Parkering Førde sentralsjukehus

Ved Førde sentralsjukehus er det sett av 99 parkeringsplassar som er eksklusive for pasientar og pårørande (sjå raudt område på kartet).

All parkering ved alle Helse Førde sine institusjonar er gratis, men det blir gitt parkeringsbot ved feilparkering. Du må følge skiltinga rundt Førde sentralsjukehus.

Kart over området rundt Førde sentralsjukehus.

parkering-bom.jpg    qr-bom.jpg

Det er bom framføre pasientparkeringa. Du nyttar QR-kode som er sendt deg i innkallinga. Denne koden scannar du før bommen opnar seg. (scanning - sjå bildet over til høgre)

Pårørande kan nytte automaten til å ta kontakt med resepsjonen inne på sjukehuset. Pårørande må då gi beskjed om kven de skal besøke på sjukehuset for så å få ein billett frå automaten.

Blodgjevarar har eigne parkeringsplassar og må nytte eige parkeringsbevis som blodgjevarar får.

kortidsparkering.jpg

Parkeringsplassar ved sidan av inngangen til sjukehuset er korttidsparkering. Her er det maksimalt lov å parkeringe for av og påstiging (15 minutt).

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.