler av presentasjonen omhandla også utfyllinga av sjølve helseattesten - "Helseattest førerett ved søknad om førerett, kompetansebevis eller kjøreseddel". Viktige moment rundt dette er no redigert og detaljert og er med i den redigerte presentasjonen som er vedlagt denne saka. Ergoterapi og køyrevurdering var også ein del av presentasjonen og er med her.
Takk til Åse Elisabeth Stadheim for uvurderleg sekretærhjelp i dette arbeidet.
Førarkortvurdering_Helse Førde_prosedyre_ny april 2018.pdfFredagsundervisning Helse Førde_ førarkort_april 2018.pdf
02.05.18
Viktig om tilvising til rehabilitering
Regional vurderingseining for rehabilitering (Vurderingseininga) handsamar og vurderer tilvisingar til private rehabiliteringsinstitusjonar (somatikk) frå fastlegar og privatpraktiserande avtalespesialistar. Tilvisinga kan sendast elektronisk og det er viktig å få med sentrale opplysningar slik at tilvisinga er muleg å vurdere. Les meir i lenka under der det bl.a. finst ei enkel sjekkliste om kva som bør vere med av info i tilvisinga.Les meir
19.04.18
Ledig LIS 2 stilling ved revmatologen - aktuell for allmennlege.
Ledig stilling som kan være aktuelt for allmennleger trengande sjukehus praksis.
Dette er i utgangspunktet frå mai 2018, men avdelinga kan være fleksibel ifht oppstart. Kontakt pawel.franciszek.mielnik@helse-forde.no
Innspel til Utviklingsplanen for Helse Førde 2020-2035
Helse Førde har sendt PKO ein epost der utkast til utviklingsplanen for dei neste 15 år er vedlagt. Dei skriv i følgebrevet slik:
"Vedlagt er utkast til revidert utviklingsplan for Helseføretaket vårt. Dokumentet er ein overordna plan for korleis verksemda skal utviklast for å møte det framtidige behovet for helsetenester.
Kapittel 5 og 6 dreiar seg om framtida, og bør såleis prioriterast i gjennomgangen. Kapittel 6 inneheld 10 ulike innsatsområde, og det er knytt eit overordna mål og tiltak til kvart av innsatsområda. Dette er også presentert i vedlagde ppt-fil.
Vi ønskjer særskilt svar på fire spørsmål:
• I kva grad inneheld dei rette måla, utviklingsområda og rett ambisjonsnivå?
• Er det område som manglar eller er for lite framheva?
• I kva grad meiner de at planen peikar på dei viktigaste samhandlingsområda?
• Ser de andre moglegheiter for innovasjon og utvikling?
Svar kan sendast til anne.kristin.kleiven@helse-forde.no med kopi til marianne.kleppe.nordal@helse-forde.no Høyringsfristen er 12. mai. Dokumentet vil også leggast ut på internett og intranett.
God lesing – vi ser fram til å få innspel på dette viktige dokumentet."
Les meir
05.04.18
Elektronisk sending av fødselsepikrise
9. april starter pilot på elektronisk sending av Fødselsepikrise mor og Fødselsepikrise nyfødt barn til helsestasjonane. Det er bestemt at det skal sendast kopi til fastlegane på disse. Utfordringen her er at Fødselsepikrise nyfødt barn alltid vil være ukjent for fastlege i og med at dei ikke har fått opprettet journal på legekontoret ennå. Helse Vest ikt har testet ut sending til alle journalsystem og fått bekrefta at det let seg gjere.
Les meir
Analyse av vitamin D – anbefalte grenseverdier
Anbefalinga bygger på ein systematisk gjennomgang av vitenskapeleg litteratur som nylig er utført av ei nordisk ekspertgruppe , og som samsvarar med konklusjonen fra Institute of Medicine, USA / The National Academy of Medicine.
Vitamin D-nivået i plasma varierer med årstid (sollys), kosthold, inntak av kosttilskudd og alder. Et tilstrekkelig nivå i juni måned kan være betydelig redusert i desember. Inntak av kosttilskudd, f.eks. tran utjevnar forskjellane.
Det har vist seg at referanseintervallet 37-131 nmol/L, har liten verdi for å vurdere om det foreligg mangel på vitamin D, som er den vanlegaste indikasjonen for analysen.
Les meir
22.03.18
Viktig info frå Helse Førde: Ekstraordinære beredskapstiltak p.g.a. gastroenteritt ved Førde Sentralsjukehus
5 avdelinger har no gastroenteritt, og mange tilsette er også sjuke.
Spesifikk informasjon til fastlegar:
a. Innleggingar som ikkje må skje komande dagar bør avgrensast.
b. Konferanseplikt innførast før innlegging for alle avdelingar ved FSS, dvs. at sentralbordet set over telefonar om innlegging til vakthavande legar.
Les meir
Pakkeforløp for kreft i Helse Førde- status 2018.
Pakkeforløp for kreft har vore i drift sidan 2015. Ordninga er bygd opp, og er komen godt på veg når det gjeld å ivareta pasientar som er under utgreiing for kreft og/eller alvorleg sjukdom. Dei 28 pakkeforløpa er detaljerte og beskriv utgreiingsprosessen i detalj. Det er og gode diagnoserettleiarar til bruk for legane i praksis når desse pasientane dukker opp og der tilvising til spesialisthelsetenesta er nødvendig.
Les meir
08.03.18
Lommerus
Nyttig dokument frå Helse Bergen innan rusbehandling. Lommer ein guide for helsepersonell til betre behandling av rusmedisinske problemstillingar i sjukehus - men kan også ver til god hjelp for allmennlegar.
Lommerus.no
22.02.18
Oppgåveoverføring frå spesialisthelsetenesta til allmennlegar
Det har siste tida vore mykje mediafokus på allmennlegane sin arbeidssituasjon og spesielt oppgåveoverføring frå spesialisthelsetenesta til allmennlegar. Det er mange dømelandete rundt på urimelege «bestillingar» til fastlegar. PKO i Helse Førde har fulgt med på denne diskusjonen og har også hatt møte med alle avdelingssjefar for å orientere om problemet. Vi har ikkje fått mange meldingar frå fastlegar i fylket, men vil gjerne vite om det finst døme på slik urimeleg oppgåveoverføring.
Elles minner vi om at det bør sendast avviksmelding til Helse Førde om ein opplever brot på samarbeidsavtaler.
Les meir
Redusert kapasiet ved hematologi i Helse Førde
Vi har fått ei epost frå avdelingssjef ved kreftavdlinga der ho skriv om utfordringar innan hematologi pga manglande resurssar. I avdelinga er det no kun ein overlege innan hematologi, i tillegg to LIS-legar, som er relativt nye innan faget. Avdeinga ynskjer å bringe dette ut til tilvisarar av tjenesta, då dei opplever tilvisingar til hematolog som kan gå til indremedsinsk tjeneste. Avdelinga tek imot pasientar der det er reell grunn til mistanke om utgreiing av primær blodsjukdom. Jfr elles notat frå sept. 17 - sjå lenke.
Les meir
Relis Vest - seminarturnè
Relis vest med med mange dyktige medarbeidarar besøkte Førde torsdag 15. februar. Mange allmennlegar og farmasøyter frå Fylket hadde meldt seg på og fekk med seg mykje nevenyttig og praktisk kunnskap innan medikamenthandtering ved ulike kliniske tilstander. Tema som blei omhandla var bl.a. desse: Kan vi stole på bivirkningsdata? Sikkerheitsaspekt ved bruk av legemidlar til barn. Rett bruk av NSAIDs. DOAK – kor står vi i dag? Korleis snakker vi om risiko? Astma og allergi ved graviditet og amming. Prevensjon – muligheiter og begrensningar. Quiz og work shop stod også på progremmet. I lenka under ligg alle presentasjonane som vil vere nyttige også for dei som ikkje fekk med seg sjølve seminaret.
Les meir
11.01.18
MR før tilvising for vurdering av ryggkirurgi.
Overlege Svenning I Lida har sendt oss ein epost vedr MR og ryggkirurgi. Han skriv at før ortoped kan vurdere indikasjon for ryggkirurgi må dei ha ein MR av columna. Han skriv vidare at dei fleste fastlegar er klar over dette og sender tilvising både for MR av columna og til ortoped. Likevel er det nokre fastlegar som ikkje har bestilt MR og p.g.a. av ventetidene til MR vil dette bety lengre ventetid for pasienten.
04.01.18
Ny vaktordning på UPH.
Frå nyttår vil det på BUP-poliklinikkane vere sett av tid for hastevurdering kvar morgon.
På dagtid vil henvendingar såleis bli kanalisert til poliklinikk, som kan tilby vurderingssamtale same eller neste dag. På helg/kveld/natt vil vakthavande, evt bakvakt, saman med tilvisar vurdere om innlegging er naudsynt, eller om ein kan avvente til vurdering på poliklinikk neste morgon. Vakthavande vil i så fall formidle beskjed til aktuelle poliklinikk.
Les meir
Diabetesforum Sogn og Fjordane 11.-13. april 2018
I år er det 30 år sidan det første Diabetesforum vart arrangert i Sogn og Fjordane. Den gang var det Fylkeslegen som stod for arrangementet. Etter den tid har det vore eit eige styre under NDF Sogn og Fjordane. Forumet har vore arangert ved ulike hoteller i alle tre fogderier i fylket gjennom desse åra. Denne gang blir det Scandic Sunnfjord Hotell , Førde
Målgruppe for kurset er fastlegar, medarbeidarar ved fastlegekontora, legar og sjukepleiarar i helseforetaket, sjukepleiarar og omsorgsarbeidarar ved heimesjukepleietenestene og sjukeheimane/ omsorsorgsentera i kommunane, fysioterapeutar og andre tilsette ved Frisklivsentralane, tannlegar, fotterapeutar og tillitsvalde.
Programmet er rikholdig med ulike tema som omfattar ulike seinkomplikasjoner, nye retningsliner ang svangerskapsdiabetes, medikamentell behandling, insulinbehandling, fysisk aktivitet m.m.
Kurset startar med forkurs onsdag 11.04. Dette er ope for alle. Dei som ønsker godkjenning som emnekurs må delta.
Invitasjon
ProgramNettside Facebook
21.12.17
Nytt frå Pasientreiser Helse Førde
Sjå siste nyhendebrev frå pasientreiser Helse Førde - bl.a. nye og forlenga opningstider frå 2018.
Akuttmedisinsk seminar Helse Førde 2018
Prosjekt prehospitale tenester i Helse Førde inviterer til seminar 9. januar ved Scandic Sunnfjord Hotel, Førde. Målgruppe er alle som arbeider med det akuttmedisinske feltet frå kommune- til spesialisthelsetenesta. Politikarar, brukarorganisasjonar og andre med interesse.
Tema er "Kvalitet og risiko i helsetenesta"
Føredragshaldarar er:
Jan Magne Linnsund er seniorrådgjevar i avdeling for allmennhelsetenester i Helsedirektoratet.
Trine Vingsnes er direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde og prosjektleiar for arbeidet med
plan for det prehospitale området.
Steinar Olsen er direktør i avdeling medisinsk nødmeldeteneste i Helsedirektoratet.
Ingvill Skogseth er seniorrådgjevar i Helse Vest RHF. Ho arbeider mykje med beredskapsplanar
og prehospitale tenester.
Steinar Hunskår har vore forskingsleiar ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin.
Han er no prodekan for utdanning ved det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen.
Les meir
07.12.17
Vellukka gjennomført fagdag om ungdomsmedisin!
Fagdag i ungdomsmedisin blei gjennomført på Villa Åmot 30.11.17. Fagdagen var ledd i Helse Førde si satsing på ungdomsmedisin og blei arrangert av barneavdelinga i samarbeid med medisinsk og nevrologisk avdeling i Helse Førde. Ansvarleg var overlege Hildegunn Borkamo ved Barneavdelinga. Fagdagen sette fokus på tema knytt til behandling av ungdomar, og er særleg aktualisert iom at barneavdelinga i løpet av 2018 skal ivareta ungdomar inntil 18 år. Inntil no har aldersgrensa for dei fleste problemstillingar vore 16 år. Målgruppa for fagdagen var legar og sjukepleiarar i spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta som jobbar med ungdomar i aldersgruppa 13-25 år. Programmet var variert og omfatta tema som kommunikasjon, mestring og kronisk sjukdom, rus, ungdommane sine rettar i helsetenesta, rettar i høve til opplæringslova og tidleg arbeidsliv.
Fagdagen var interessant og heldt eit høgt fagleg nivå. Det er prisverdig at avdelingane sjølve er innovative og tar initiativ til slike nye kursemner og inviterer allmennlegane med.
Les meir
23.11.17
LIS stilling ved Førde BUP tenkt for allmennlege i vidareutdanning for spesialitet i allmennmedisin.
Det er planer om å opprette ein LIS stilling som er tenkt for allmennlege som ynskjer dette som ledd i sin spesialisering. Interesserte legar kan kontakte BUP, gjerne ved leiar Toril Taklo, for å orientere seg nærare om dette. Stillinga er førebels ikke utlyst, men vil komme nærare informasjon om dette etter kvart.
Gjennomført lokalt kurs om flått og flåttbårne sjukdomar (Borreliose og TBE)
16. november arrangerte Sogn og Fjordane legerforeining i samarbeid med mikrobiologisk avdeling Helse Førde og Nasjonal kompetansetjeneste for flåttbårne sykdommer, også kalt Flåttsenteret, eit dagskurs om flått og flåttbårne sjukdomar i Førde. Kurskomite var Reidar Hjetland og Halvard Mikal Seljesæter. Dette kurset var toppa med særs kompetente forelesarar. Dei leverte eit kurs med høgt fagleg og kunnskapsbasert nivå samtidig som det heile blei veldig praktisk. Mange allmennlegar og nokre spesialistar i salen fekk mykje nyttig informasjon om eit høgst relevant tema for helsetenesta og befolkninga i Sogn og Fjordane. Eit veldig bra initiatav og ein ekstra honnør til vår lokale kursleiing for eit vel gjennomført kurs.
Flåttsenteret har gode nettsider og tar også imot henvendelsar frå helsepersonell og pasientar.
Les meir
09.11.17
Nettkurs i rusmedisin.
Fylkeslege Per Stensland orientere oss om eit nytt gjennomarbeidd kurs som gir fire kompetansegivande kurspoeng for allmennpraktikarutdanning og i rusmedisinutdanning. Poenget er å informere om rett bruk. Mange videosnuttar, litt tekst å lese. Vert avslutta med kurs der legen loggar inn og identifiserer seg slik at deltakarane kvalifiserer for kurspoeng. Mellomlagring gjer at ein ikkje treng å ta heile prøva straks, men at dette kan gjerast når ein har tid.
Dette er eigna for alle legar, men spesielt utafor sjukehus Merk at dette bør verte introdusert for turnuslegar på kurs og i rettleiingsgrupper.
Les meir
31.10.17
Eiga elektronisk adresse til smertepoliklinkkken
Frå medio oktober har der komme eiga tilvisingsadresse til smertepoliklinkken. I Adresseregisteret skal fastlegane velge "Anestesiologi/Smertebehandling". Den gamle adressa -Fys med- kan også framleis brukast, internt på huset skal tilvisingane til begge adresser ende i same mappe.
19.10.17
Informasjon om Eldremedisinsk poliklinikk, Førde sentralsjukehus
Eldremedisinsk poliklinikk er ein del av medisinsk poliklinikk på Sentralsjukehuset i Førde. Det er eit tilbod for pasientar frå omlag 70 år med samansette problemstillingar.
Eldremedisinsk poliklinikk har tilbod tysdag og onsdag for utgreiing av problemstillingar som falltendens, polyfarmasi, komorbiditet, kognitiv svikt.
To dagar i veka har lege og sjukepleiar også poliklinikk for eldre pasientar med hjertesjukdom, som får ei utvida undersøking (geriatrisk kardiologi).
Les meir
12.10.17
Legemiddelkalkulator for førarkort
Nytt frå retningslinjene er med her.
Les meir
14.09.17
Kolskalkulatoren
Kolskalkulatoren er eit nyttig hjelpemiddel i å stille diagnosen og få forslag til behandling.Les meir
Traumebehandling i Vest
Forståelse og behandling av PTSD, komplekse traumelidelser og dissosiasjon.
Ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging i region vest inviterer Psykiatrisk Klinikk i Helse Førde og tilhørende kommunale helsetjenester for voksne innen psykisk helse og rus
i Sunnfjord og Ytre Sogn, til et ettårig opplæringsprogram innen traumeforståelse og traumebehandling.
Les meir
07.09.17
Ledig kapasitet ved smertepol i Florø.
Etter ein god oppstart ultimo mai har det på ettersommaren vore ein nedgang i antal tilvisingar og vi har følgjeleg noko ledig kapasitet. Smertepol. har tilført Helse Førde og innbyggjarane i fylke eit godt behandlingstilbod for ei pasientgruppe som kan vere vanskeleg å hjelpe. Etter motteke tilvising blir pasientane ringt opp for planlegging av ei kompakt tverrfagleg utgreiing. Over to påfølgjande dagar treff dei samla og individuelt overlege, psykolog, sosionom/familieterapeut/likeperson, fysioterapeut og sjukepleiar. Etter samla tverrfagleg vurdering blir det saman med pasienten gjort prioriteringar for behandling og tiltak. Tilvisar og fastlege mottek skriftleg orientering.
Les meir Les også om helseministeren sitt besøk ved smertepoliklinikken i Florø
Kurs om flåttoverførte infeksjonar 16. november 2017
I samarbeid med nasjonalt kompetansesenter for flåttoverførte infeksjonar («flåttsenteret») og kurskomiteen i SFj legeforening vil det bli arrangert kurs om flåttoverførte infeksjonar 16. november 2017 kl. 09.00-15.00 på auditoriet på FSS. Les meir i kurskatalogen
Disputas i Førde ved Reidar Hjetland.
Minner også om overlege Reidar Hjetland ved Mikrobilogisk avdeling Helse Førde sin disputas over same tema 15.september 2017
- som er første disputas i Førde nokon sinne!
Tidspunkt og stad for disputasen 15. september:
Kl. 10.00, auditoriet, 2. etasje, Førde Sentralsjukehus.
«Tick-borne infections in Sogn og Fjordane, western Norway: Seroprevalence, risk factors and subjective health complaints in blood donors».Les meir
Temasider om diabetes på Hdir sine sider
Hdir skriv i eit notat til legar i Norge:
Det siste året har det kommet nye retningslinjer for diabetes og svangerskapsdiabetes. Helsedirektoratet har nå utarbeidet filmer og annet materiell som kan være til nytte for helsepersonell. Materiellet kan brukes som opplæring i smågrupper eller for hver enkelt lege. Noe av materiellet kan også være til nytte i konsultasjon med pasienter.
Alt materiell er samlet på vår temaside om diabetes: https://helsedirektoratet.no/diabetes
Filmene er på 7-8 minutter, og handler om seks viktige temaer fra diabetesretningslinjen:
- Blodsukkersenkende legemidler
- Behandling av nyresykdom
- Fot- og nevropati
- Utredning og diagnostikk av type 2
- Kommunikasjon, mestring og motivasjon
- Levevaner
Det kommer også en egen film om svangerskapsdiabetes.Les meir
23.08.17
Svangerskapsdiabetes - nyttig algoritme.
Helsedirektoratet har laga ei oversiktleg algoritme vedr handtering av blodsukkerproblematikk i svangerskapet. Mange fastlegar samarbeider med jordmor omkring svangerskapsomsorga. Det er mange nye problemstillingar i dei nye retningslinjene for svangerskapsdiabetes - bl.a. skal mange av desse no følgast opp i primærhelsetenesta. Det er viktig med avklarte ansvarsforhold mellom fastlege og jordmor i desse sakene.
Algoritmen
Nasjonale retningslinjer for svangerskapsdiabetes
Haustmøte i Sogn og Fjordane legeforening
PKO har fått brev frå leiaren i Sogn og Fjordane legeforeining, Ronny Cassels med informasjon om haustmøtet.
__________________________
Invitasjon til haustmøtet og kurs i samarbeid og teamlejing
Årsmøtet finn stad på Hotell Alexandra i Loen 8. og 9. september i år
I år kjem både tidlegare president Hans Kristian Bakke og president Marit Hermansen.
På fredag vart det arrangert kurs i Samarbeid og teamleiing for legar i primærhelsetenesta. Kurset er teljande for spesialisering i allmennmedisin. Kursstart er fredag kl. 09:00 med kursavslutning kl. 11:00 på laurdag.
Det vert medlemsmøte i AF og NFA kl. 18:45 på fredag. Her vil tidligare president Hans Kristian Bakke, nå styreleder i Syke- og pensjonsordningen for legar (SOP), presentere privat pensjonsavtale.
For andre medlemmar som ikkje skal på kurset, startar helga med festmiddag kl. 20:00 på fredag. Laurdag vil president Marit Hermansen ha presidentens time og det er alltid interessant.
Det blir anledning til tur på fjellet med Skylift og lunsj på fjellet laurdag fra kl. 13:00 – 15:00.
For prisar og bestilling av måltid og rom, sjå påmelding. Påmelding skjer via nett og blir sendt til til leiar Ronny Cassels. For spørsmål, kontakt kuremure@online.no.
Vi ynskjer alle medlemmar og familiar vel møtt til ei hyggelig helg i september!
Ynskjer alle velkomne til haustmøtet og kurs!!
Påmelding
10.08.17
NordFjord Øyre Nase Hals - nyoppstarta avtale spesialistpraksis innan øyre nase hals Nordfjord Sjukehus.
4. september vil NordFjord Øyre Nase Hals ved John Arthur Kvamme starte opp 50% øyre nase hals praksis lokalisert på Nordfjord sjukehus, opningstider mandagar 08-20 og tirsdagar 08-16. Kvamme vil jobbe 50% ved NordFjord Øyre Nase Hals og ellers 50% ved ønh-avd., Førde Sentralsjukehus. Han har jobba der som overlege sidan 2002 med særskilt ansvar og kompetanse innan øyre patologi og øyrekirurgi samt utredning og behandling av søvnplager.Samtidig vil ØNH avdelinga ved Førde Sentralsjukehus avslutte den 20% ambulerande ordninga med ønh poliklinikk på Nordfjord sjukehus kvar torsdag.
Praksisen vil vere tilkobla Norsk Helsenett, slik at ein kan sende henvisningar elektronisk, men sannsynlegvis vil ein ikkje vere oppkobla før 4. september. I mellomtida kan ein sende henvisning elektronisk til ØNH Førde Sentralsjukehus, der ein presiserer at ein ønskjer henvisning til NordFjord Øyre Nase Hals på Eid, eller vanleg henvisning i posten.
Les meir
25.05.16
Nyttige tips vedrørande nye retningslinjer for svangerskapsdiabetes
Mange av fastlegane har nok enno ikkje fått sett seg godt inn i dei nye nasjonale faglige retningslinjer for diagnostikk og behandling av svangerskapsdiabetes https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/svangerskapsdiabetes
PKO i Helse Stavanger har i samarbeid med endokrinologisk avdeling der laga eit forenkla oppsett over retningslinjene og korleis ein går fram. I Helse Førde ynskjer ein no umiddelbart å ta i bruk dei nye retningslinjene. Planen er å følgje dei gamle retningslinjene fram til fødsel på alle dei som no er inne i systemet, men å ta i bruk dei nye for alle nyhenviste. Dersom det kjem henvisningar basert på gamle kriterier, så blir tilvisinga avvist og det blir skrive tilbake i dialogmelding kva som er gjeldande prosedyre etter dei nye. På den måten blir både fastlegane og behandlarane i Helse Førde gradvis vande med dei nye retningslinjene. Det er dessutan viktig at fastlegar som samarbeider med jordmødre har ein dialog med dei om ansvarsfordeling i slike saker.
Les meir
18.05.17
Rett til å velge behandlingsstad
De fire RHF-ene og Helsedirektoratet gjennomfører ein informasjonskampanje for å auke pasientane og helsepersonellet sin kjennskap til pasientrettleiarar og nettsida «Velg behandlingssted». Pasientar som tilvisast til sjukehus for undersøking eller behandling har rett til å velge behandlingsstad, men det er få som veit at dei kan få hjelp til å velge. Her spelar fastlegen ei viktig rolle. Nyttig animassjonsfilm her https://youtu.be/SEpaOE8aOJk
Les meir
Innføring av Nasjonalt Laboratoriekodeverk - i Helse Førde frå 30. mai.
Alle medisinske laboratorier i Norge har fått eit krav fra Helsedirektoratet om at all ekstern elektronisk kommunikasjon av prøvesvar skal føregå ved bruk av NLK (Nasjonalt Laboratoriekodeverk). NLK skal sikre at same analyse/ undersøkelse utført ved dei ulike laboratoria skal ha same standardiserte betegnelse og definisjon. Helse Vest skal begynne med ei gradvis innføring av NLK koder frå våren 2017. Helse Førde vil ta i bruk NLK kodane for analyser i medisinsk biokjemi frå 30. mai 2017.Les meir
05.05.17
Smertepoliklinikken starter opp i Florø
Smertepoliklinikken i Helse Førde har ein periode no ligge nede. Ei arbeidsgruppe har jobba med alternativ organisering og frå 1. mai 2017 er den igang att ved Helse Førde sine lokaler i Sunnfjord Medisinske Senter i Florø. Pasientar frå fylket som siste tida har måtte vore tilvist smertepoliklinikken ved Haukeland kan no tilvisast til Helse Førde igjen - dette gjeld mellom 100 og 200 pasientar pr år. Rask utgreiing er ei klar målsetting for den nye tverrfaglege poliklinkken.Les meir
Ny nasjonal fagleg retningslinje for svangerskapsdiabetes
Den nye retningslinja for svangerskapsdiabetes er no på plass, vel eit halvår etter at dei generelle retningslinjene for diabetes var på plass. Hovedpunkt fra retningslinja:
Fleire skal testast og fleire vil få diagnose- til beste for mor og barns helse på kort og lang sikt, ei felles retningslinje for primær- og spesialisthelsetjeneste skal bidra til heilskapleg forløp for kvinner med svangerskapsdiabetes og kvinner med risiko for dette, nye testkriterier for diagnostikk, ny diagnostisk grense og oppfylging av kvinna etter fødsel for å forebygge framtidig diabetes type 2.Les meir
20.04.17
Årsrapport PKO 2016
PKO har no gjort ferdig årsrapport for sitt arbeid i 2016.Les meir
Komplette brukerhandbøker for labtenester i Helse Førde
Laboratorietenestene i Helse Førde har laga gode og praktiske brukarhandbøker som gir gode tips til alle brukarar. Dette gjeld no både klinisk kjemisk, mikrobiologi og patologi.
Les meir
Felles alfabetisk analyseoversikt
Helse Bergen har utarbeidd felles alfabetisk analyseoversikt ovar alle typer labprøver inkludert mikrobiologi. Nyttig!Les meir
06.04.17
Vikariat ved revmatologisk avdeling Helse Førde eigneleg for allmennlege som treng sjukehusår.
Ledig vikariat ved revmatologen frå mai 2016. Ta kontakt med pawel.franciszek.mielnik@helse-forde.no
16.03.17
Tryggare legemiddelbruk gjennom ny pilot
Helse Vest går denne veka i gang med ei pilot for heilelektronisk legemiddelsamstemming. Det er teke i bruk eit program for elektronisk kurve; Meona. Dette skal gje auka pasientsikkerheit gjennom alle ledda av behandlinga.
Helse Vest har no utvikla ei elektronisk løysing som sørgjer for integrasjon mellom Kjernejournalen, Helse Vest sin forskrivingsmodul og kurveløysinga Meona sin modul for «legemiddel ved innlegging». Denne integrasjonen gjer det mogleg å automatisk hente inn reseptinformasjon.
Piloten startar opp i akuttmottaket i Helse Førde 16.mars og vil halde på i 8 veker.Les meir
16.02.17
Dialogmelding mellom allmennlegar og sjukehuslegar innførast frå 7. mars.
Viktig info frå Helse Vest som sjølvsagt også gjeld alle avdelingar i Helse Førde og legekontor som soknar til desse. Meldinga som skal brukast er den same som i dag brukast mot pleie og omsorg – Forespørsel (Elin-K). Meir info om saka vil komme like i førekant av innføringa. Her litt info no 4 veker før som kan vere greit å få med seg. Les meir
Nytt frå PKO februar 2017.
Nytt frå PKO for veke 1-7 er sendt ut til allmennlegane i Fylket, Helse Førde med legar og psykologar, avdelingsleiarar, stab og støtte, Hauglandssenteret og Fylkeslegen.
Les meir
IHR - interaktiv henvisning og rekvisisjon - over på Helse Vest IKT.
IHR (interaktiv henvisning og rekvisisjon) omfattar elektronisk rekvirering av prøver i alle labfag for Helse Førde og Helse Bergen dvs klinisk kjemisk, mikrobiologi, patologi og no etter kvart radiologi . Gro Øren, rådgjevar ved Mikrobiologisk avdeling Helse Førde skriv i ein epost at det regionale innføringsprosjektet med IHR er no over, og i samband det vert det Helse Vest IKT som tek over dei tekniske problemstillingane knytt til Dips Interactor. For spørsmål som gjeld tekniske problemstillingar i Interactor eller med etikettskrivarar kan det ringast kundesenteret til Helse Vest IKT (55976540), eige menyval for legekontor (4) og så kan ein logge ei sak der.
Ho skriv elles atd Helse Vest IKT treng å få inn saker for å bygge opp ein kunnskapsbank slik at dei blir gode på å løyse problemstillingar frå legekontora.
"Labtekniske" spørsmål vil ein som regel finne svar på i brukarhandbøkene (rør, prøvetaking, oppbevaring, haldbarheit ol.), eller ein kan som tidlegare kontakte ekspedisjonen til Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB), ekspedisjonen til Mikrobiologisk avdeling eller Sverre Albin Nordgård ved Avdeling for patologi.
Telefonliste
Helse Vest IKT: 55 97 65 40, tast 4 for legekontor.
LMBB: 57 83 92 87
Mikrobiologisk avd: 57 83 93 47
Avdeling for patologi v/Sverre Albin Nordgård: 41 45 64 47
13.02.17
Erfaringskonferansen
Nyttig og viktig erfaringskonferanse mellom helsepersonell i kommunane og i Helse Førde arrangert på Skei 06. februar.Les meir
26.01.17
Endra rutine ved ø.h. innlegging i Helse Førde frå første februar.
Frå 01.02.17. endrar tre avdelingar i Helse Førde si telefonrutiner for øyeblikkeleg hjelp innleggingar. Endringane gjeld medisinsk, kirurgisk og ortopedisk avdeling i Førde. Denne informasjonen inneheld nye rutinar, men også ein repetisjon av andre ø.h. rutinar for fastlegar og legevaktslegar.
Les meir
Mammografiprogrammet vs klinisk mammografi
Ved avslutta mammografiscreening p.g.a. alder har det over noko tid vore gitt signaler om at pasienten etter eige ynskje kunne få tilvising for vidare screening av fastlegen. Denne praksisen strir mot strålevernforskrifta. Det skal vere ein medisinsk indikasjon for mammografi utover screeningtida.
Les meir
Brukerhandbøker for labtenester i Helse Førde forbetrast
Funksjonaliteten i brukerhandbøkene i Helse Førde er i stadig utvikling. Bl.a. har mikrobiologen no laga søkefunksjon i brukerhandboka for å finne aktuelle analyser og ei lenke der ein får viktige opplysningar for prøvetaking ved ulike kliniske problemstillingar.
Les meir
Klinisk kjemisk avdeling i Helse Førde også oppdatert med praktisk og nyttig brukerhandbok og analyseoversikterLes meir
Helse Bergen har utarbeidd felles alfabetisk analyseoversikt ovar alle typer labprøver inkludert mikrobiologi. Nyttig!
Les meir
19.01.17
Nytt frå Noklus Sogn og Fjordane
Noklus har ei aktiv gruppe i Sogn og Fjordane som dei fleste legekontora kjenner godt til. Dei har nyleg sendt ut eit nyhendebrev som omhandlar dei viktigaste sakene som Noklus jobber med her lokalt - bl.a. annonserer dei no eit Noklus grunnkurs som skal arrangerast i mars.
Les meir
INR – måling og eigendosering - LMS kurs
Noklus i samarbeid med LMS og med avd Helse Førde arrangerer regelmessig kurs i eigenmåling INR. Dei skriv i si nsiste annonsering av kurset at målgruppa er pasientar som bruker medikamentet Marevan og måler INR og at dette gjeld pasientar med langtidsbehandling med Marevan som ønskjer å ta ansvar for eiga behandling med måling av INR og dosering av Marevan. Dei fleste av desse vil idag vere relativt yngre pasientar med metallklaff der dei nye DOAK ikkje er aktuelle. Pasientar som er aktuelle må tilvisast av lege og tilvisinga sendast elektronisk til indremedisinsk avdeling Førde Sentralsjukehus.
Les meir
12.01.17
AMK Førde - nye telefonnummer
AMK Førde handterar medisinsk nødtelefon 113 frå Sogn og Fjordane (unntak Gulen Kommune) og omfattar ca. 110 000 innbyggjarar. Dei
koordinerer ca. 30 ambulansar og er LA AMK sentral for eit ambulansehelikopter og administrator av ambulanseoppdrag for SeaKing Florø. 113 svarast av sjukepleiar med spesiell kompetanse i vurdering av medisinske hendingar og rettleiing i livreddande førstehjelp. I tett samarbeid med ressurskoordinator set ein i verk nødvendige tiltak.
AMK Førde tek i mot og koordinerer førehandsbestilte ambulanseoppdrag frå legekontor, sjukehus, institusjonar, etc.
Det er no innført nokon nye rutiner og telefonnummer.
Les meir
Ny quantiferon analyse ved Mikro Førde.
16. januar-17 startar Mikrobiologisk avdeling med ny Quantiferon-analyse (IGRA) med 4 glas påvising av latent tuberkuloseinfeksjon. Dermed kan desse prøvane no sendast til Helse Førde, og ikkje til Helse Bergen. (Helse Bergen har også gått over til ny metode med fire glas).
Informasjon i brukarhandboka om prøvetaking.
Les meir
Nyttig å bruke lokal patologisk lab i Førde for hudbiopsier!
PKO har fått ein epost frå avdelingssjef Bjørn Ståle Sund ved patologisk avdeling Helse Førde der han minner om tilboda dei har. Han skriv at det er en fordel for dei å ha prøvene fra starten av i sitt arkiv ! Han skriv vidare at ved oppfylgjande behandling av ulike typar kreft (og forstadier) må dei no ikkje sjelden innkalle prøver frå andre laboratorier – som er tungvint og arbeidskrevande. Det er oftest hudlegane som ber om innkalling. Det å handtere også primærlesjonen lokalt kan bety ein del for den oppfylgjende behandling (størrelse på utvida eksisjon, ev. lysbehandling i staden for kirurgi, ev. behov for videre oppfølging). Patologisk lab i Førde har også den fordel at prøvene kan diskuterast med hudlege på staden – nokon av desse blir såleis teke opp på tverrfaglig møte som blir arrangert ein gang per mnd. med hudavd. Ein minner også om at alle patologisk anatomiske svar frå Helse Førde no kjem elektronisk og at rekvisisjonen også kan sendast elektronisk via IHR rekvisisjon frå dei legekontor som har installert DIPS Interactor.
Les meir
LMS kurs første halvår 2017
Gode og nyttige LMS kurs i opplæring av pasient og pårørande har fått ny plassering på nettsidene til Helse Førde.
Les meir
05.01.17
Nok ein gong om MRSA smitte og tilvising til sjukehus
Stadig kjem det merknader frå avdelingar og poliklinikkar i Helse Førde om tilviste pasientar der det skulle vore gjort MRSA screening men så ikkje er gjort. Viktig å sjekke med pasienten om han skal undersøkast ifht dette når ein tilviser eller gi info om status ved ØH innleggelse. Info saksast frå Folkehelsa sin MRSA vegleiar pkt 4.1
Ved innleggelse og før pasientrettet arbeid i sykehus tas MRSA-prøve av alle som:
• tidligere har fått påvist MRSA, men ikke senere hatt tre negative kontrollprøver,
eller som i løpet av siste 12 måneder har:
• fått påvist MRSA (selv om senere kontrollprøver har vært negative), eller
• bodd i samme husstand som MRSA-positive, eller
• hatt nær kontakt med MRSA-positive uten å bruke beskyttelsesutstyr,
eller som i løpet av siste 12 måneder har vært i land utenfor Norden og der har:
• vært innlagt i helseinstitusjon, eller
• fått omfattende undersøkelse eller behandling i en helsetjeneste5, eller
• arbeidet som helsearbeider, eller
• oppholdt seg i barnehjem eller flyktningleir.
I tillegg tas MRSA-prøve av alle som har kliniske symptomer på hud-/sårinfeksjon, kroniske hudlidelser
eller innlagt medisinsk utstyr gjennom hud eller slimhinner, og som i løpet av siste 12 måneder har:
• oppholdt seg sammenhengende i mer enn 6 uker i land utenfor Norden
Les meir
22.12.16
God Jul.
PKO ynskjer god jul til alle samarbeidsparter og sender no ut nytt frå saker som har vore aktuelle den siste tida. Oversikt over det vi har fått inn av program for kurs og konferanser første del av 2017 er også med her.
15.12.16
http://samhandling-sfj.no/ Ny spanande nettside knytt til Samhandlingsbarometeret
Det er etablert ei ny internettside knytt til samhandlingsbarometeret. Nettsida er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Førde, kommunane ved KS og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Nettsida skal vere oppdatert på relevante samhandlingstema inkludert avtaler mellom Helse Førde og kommunane, prosedyrer som omhandlar viktige vekslingspunkt mellom første- og andrelinjetenesta, inneholde viktige lenker og det vil bli gitt opplysningar knytt til aktuelle oppdateringar og endringar i samhandlingsbarometeret. Ein vonar at den nye nettsida kan stimulere både til fagutvikling, utvikling av av tenestetilboda, og at den kan vere ei hjelp til å få oversikt over utfordringar i kommunane.
Målet er at dette skal vere ei levande nettside som stadig er i utvikling. For å lukkast, trengst tilbakemeldingar! Ta ein kikk på den nye nettsida, og bli positivt overraska !
Les meir
Ny samhandlingssjef i Helse Førde HF
Stig Igland (46) blei i haust tilsett som ny samhandlingssjef i Helse Førde HF. Han tar over etter Vidar Roseth som er starta som virksomhetsleder i Eidsvoll Kommune.
Den nye samhandlingssjefen har meir enn 20 år fartstid i Helse Førde, 19 av dei som leiar på ulike nivå. Igland har mastergrad i organisasjon/leiing og rehabilitering.
Ein fellesnevnar for einingane Igland har vore leiar for, er at dei har vore ein del av «samhandlingsrommet», og i stor grad har hatt ei brei kontaktflate ut mot både førstelinjetenesta og ulike andre samarbeidspartnarar.
Les meir
Klinisk kjemisk lab, mikro og patologi no fullstendig på elektronisk rekvirering via IHR.
Det siste no er at også cytologiske prøver frå livmorhalsen som skal sendast Helse Bergen no også er komen på vår elektroniske IHR rekvisisjon via DIPS interactor. Likeså kjem alle svar elektronisk. Dei fleste av oss der journalleverandørane har lagt til rette for dette skal no vere heilt papirfrie på desse områda. Vi vil også minne om at dette også gjeld patologi i Helse Førde som har ei god og rask teneste og der det kan vere store fordeler for alle parter å bruke denne lokale tenesta.
Les meir
17.11.16
Mikrobiologi med nye og oppdaterte nettsider
Mikrobiologisk avdeling skriv i ein epost til PKO at brukarhandboka/nettsidene til Mikrobiologisk avdeling no er i drift igjen, og at omtale av alle analysane ligg på nettsidene her
https://helse-forde.no/laboratoria/brukarhandbok-mikrobiologi
Ved å legge denne sida inn på skrivebordet eller som favoritt i Internet Explorer kan ein spare seg mange klikk.
Les meir.pdf
10.11.16
Nytt frå PKO november 2016
Les meir.pdf
Kontaktlege i helseforetaket for pasientar med samansette/alvorlege lidingar
Ny ordning vedr kontaktlege – evt. kontaktpsykolog for pasientar med samansette/alvorlege lidingar som blir innlagt.
Les meir.pdf
Samhandlingsplakaten
Vi minner igjen om "Samhandlingsplakaten". Nokon viktige påminningar her om god skikk og bruk ved samhandling omkring pasientane våre.
Les meir
Ny fysikalsk-medisiner i Helse Førde.
Terje Kjer har i haust starta som ny overlege ved Fysikalsk medisin og rehabilitering (FMR) i Helse Førde. Han har sendt ei orientering der han ma skriv:
«Fagområdet Fysikalsk medisin og rehabilitering (FMR) er på FSS samorganisert med fagområda nevrologi og revmatologi i «Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering» (ANRR), der kvart av fagområda utgjer ein eigen seksjon. FMR har i dag ein sengepost med 6 sengeplassar øyremerka for rehabiliteringsopphald, og ein tverrfagleg poliklinikk (FMR pol) som fungerer både som fysikalsk-medisinsk poliklinikk og som rehabiliteringspoliklinikk.»
Les meir.pdf
Nytt frå pasientreiser frå 1. oktober
Les meir
Ny "Nasjonal faglig retningslinje for diabetes"
Denne erstatter IS-1674: «Nasjonal faglig retningslinje for forebygging, diagnostikk og behandling av diabetes» fra 2009. I forordet til retningslinjen står det at "bakgunnen for revisjonen er endringer i folkehelselovgivningen, ny kommunehelselov, føringer i samhandlingsreformen, og strategier for innvandrers helse og for ikke-smittsomme sykdommer. Disse har vært førende for revideringsarbeidet. Samtidig har det kommet ny kunnskap om etiologi, forebygging og behandling av diabetes".
Les meir
Nye helsekrav (reglar) for førarkort frå 1. oktober 2016
Som no dei fleste kjenner til kom de nye førarkortreglar frå 1. oktober i år - desse inkluderer ein del nye helsekrav. Dispensasjonar frå forskrifta skal reduserast til eit minimum og dei aller fleste saker skal avgjerast av behandlande lege - i dei fleste tilfelle fastlegen - men også i samarbeid med spesialist der dette er påkrevd. Det er difor viktig at legen er orientert om dei nye retningslinjene og slår opp i desse når det er påkrevd. Helsedirektoratet har oppdaterte nettsider vedr saka med forskrift, vegleiar, helseattestar, kursmateriell brukt av Fylkeslegane, info til publikum etc
Les meir
Teknikker ved cytologiske prøver - sjå videoen!
Mange legar opplever i desse dager å få tilbake cervix cytologiske prøver med svar: Ueigna prøve p.g.a. for lite plateepitel, blodig prøve etc. Mange opplever nok at dette har vorte ei særleg utfordring no etter at nye rutiner blei innført med væskebaserte prøver. Alle desse skal frå vårt område sendast til patologisk avdeling Haukeland og dei fleste bruker utstyret frå ThinPrep. Firmaet har god info på sine nettsider bl.a. ein instruktiv video som mange av oss nok har mykje å lære av!
Les meir
Oppdatert informasjon om min pasientjournal
I slutten av mai vart det mogleg for pasientar innan somatikk å sjå utvalde journalnotat frå sjukehuset på nett, utan å måtte kontakte sjukehuset for å be om dei. 21. september blir fleire dokument gjort tilgjengelege på nett, blant anna pleienotat og journaldokument frå rus og psykisk helsevern (med hendingsdato etter 12. september 2016).
Elektroniske tilvisingar frå fastlege eller andre med tilvisingsrett blir automatisk godkjent i DIPS i det dei blir importert i journalsystemet, og vil frå det tidspunktet vere tilgjengelege for pasienten på helsenorge.no. Papirbaserte tilvisingar og vedlegg som blir skanna og manuelt lagt inn i DIPS vil ha ei forseinking på 12 dagar før dei blir vist på nett.
70 000 vestlendingar har sjekka journalen på nett
Sidan starten i mai har over 70 000 vestlendingar logga seg inn og sett journalnotata sine på nett. Tilgang til journalen blir gitt gjennom sikker pålogging via den nasjonale helseportalen www.helsenorge.no eller gjennom www.vestlandspasienten.no.
14.09.16: Nye helsekrav for førarkort frå 1. oktober.
Fylkeslegen hadde konferanse på Skei 8. september for helsepersonell i Fylket med ansvar for førarkortsaker. Ny forskrift er gjeldande frå 1. oktober og medfører ein del endringar som helsepersonell må vere klar over. Av overordna endringar er kanskje det viktigaste at innvilga dispensasjonssaker på landsbasis skal ned frå 15000 til 15 pr. år. Intensjonen med dette er at det skal bli samsvar mellom dagens nivå for dispensasjon og morgondagens nivå for å kunne køyre utan dispensasjon - godt over 90 % av søkander blir idag innvilga. Dette medfører at det oftast blir allmennlegen som har det siste ordet i slike saker og dermed påkviler det han/henne eit relativt stort ansvar til å halde seg oppdatert på regelverket. Til dette arbeidet vil ein sjølvsagt få hjelp frå spesialistar i dei sakene der dette er nødvendig/ynskjeleg.
Forskrift om endring i førerkortforskriften blir altså gjeldande frå 1. oktober 2016 og er viktig å ha for seg ved tvil om helsekrava er oppfylt. "Førarkortvegleiaren" - Førerkort – veileder til helsekrav - utarbeidd av Helsedirektoratet og også gjeldande fra 1. oktober 2016 - gir utfyllande informasjon om korleis forskrifta skal forståast. På denne nettsida finn ein også dei nye helseattestane for førarkort. Ein reknar med at journal-
leverandørane legg desse ut i skjemamenyer for dei ulike EPJ slik at dei blir lett tilgjengelege for legane. På dei nye helseattestane for førarkort finst det ingen del for eigenerklæring. Inntil vidare brukast eigenerklæringa som ligg på www.vegvesen.no for Søknad om førarkort/kompetansebevis .
Helsedirektoratet har i samarbeid med Fylkeslegane laga ein kurspakke som blei bruk på Skei. Denne finn du på lenka her Førerkortkurs - Helsedirektoratet (versjon 2016-09-09).pptx . Her ligg også fasit på dei ulike kasuistikkoppgåvene som blir presentert.
Eit brevformular med forslag til ein mal for førarkortvurdering ved kortvarig og langvarig tilstand som legen sjølv må tilpasse eigen praksis finst på denne lenka Opplysningsplikt - førerkort (versjon 2016-09-12).docx .
Vedr smertestillande behandling som har implikasjonar for køyring har Legemiddelhandboka ein tabell over ekvianalgetiske doser av opioidanalgetika og virkningstid som kan vere nyttig.
Fylkeslegen vurderer eit komprimert oppfylgingskurs som legane evt. kan melde seg på - muleg blir dette også overført på video. Meir info om dette vil komme. Primærmedisinsk uke 24.-28. oktober har 8 timars kurs i trafikkmedisin der den nye førarkortforskrifta er hovudtema. Minner vidare om at vegleiaren er i endring og at der kan komme endringar fram til 1. oktober.
01.09.16: Nye radiologiavtalar i Helse Vest frå 1. september
Curato og Unilabs er valde som leverandørar av radiologiske tenester i Helse Vest. Dei nye avtalane trer i kraft 1. september 2016. I Bergen og Stavanger deler dei to leverandørane volumet seg i mellom. I Haugesund er det vald ein leverandør.
Les meir
Ny rutiner for RhD-negative gravide.
Ny rutine for RhD negative gravide innførast 1. september 2016. Føtal RHD typing i svangerskapsveke 24 og anti-D immunglobulinprofylakse i veke 28. Sjå detaljer i prosedyra i lenkene under.
Brev om føtal RHD-typing til rekvirentar helse vest
Informasjon om føtal RHD-typing til rekvirentar helse vest
Konferanse om bruk av tvang i kommmunehelsetenesta
Fylkeslegen arrangerer 02. november ein nyttig og spennande dagskonferanse om bruk og førebygging av tvang i kommunehelsetenesta. Det handler om bruk av psykisk helsevernlova og pasientrettslova i klinisk praksis
Døme på problemstillingar som fylkeslegen skisserer og som vil bli drøfta på konferansen:
Kan du behandle den alderssvekka urolege pasienten med antipsykotika mot hans vilje i sjukeheim?
Kan du behandle den eldre pasienten med alvorleg psykiatrisk sjukdom mot hans vilje i sjukeheim?
Kan du bruke tvangstiltak for å hindre pasienten med alvorleg psykiatrisk sjukdom å gå til grunne, skade seg sjølv og andre?
Kva skal til for å kunne gi somatisk helsehjelp med tvang til den eldre demente pasienten utan samtykkekompetanse i sjukeheim.
Korleis vurderer du samtykkekompetanse?
Les meir
Laboratoriefag i Helse Førde - svært gode og praktisk nyttige nettsider.
Laboratorium medisinsk biokjemi og blodbank
Mikrobiologisk avdeling
Avdeling for Patologi
18.08.16: Elektronisk tilvising kan ikkje brukakast til purring eller supplerande opplysningar!
Vi får tilbakemeldinger fra Henvisningskontoret om at det er enkelte legar sender purringer, tilleggsinformasjon mm elektronisk som henvisning. Dette er imot samhandlingsrutinene ved tilvising. Årsaka er at ein ikkje klarer å fange opp desse og at dei registrerast som ny henvisning. I verste fall kan dette resultere i ny prioritering som gjer at pasienten hamnar lenger bak i køa. Når dialogmeldingane mellom fastlege og sjukehuslegar er på plass - noko som er nært foreståande etter pilotering i Helse Bergen - vil slik kommunikasjon bli betydeleg enklare og betre.
Lenke til MSIS skjema
Folkehelseinstituttet har fått nye nettsider. Lenke til ulike MSIS-meldeskjema kan hentast herfrå.
Les meir
Informasjon vedr prosedyrer ved avføringsprøver på fleire språk
På oppfordring har mikrobiologisk avdeling i Helse Førde laga eit informasjonsskriv til pasientar som skal ta avføringsprøve til undersøking ved Mikrobiologisk avdeling. Dette er omsett til engelsk Det har også blitt omsett til arabisk og somalisk, og ein ventar på tigrinja-versjonen (Etiopia, Eritrea). Informasjonsskrivet finst som pdf-fil i brukarhandboka til mirkobilogisk avdling Helse Førde under Generelle opplysningar, Informasjon prøvetaking
Les meir
Opplæring i INR måling og eigendosering av Marevan
Opplæring i INR måling og eigendosering av Marevan har lenge vore eit LMS tilbod i Helse Førde. Aktuelle pasientar kan framleis tilvisast til medisinsk avdleing for slike kurs. Det er særleg klaffeoperert med kunstige klaffer som er mest aktuelle for dette - bl.a. p.g.a. alder og kan ikkje bruke dei nye DOAK, men også andre som bruker Marevan og som vil kunne lære seg teknikken er aktuelle. NRK Sogn og Fjordane hadde ein reportasje vedr dette tilbode i sommar.
Les meir
Informasjon og oversyn konsultasjonsteam sped- og småbarn for 2. halvår 2016
Konsultasjonsteam sped- og småbarn i risiko vart etablert i 2003, og gjeld for aldersgruppa 0-6 år. Tilbodet er eit samarbeidstiltak mellom Helse Førde v/BUP i Sogn og Fjordane, og Barne-, ungdoms- og familieetaten. (Bufetat)
Tilbodet er eit lågterskeltilbod for fagpersonar og etatar som arbeider med gravide, småbarnsforeldre og barn. Teamet inviterer til to-timars møter to dager pr. mnd i i Buf etat sine lokale i Førde.
Les meir
16.06.16: Korleis finn du fram på nettet til informasjon frå ulike avdelingar i Helse Førde?
Slit du med å finne fram til det du treng av avdelingsinfo på nettsidene til Helse Førde? Følg lenka under så får du opp avdelingane alfabetisk
www.helse-forde.no/no/OmOss/Avdelinger/Sider/default.aspx
Akuttprosedyrer for bil- og luftambulanse - nyttig også for vaktlegar!
Ambulansetenste har fått nye medisinske prosedyrer for sine tenester som ligg opent på nettet og er mobiltilpassa. Her ligg også luftambulansen sine medisinske prosedyrer. AMK sine er under utarbeiding. Lag deg ein favoritt på mobilen og du har eit enkelt og nyttig verktøy i akuttsituasjonar.
Les meir
Nytt og nyttig frå mikrobiologen
Mikrobiologen i Helse Førde kjem med nyttig info og gode tips før sommarferien.
Les meir
Henvis brystfkreftmisstenkte rett til mammografi
Forløpskoordinatorane minner oss om at prosedyren i Helse Vest er at kuler i bryst der det kan vere misstanke om brystkreft skal tilvisast som pakkeforløp rett til mammografi. Nødvendige undersøkingar og kontakt med brystdiagnostisk senter vil skje defrå. Framleis kjem mange slike tilvisingar til kirurgisk avdeling.
Les meir
14.04.16: PLIVO kurs i Sogn og Fjordane
PLIVO er prosedyra for korleis nødetatane skal samvirke ved pågåande livstruande vald. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom politi, brann og helse. Prosedyra skal danne grunnlag for ein betre nasjonal beredskap for å handtere hendelser der det blir utøvd vald mot fleire personar.
For Helse har Helsedirektoratet sett frist til implementert opplæring innan 1.juli. 2016. Helse Førde vil saman med Politi og Brann arrangere 21 PLIVO kurs i løpet av veke 18-22. ( 2. Mai- 3. Juni ) Kursa blir arrangert på Øyrane vidaregåande skule (Førde), Leikanger tinghus og Eid vidaregåande skule, alle kurs på ettermiddag.
Les meir
17.03.16: Sending av biologiske prøver etter 5. mars 2016 – slutt på lørdagspost!
Mikrobiologisk avdeling og Laboratorium medisinsk biokjemi sendte i februar i år ut denne informasjonen: "Posten Norge har sendt ut informasjon om at all postombering på laurdagar blir slutt frå 5. mars 2016. Det er eit stortingsvedtak som ligg til grunn for endringa, og den gjeld heile landet. I praksis vil det bety at prøver som før vart leverte til laboratoria på laurdagar, vil bli leverte på måndagar. Dette vil få konsekvensar for fleire analysar der prøvematerialet har avgrensa haldbarheit. Lenger transporttid vil også kunne redusere kvaliteten til prøvene, og i tillegg vil svartida bli forlenga.
Det er viktig at prøver med biologiske innhald som blir sendt på fredagar, blir vurderte med omsyn på haldbarheit. Dersom det ikkje er mogleg å få prøvene fram før haldbarheitstida går ut, bør ein vurdere å vente med prøvetaking.
Om det likevel hastar med å få sendt ei prøve på fredag, opplyser Posten Norge at «Bedriftspakke Ekspress Over Natt» vil vere tilgjengeleg for dei fleste postnummer. Denne tenesta vil ha utkøyring på laurdagar. Legekontora må sjølve ordne ei slik sending."
Holdbarheit på prøver er lagt ut på nettsidene til Mikrobiologisk avdeling og Laboratorium for medisinsk biokjemi
Informasjon om sanering av MRSA.
PKO har fått hand om ei orientering frå smittevernoverlegen ved Haukeland - som også er smittevernoverlege for Helse Førde - vedr sanering av MRSA. Temaet denne gang gjeld hovudsakleg smitta invandrarar/asylsøkarar inkl. gravid. Hygienesjukepleiar i Helse Førde melder at dei også vil kunne bistå i veiledning så langt dei kan svare eller bruke smittevernleger ved Seksjon for pasientsikkerhet, Haukeland universitetssjukehus tlf. 55975380. Hygienesjukepleiar i Helse Førde er Åse Skare og kan kontaktast på telefon 57839656 / 47259032
Les meir
Lærings- og mestringskurs våren 2016.
LMS har som vanleg mange nyttige kurs for pasientane våre, og som dei i hovudsak treng tilvising frå oss til. Kurs som no står på beddingen er sjukleg overvekt, langvarige smerter, diabetes type 2- vanleg kurs og forkorta kurs, diabetes type 1 og hjartesjukdom.
Les meir
Fredagsmøter i Helse Førde - no på video. Også relevant for allmennlegar.
Kvar fredag, kl. 08.00 – 08.45 presenterer ulike avdelingar eit tema i auditoriet ved Førde Sentralsjukehus. Tema er ofte medisinskfaglege, men førelesinga er open for alle interesserte. Lista over tema vil fortløpande bli oppdatert etterkvart som dei blir innmeldt. Mange av temane er høgst relvante for allmennlegar. Møta blir kringkasta via video der kolleger som har tilgang til videostudio eller jabber video kan kople seg på. Tema for dei ulike fredagsmøta, adresse for virtuelt videomøterom og reglar for videokonferansen ligg på nettsidene til Helse Førde.
Les meir
Samhandlingsnytt
Vi nytter igjen høvet til å reklamere for Samhandlingsnytt - eit månadleg nyhendebrev redigert av samhandlingssjefen i Helse Førde. Det inneheld svært nyttig samhandlingsinformasjon relevant for allmennlegar og andre som arbeider i kommunehelsetenesta.
Les meir
Pasientar i Helse Vest får sjå journalen sin på nett.
Vi minner igjen om at 22. mai 2016 får pasientar i Helse Vest, over 16 år, tilgang til sjukehusjournalen sin på nett. Det er godkjente journalnotat med hendingsdato etter 1. mars 2016 som vil visast. Foreldre og føresette kan sjå journalen til eigne barn under 12 år. Tilvisingar frå fastlege eller andre med tilvisingsrett, vil også visast som ein del av sjukehusjournalen.
Les meir
10.03.16: Nye retningslinjer for tilvising til Klinisk ernæringsfysiologi (KEF) i medisinsk avdeling Helse Førde
Frå 01.03.16 er det endring i rutinane på tilvising til KEF i Helse Førde.
Helse Førde tilbyr rettleiing frå KEF, for ulike pasientgrupper. Dei fleste av desse må tilvisast internt. Allmennlegar må i dei fleste tilfelle tilvise via vanlege avdelingar som utgreier slike pasientar. Der finst også grupper der KEF er involvert som fastlegar som tidlegare kan tilvise direkte til.
Les meir
Vidareutdanning i kognitiv terapi
Norsk forening i kognitiv terapi ( NFKT ) planlegg å starte opp videreutdanning i KT, Trinn I for personell med helse og sosialfaglig bachelorutdanning i Førde og omegn. Kognitiv terapi / metode blir brukt som intervensjon ved ulike tilstander både i psykiatri og somatikk. Utdanninga strekker seg over to semester.
Les meir
Minner enno ein gong om MRSA testing av visse typar pasientar vi tilviser til Helse Førde.
Avd sjukepleiar Gerd Nesbø minner i ein epost til PKO om krav om MRSA prøver for enkelte pasientgrupper som skal innleggast eller til poliklinisk vurdering i helseinstitusjon. Når slik prøver mangler skaper det betydelege problem og elektive pasientar kan bli utsette inntil prøvesvar foreligg. ØH pasientar kan takast prøve av før innleggelse og sendast med pasienten. Krav om MRSA testing gjeld særleg pasientar som har vore til medisinsk behandling inkl. tannlegebehandling i utlandet. Det gjeld også enkelte grupper flyktningar og asylsøkarar - spesielt dei som har oppholde seg i flyktningeleirer.
03.03.16: Raskare tilbake i Helse Førde
Prosjektkoordinator for "Raskare tilbake" i Helse Førde Anne Øvrebø minner oss om at sjukepengeprosjektet «Raskare tilbake» framleis er oppe og går. Målet er å få dei som er sjukmeldte, eller står i fare for å bli det, raskt til spesialist for å redusere sjukefråveret. Dei tilviste vil få time til utgreiing eller behandling innan 4-6 veker (innimellom kan det gå mot 8 veker)
Les meir
Svangerskapsanalysar - nytt tilbod ved Mikrobiologisk avdeling
Helse Førde kan no utføre rutinemessige infeksjonsprøvar for gravide, det vil seie rubella IgG, syfilisantistoff og HIV i serum.
Les meir
04.02.16: Møteserie Nordfjord
Det har tidlegare vore etterlyst informasjon til fastlegane i Nordfjord om behandlingstilboda ved Nordfjord sjukehus. No vil sjukehuset i samarbeid med praksiskonsulenten invitere til ein møteserie med 2 møtekveldar, der sjukehuslegar og fastlegar kan kome saman og informere kvarandre. Forløpskoordinatorane for kreftpakkeforløpa vil også vere tilstades .
Les meir
Oppstart med hyposensibilisering med Grazax (sublingual immunterapi, SLIT ) mot timoteiallergi i primærhelsetenesta.
Det har blitt stilt spørsmål om slik behandling i allmennpraksis frå allmennlegar. PKO har lagt saka fra for ØNH avdelinga i Helse Førde. Dei stiller seg positive til at denne behandlinga kan utførast i primærhelsetenesta, og belyser i eit skriv nokre viktige sider rundt behandlinga, og viser elles til nasjonale retningsliner og vegleiarar for slik behandling.
Les meir
Pasientane får tilgang til sin journal via Helsenorge.no fra 22. mai 2016
Fra og med 22. mai vil pasientar i Helse Vest få tilgang til sin journal via Helsenorge.no/ Vestlandspasienten. Når det opnast i mai, vil pasientane få tilgang til dokument som har hendelsesdato frå og med 1. mars 2016. Dette inkluderar også mottekne tilvisinger fra fastleger og andre med rett til å tilvise.
Les meir
Hyberbar oksygenbehandling –fastlegar kan tilvise til den nasjonale behandlingseininga.
Hyperbar oksygenbehandling (HBO) vert gjeve til pasientar med ulike lidingar. I dei tilfella der pasientane vert følgd opp av fastlegen er det naudsynt at fastlegen er kjent med behandlingstilbodet og kva ei tilvising må innehalde.
Les meir
25.01.16: Brukarhandbok frå patologisk avdeling
Ny og brukarvenleg brukarhandbok frå patologisk avdeling.
Les meir
14.01.16: Pasienttilfredsheit med krefthandtering i forkant av innføring av pakkeforløp
Seksjon for brukaropplevd kvalitet ved Folkehelseinstituttet gjorde i 2014, i forkant av innføring av pakkeforløp - ei pasienttilfredsheitsundersøking vedr opplevde forhold omkring tilvising, ventetid, samhandling og behandling ved kreft. Helse Førde sine tal er levert oss i ein presentasjon. Lågaste score blir gitt vedr fastlegane sin informasjon ved tilvising mens ventetid og totalopplevelse av handteringa gir gode score. Dette viser at pasientane som soknar til Helse Førde oppfatta forløpa som bra også før pakkeforløpet. Dette er ikkje uventa resultat utfrå at slike tilvisingar i lang tid har gått raskt gjennom i Helse Førde systema. Ein vil tru fokus i pakkeforløp bl.a. på fastlegen sin informasjon ved tilvising vil kunne betre desse scora no i etterkant av innføring av pakkeforløp for kreft.
Les meir
Ynskje om meir serum til hepatittanalysar
Gro Øren ved mikrobiologisk avdeling har sendt PKO ein epost der ho presiserer at ved mistanke om positiv serologi for hepatitt B eller C, bør rekvirenten sende to serum-glas. Då slepp ein å be om ny prøve for å kunne sende til regionlaboratorium for vidarearbeid. Aktuelle pasientgrupper er dei som har større risiko for hepatitt B eller C, som t.d. sprøytemisbrukarar, flyktningar, m.v.
Les meir
Nyhende frå 2015:
30.12.15
Vikariat for allmennlege ved hudavdelinga.
Hudavdelinga har behov for legevikar frå om lag april 2016, fortrinnsvis almennlege med ynskje om Dermatologi som sideutdanning.
Varigheit: 6 mndr i fyrste omgang, kan verte forlenga.
Perioden kan evt delast opp, minimum 3 mndr.
Arbeidsstad er Hud poliklinikk, Førde Sentralsjukehus.
Er og mogelegheit for utvida tenesteplan med arbeid ved Hud poliklinikk, Florø 1 dag per veke.
Kontaktpersonar: Øystein Vatne, avd.sjef / overlege: 57839366; Trude Lindesteg, seksjonsleiar / sjukepl: 57839362. trude.lindesteg@helse-forde.no
17.12.15
Hjertespesialist-erklæringar for førarkortattester.
Trine Vingsnes, avdelingssjef Helse Førde har sendt oss ein epost og informert om at skal slike vurderingar bli gitt av Helse Førde no framover så må det skje i Lærdal.
Les meir
Om helseatlas.no
Om helseatlasset står det på nettsidene deira: "I Norge er det et mål at hele befolkningen skal ha et likeverdig tilbud av helsetjenester på tvers av geografi og sosiale grupper. Helseatlas.no er et verktøy for å sammenlikne forbruket av helsetjenester i forskjellige geografiske områder. Atlaset viser hvilket forbruk av helsetjenester som befolkningen i et geografisk område har, uavhengig av hvilket sted pasientene behandles". Helse Førde er tungt involvert i utviklinga av helsatlaset.
Les meir
Om samhandlingsbarometeret.no
Samhandlingsbarometeret utviklar seg stadig - no med mykje oppdaterte data frå 2014. Helse Bergen, Harladsplass samt Troms/Often har no også lagt inn ein del data på barometeret.
Les meir
Nytt år med Lærings- og mestringskurs
LMS arranger mange spennande og nyttige kurs for våre pasientar. Allereie tidleg i 2016 er der annonsert mange relevante kurs. Følg med på LMS sine godt oppdaterte nettsider.
Les meir
Sunnfjord Medisinske Senter i Florø med nye nettsider
PKO er engasjert i prosjektet "Samhandling under same tak i Florø". Helse Førde sine funksjonar i Florø er samlokalisert med fleire andre helsetenster - bl.a. Flora kommune sine - i Sunnfjord Medisinske senter. Det er no laga nettsider som omfatter alle som driv i bygget.
Les meir
10.12.15
Sterilisering og rituell omskjæring
Urologane i Helse Førde skriv i ein epost til PKO at p.g.a. lav kapasitet ser dei seg nøydde til å avvise søknader for sterilisering av menn og rituell omskjæring. Pasientar som skal til rituell omskjæring må tilvisast barnekirurgisk avdeling, Haukeland og steriliseringar må tilvisast private urologiske tilbod t.d. i Ålesund og Bergen.
Les meir
Enno ein gong om MRSA
Avd sjukepleiar Gerd Nesbø minner i ein epost til PKO om krav om MRSA prøver for enkelte pasientgrupper som skal innleggast eller til poliklinisk vurdering i helseinstitusjon. Når slik prøver mangler skaper det betydelege problem og elektive pasientar kan bli utsette inntil prøvesvar foreligg. ØH pasientar kan takast prøve av før innleggelse og sendast med pasienten. Krav om MRSA testing gjeld særleg pasientar som har vore til medisinsk behandling inkl. tannlegebehandling i utlandet.
Spesielt om Flyktningar og MRSA.
Når det gjeld flyktningar så kan det vere aktuelt å teste for MRSA og andre mikrober ved henvisning til sjukehus. Dette gjeld særskilt asylsøkarar som har budd i flyktningeleir før ankomst Norge eller som har hatt ei fluktrute med spesiell smitterisiko. Viser her til informasjonen på FHI sine nettsider om saka.
http://www.fhi.no/tema/asylsokeres-helse/mrsa-og-esbl
Oppdatert info om smitteproblematikk finst som kjent på nettsidene til Folkehelsa.
Les meir
Kurs i eigenkontroll av Marevan med INR
Noklus-konsulent i Helse Førde Kari-Anne Melvær Strømmen minner PKO i ein epost om at dei arrangerer opplæringstilbod til pasientar i eigenkontroll av Marevan.
Kurset høver for pasientar som skal bruke medikamentet over lang tid, og som ønskjer å ta eit større ansvar for eiga behandling. Det første kurset starta i 2013 og til no har over 50 pasientar i helseføretaket gjennomgått kurset og fått eige instrument til å måle sjølv. Tilbakemeldingane frå pasientane er udelt positive! Dei opplever større innsikt i eiga helse og ein større fridom ved å kunne måle eigen INR-verdi og dosere seg sjølv. Nytt kurs er planlagt å starte opp i januar/februar 2016 og der er framleis nokre ledige plassar. Det må føreligge tilvising frå lege.
Les meir
01.12.15
LIS stillingar ved Helse Førde på ØNH og Revma for allmennlegar som treng sjukehusår. Begge oppstart 01.03.16.
PKO har over ein periode samarbeidd med klinikksjefane og avd sjefane i Helse Førde vedr øyremerking av underordna utdanningsstillingar for allmennlegar frå Fylket som treng sjukehusåret sitt. ØNH avdelinga har allereie hatt ei slik stilling siste året – med gode arfaringar - og lyser no ut på nytt. Gledeleg kjem andre etter og no er det Revma som melder seg på.
Les meir
12.11.15
Pakkeforløp for kreft som gjeld pasientar med gynekologisk problemstillingar
Overlege Agnete Dissing Sættem har kontakta oss og presiserer at det er viktig å repetere at fastlege IKKJE kan tilvise til «pakkeforløp» idet KK FSS har «filterfunksjon».
KK tar sjølv pasienten inn til vurdering - og startar «pakkeforløp».
Dei er avhengig av god tilvising frå primærlege for å vite kva pasientar som må inn rask.
Les meir
Rutiner og skjema ved stikkuhell - også for bruk i primærhelsetenesta.
Mikrobiologisk avdeling har lagt ut informasjon på sine nettsider om prosedyrer og lenker til skjema for rekvirering av prøver (HBsAg, anti-HCV og anti-HIV) til bruk ved stikkuhell. Kontor som bruker elektronisk rekvirering kan sjølvsagt bruke dette også ved rekvirering av prøver etter stikkuhell.
Les meir
MOM i elektronisk utgåve - aktuelt for vaktlegar.
Trond Aamot , anestesisjukepleiar/fagutvikler ambulanse minner om at ambulansetenesta er på veg over i frå metodebok i papirform (MOM- medisinsk operativ manual) , til elektronisk oppslagsverk. Leverandør av elektronisk teneste er Bliksund. Fleire av prosedyrane er basert på den gamle MOM-en og prosedyresamarbeid i Helse Vest. Det manglar framleis ein del prosedyrer som ligg inne til godkjenning. Ny ambulansejournal med SATS (south african triage scale) er no gått i trykken og blir gradvis innfasa etterkvart som gamalt restlager blir brukt opp.
Les meir
Eldremedisinsk poliklinikk i full gang i Førde
Greta Elisabet Gard Endal, Koordinator, spes.sjpl. og leiar ved Eldremedisinsk poliklinikk ved FSS minner oss om at poliklinikken er i full gang og tek i mot tilvisingar. Poliklinikken er ein del av medisinsk poliklinikk i Førde og er eit tilbod for pasientar frå omlag 70 år med samansette problemstillingar bl.a. falltendens, polyfarmasi, komorbiditet, kognitiv svikt. Ved spørsmål kan leiar for poliklinikken kontaktast på 57839322 / 95128030.
Les meir.
22.10.15
Elektronisk tilvising til BUP.
Det er no muleg å tilvise elektronisk til BUP. Ein nytter den vanleg adressa til NHN adresseregister, Adressen som skal brukast når ein hentar fram Helse Førde ser slik ut: Psykisk helsevern for barn og unge (BUP) (Førde BUP, Førde) - evt. BUP Nordfjord eller Sogn om tilvisinga skal dit. Vedlegg som BUP skjema, opplysningar frå PPT, helsestasjon eller andre skal sendast i posten og merkast med vedlegg til og dato for tilvisinga. Opplysningane i BUP skjemaet er viktige - spesielt info om samtykke frå foreldre til barn under 16. Elles går mange av opplysningane inn i viktige statistikkar. I dei tilfeller skjemaet ikkje blir brukt er det viktig å bruke skjemaet som ein mal for viktig info som må komme med i tilvisinga. I saker til BUP vil bl.a. forhold i familien vere blant slike viktig opplysningar. Gode tilvisingar med relevant info er avgjerande for korrekt prioritering - her gjeld også sjølvsagt skildring av symptom og funksjon og endringar i desse.
15.10.15
Endringar i rutiner ved brystdiagnostisk senter (BDS)
Det er no innført ein del endringar ved BDS Førde. Dette er i samsvar med endringar/rutinar ved BDS elles i Noreg. Henvisningar til BDS med spørsmål om utredning av brystkreft, kular i bryst, smerter og andre symptomer har gått både til kirurgisk og radiologisk avdeling tidlegare. Dette er no blitt endra.
Når det gjeld utredning av bryst er det mammografi og UL som er den viktige avgjerande undersøkelsen for om det foreligger patologi eller ikkje i brystet.
ALLE henvisningar skal sendast til røntgenavdelinga/BDS. Det er røntgenlege som vurderer desse og set prioritet.
Les meir
08.10.15
Kontrollkommisjonen i psykisk helsevern treng nytt legekunnig varamedlem
Fylkeslegen melder at det er ledig stilling som varamedlem til kontrollkommisjonen.
Les meir
Oppstart nødnett for helseteneste 27. oktober. Tilbod om oppsamlingskurs.
Det nærmar seg med stormskritt tirsdag 27 oktober. Denne dagen blir nødnettet tatt i bruk. For å fange opp eventuelle tilsette/potensielle brukarar er det ynskje om å gjennomføre ei siste opplæring før oppstart. Det blir kjørt fylgjende kurs:
• Mandag 19/10, kl. 1630 -2030. 4 timers radiokurs for kommune leger, Akuttmottak og legevaktsentral. Evt andre potensielle brukere.
• Tirsdag 20/10, kl. 0830 - 1630. 8 timers radiokurs for ambulansepersonell.
Påmelding til oyvind.dahle@helse-forde.no
24.09.15
Bra med legeressursar i Førde BUP for tida.
Førde BUP har for tida ein spesialst i barne- og ungdomsspsykiatri og to legar under utdanning. Kapasiteten er difor god ifht å kunne vurdere hastesaker raskt samt å kunne vegleie allmennlegar. Spesielt der allmennlegen vurderer at oppstart med medikamentell behandling kan vere nødvendig ynskjer PUP å bli kontakta.
Les meir.
17.09.15
Nytt triage-system for ambulansetenesta og akuttmottak i Helse Førde.
Mot slutten av 2015 blir det innført eit nytt triageystem - SATS- for ambulansetenesta og akuttmottak i Helse Førde. SATS betyr South African Triage Scale og har vore pilotert i Helse Bergen og Bergen legevakt sidan 2013. Det blir no innført som standard i heile Helse Vest. Ambulansetenesta har vore skulert denne veka. Før det blir endeleg implementert skal prosedyrane tilpassast lokale forhold i vårt fylke - dette gjeld bl.a. der det i prosedyrane blir foreslått direkte innleggelse i sjukehus for nokre situasjonar. Det blir viktig at legevaktene og legekontora har fellesmøter for å drøfte det nye triage-systemet slik at tenestene har same forståing i vurdering av hastegrad og tiltak.
Fagdager ambulansetjenesten Helse Førde sept 2015_SATS_Merete Eide Hernes_presentasjon.pdf
2015.09.14 Brukerveiledning SATS Norge barn og voksne versjon 2.01 NY.pdf
10.09.15
Opplæring i bruk nødnettsradio for vaktlegar i kommunane
Helse Førde er i full gang med opplæring av personell i bruk av Nødnett. Prosjekt leiar Øyvind Dahle ynskjer å minne om at opplæringa for kommunelegar startar førstkommande mandag 14/9. Det nye nettet skal takast i bruk frå 27/10-2015.
For dei som ikkje har meldt seg på kurs er det viktig at dette skjer no!
Kursa ligg tilgjengelig i Helse Førde sin læringsportal, men om det blir sendt ein epost til prosjektleiar på oyvind.dahle@helse-forde.no med namn, adresse, epost og kor ein ynskjer å gå på kurs vil han vere behjelpelig med påmeldinga. Sjå elles detaljinfo med vedlegg sendt ut til alle kommunelegar gjennom PKO.
Ein vonar å få igjennom flest mulige kommunelegar på kurs. Dei av legene som skal ha legevakt eller på annan måte nyttar seg av en nødnetts radio må ha kurs!
03.09.15
Godt nytt vedr elektronisk tilvising!
Tilvisingar til private rehabiliteringsinstitusjonar kan no sendast elektronisk til Regional vurderingseining for rehabilitering (Vurderingseininga). Adressa i Norsk helsenett adresseregister er: Regional vurderingseining for rehabilitering (Nesttun). Ingen tilleggsskjema bli krevd men viktig å få med sentrale opplysningar i tilvisinga – elles kan den lett bli avvist eller ein får den i retur med spørsmål om tilleggsopplysningar. Huskelista finn du her
Les meir
Gjennomført fagdag i psykiatri i Nordfjord
Mandag 31.august 2015 blei det arrangert fagdag i psykiatri ved Nordfjord Hotell, Nordfjordeid. Styringsgruppa for Nettverk for psykisk helsearbeid i Nordfjord var arrangør, og tema var: Pasientane vi ikkje får hjelpt godt nok – ei samhandlingsutfordring.
Programmet
27.08.15
Samhandlingsmøte mellom fastlegane og Helse Førde omkring Pakkeforløp for kreft.
PKO planlegg saman med koordinator for pakkeforløp for kreft og sentrale avdelingar i Helse Førde som mottek slike pasientar, eit samhandlingsmøte med fastlegane. Møtet er no sett til torsdag 12. november kl. 16-19 ved Skei hotell. Møtet kjem i etterkant av erfaringskonferansen rundt pakkeforløp i Helse Førde området som Helsedirektoratet har kalt inn til i oktober. Detaljinfo om samhandlingsmøtet vil komme. Sjå elles PKO kalenderen som vil vere oppdatert på saka.
PKO kalenderen
13.08.15
Vel overstått sommarferie!
PKO er tilbake på plass etter ferien og kan no kontaktast på vanleg måte. Vi minner om PKO kalenderen der vi fører opp viktige kurs og møtar i samhandlinga mellom allmennlegar og Helse Førde. Vidare vil vi jobbe aktivt omkring info om Pakkeforløp for kreft og vil komme med viktig informasjon etter kvart. Nordfjord sjukehus har fleire LMS kurs på gang i haust og har sendt ut ein eigen info om dette. Elles ligg all info om LMS kurs på Helse Førde sine sider her
http://www.helse-forde.no/no/OmOss/Avdelinger/lering-og-meistring/Sider/default.aspx
Informasjonsplakat LMS 2015_nordfjord sjukehus.pdf
25.06.15
God sommar!
PKO tar no sommarferie men der er nokre saker vi ynskjer å informere om før ferien.
Stengde legekontor og elektroniske meldingar
Det blir sendt epikriser og prøvesvar elektronisk til legekontora heile døgnet. Serveren på legekontoret skal difor alltid stå på, også om natta, i helgane og i feriar. Ved ferie og anna fråvær må det alltid være nokon på jobb som har passord til serveren, og litt kunnskap om meldingsserveren.
Legekontor (solopraksisar) som er heilt stengde i ferien må gi beskjed om dette til Kundesenteret, Helse Vest IKT. Beskjed kan givast på telefon 55 97 65 40 eller på e-post til samhandling@helse-vest-ikt.no
Møter for allmennlegane vedr. "Pakkeforløp for kreft" til hausten
Praksiskonsulentane arbeider for tida med å planlegge samhandlingsmøter i løpet av hausten mellom allmennlegane, aktuelle spesialistar i Helse Førde og forløpskoordinatoren som er knytt opp mot pakkeforløp. Møta vil ha liknande struktur som tidlegare "Fagforum for legar" og vil bli lagt til Sunnfjord, Nordfjord og Sogn slik som tidlegare. Det vil bli gitt ut meir info så snart ein har fått på plass program og tidspunkter.
"LIS- stillingar" for allmennlegar i Helse Førde
Det er eit påtrengande og stort behov for allmennlegar i Fylket å få sitt sjukehusår som ledd i spesialisering. Av fleire grunnar er det viktig at dei får dette tilbodet så nær som muleg slik at dei slepp å flytte bustad for å få dette gjennomført. ØNH avdelinga ved FSS har i år tilsett allmennlege frå Fylket i eiga LIS stilling som ledd i hennar behov for sjukehusteneste. På bakgrunn av dette har PKO hatt møte med dei fleste avdelingsleiarane i Helse Førde vedr at fleire avdelingar kunne vurdere same modellen. PKO vil i samarbeid med Sogn og Fjordane Legeforening og Helse Førde arbeide vidare med denne saka.
11.06.15
Viktig info om pakkeforløp
Etter at 10 nye pakkeforløp for kreft blei innført frå 1. mai og ytterlegare 14 blir innført frå 1. september samt at og at ein har fått på plass ny forløpskoordinator, kjem Helse Førde idag ut med oppdatert informasjon i eige skriv. Ny forløpskoordinator er Hanne Elin Skår og treffast på mobilnr 95987274.
Les meir
07.05.15
"Den gode henvisning" og avkrysssingsfelt for "Pakkeforløp for kreft"
Dei fleste journalsystem har no fått eigen avkrysning for "Pakkeforløp for kreft" i sine hastegradsvurderingsfelt i "Den gode henvisning". Er dette ikkje på plass kan det vere at siste programversjon ikkje er lagt inn. I tilfelle må legekontoret ta kontakt med programleverandøren for å etterspørre siste versjon. Elles må legane inntil dette er på plass hukse å merke journalen i feltet for "Undersøkelse/behandling" med "Pakkeforløp kreft". Dette for at henvisninga skal bli fanga opp av helseforetaket i tråd med retningslinene.
Kjernejournal
Mange allmennlegar i Fylket har no tatt godkjenningsprøven for kjernejournal og er dermed klare for å legge inn opplysningar i kjernejournal for pasientane sine. Helsepersonell i Helse Førde er no også godt i gang med dette. Det er viktig at alle parter er i denne samhandlinga husker på kjernejournalen i sitt møte med pasientane og legg inn nødvendige opplysningar bl.a. når det gjeld kritisk informasjon. Helse Vest har laga ei oversikt over utviklinga på landsbasis og i regionen sålangt.
Les meir
30.04.15
Nye pakkeforløp for kreft frå 1. mai
Frå 1. mai innførast 10 nye "Pakkeforløp for kreft". I 2015 er det foreløpig implementert 14 pakkeforløp, og ytterligare 14 innførast 1. september. I løpet av 2015 implementerast totalt 28 pakkeforløp.
Les meir
16.04.15
Nye og interessante nettsider frå avdelingar i Helse Førde
Mikrobiologisk avdeling har laga ein hendig plakat over prøvetakingsutstyr til prøvar. Plakaten er laga i A4 og A3-format, slik at ein sjølv kan skrive ut. Linkar til denne finst på sida for brukarhandboka.
Les meir
Diabetespoliklinikken i Helse Førde har laga ei informasjonsside vedr arbeidet i poliklikken. Her ligg det m.a. informasjon om ulike LMS kurs både for barn og voksne, informasjon til pasientar og viktige tips til allmennlegane når det gjeld samhandling omkring pasientar med diabetes.
Les meir
Gjennomførte kurs og konferansar
Samhandlingskonferansen
Scandic Sunnfjord Hotell, Førde 08. - 09. april
Arrangør: Fylkesmannen, fylkeskommunen, Helse Førde HF og KS
Målgruppe: Kommunalsjefar, kommuneleiing, leiarar og mellomleiarar i helse- og omsorgssektoren, leiarar og mellomleiarar i spesialisthelsetenesta
Kroniske sår i allmennmedisin - sårkurs
Skei hotell 14. april
Kurs for turnuslegar i akuttmedisin
Tid: 11. og 12. mars 2015
Kurs - Kronisk utmattingssyndrom- CFS/ME
Auditoriet Førde Sentralsjukehus fredag 13. mars
Nettverk - sjukeheim; fagforum for sjukeheimslegar i Sogn og Fjordane
Mandag 16. -17.03.
Stad: Thon Hotel Jølster
05.03.15
Kjernejournal blei innført i Helse Vest 1. mars.
Kjernejournal er ei ny elektronisk løysing som samlar viktige helseopplysninger om innbyggar og inneheld opplysningar som er spesielt nyttig i akutte situasjonar og når helsepersonell ikkje kjenner pasienten frå før.
Har innbyggar ein kjernejournal, får legevakt, akuttmottak og legesentre raskt tilgang til dei same oppdaterte opplysningane om pasienten. Innbyggar kan også sjølv registrere informasjon.
Kjernejournalen er også tenkt som eit verktøy for helsepersonell - både for oppslag der kritiske pasientopplysningar er nødvendig samt i situasjonar der pasienten treng hjelp til å registere viktige opplysningar.
For å få tilgang til kjernejournal, må helsepersonell gjennomføre opplæring og bestå godkjenningsprøven. For å ta prøven, må ein ha ha elektroniske ID-kort og PIN-kode tilgjengelig. PC må være tilkobla Norsk Helsenett.
I 2014 er kjernejournal innført for innbyggarar som soknar til Stavanger Universitetssjukehus. 1. mars i år blei kjernejournal innført for resten av innbyggarane i Helse Vest. Helsedirektoratet vil arrangere informasjonsmøte i Helse Førde den 16. og 17.04.15, og ein vil prøve å legge til rette for at kommunalt personell kan få tilgang til denne informasjonen via video, men allereie no kan helsepersonell ta i bruk kjernejournalen bl.a. ved å legge in kritisk informasjon der dette er indisert.
Les meir
Fagdag hjartesjukdomar med presentasjon av nytt hjarterehabiliteringstilbod
Nyttig kurs i hjartesjukdom gjennomført på Nordfjordeid 04.02. med bl.a. presentasjon av det nye fylkesdekkande rehabiliteringstilbodet for hjartepasientar der kvart kurs går over 8 veker. Her har fylket fått eit godt rehabiliteringstilbod der testing og kursing foregår på Eid mens opptreninga føregår lokalt også i Førde og Lærdal. Sterkt å tilråd for dei av våre pasientar som treng eit rehabilitierngstilbod raskt etter nyoppstått hjartesjukdom eller operasjonar - eller for dei som treng dette som oppfølging etter noko tid.
Les meir.
Eldremedisinske poliklinikkar.
Minner om denne saka som vi publiserte i januar. Det kjem no tilvisingar til den nye poliklinikken ved FSS og det er viktig at fastlegane kjenner til tilbodet. Bakgrunnen for tilbodet er altså at Helse Førde over fleire år har hatt behov for oppbygging av fagfeltet geriatri. Nordfjord sjukehus (NSH) starta hausten 2013 ein tverrfagleg eldremedisinsk poliklinikk. Våren 2014 vart det sett ned ei prosjektgruppe med formål om å etablere eit tilsvarande tilbod også ved Førde Sentralsjukehus. Eldremedisinsk poliklinikk i Førde startar opp i januar 2015 to dagar i veka: tysdag og onsdag.
Les meir.
Samhandlingsnytt
Samhandlingssjefen gir ut kvar månad eit nyhendebrev som tek for seg viktige samhandlingssaker med nyttig info for foretaket og helsepersonell i kommunane.
Les meir
29.01.15
Tilbod om rutine-ultralyd-undersøkingar for gravide ved Nordfjord sjukehus
Jordmor ved «God start»- eininga ved Nordfjord sjukehus har no teke vidareutdanning i ultralyd-diagnostikk. Det er difor no etablert eit fast tilbod om rutine-ultralyd-undersøkingar for gravide ved Nordfjord sjukehus, uavhengig av kvar dei skal føde.
Tilvisingar kan sendast på vanleg måte, som ei EDI-tilvising til kvinneklinikken i Helse Førde. Det er viktig å føre på dato for siste menstruasjon. Merk tilvisinga med at kvinna ønskjer undersøkinga utførd ved Nordfjord sjukehus.
Les meir.
Spreiing av informasjon om LMS tilbod.
Lærings- og meistringssenteret i Helse Førde har mange nyttige kurstilbod og opplæringstilbod til pasientar og pårørande. I forbindelse med arrangering av kurs/ temadagar etc får vi tilbakemelding frå deltakarar om at det er nokså tilfeldig at dei veit om tilboda. Det er ei stor utfordring og å nå ut til dei aktuelle målgruppene.
LMS-koordinatoren i Nordfjord veit at enkelte legekontor har informasjonsskjermar, og det kan kanskje vere aktuelt å nytte desse i tillegg til personleg informasjon.
Vi oppmodar fastlegar om å hugse på desse tilboda og spreie informasjon til aktuelle pasientgrupper. Det vil nok likevel vere nødvendig med annonsering i lokalaviser får å nå publikum.
Les meir.