Personvern

Personvern her handlar om korleis nettsida samlar inn og brukar informasjonen frå dei som besøker nettstaden.

​Personopplysingslova inneheld reglar for korleis innsamla personopplysingar skal behandlast og sikrast, kven som skal ha tilgang til opplysingane og om dei blir gitt til andre.

Ansvar

Behandlingsansvarleg: Direktoratet for e-helse

Databehandlar: Norsk helsenett (NHN)

Direktoratet for e-helse er ansvarleg for innhenting og bruk av dataopplysingar som blir gjort i samband med drift og vedlikehald av nettstaden.

Norsk helsenett er Direktoratet for e-helse sin databehandlar, og er leverandør av drift og vedlikehald av nettstaden. 

Opplysingane som blir samla inn, blir lagra på serverar som er drifta av Norsk helsenett (NHN). Ein eigen avtale mellom Direktoratet for e-helse og NHN regulerer kva informasjon leverandøren har tilgang til og korleis den skal behandlast.

E-post

På nettstaden har du mogelegheit til å kontakte sjukehuset via e-post. Når du har sendt ei melding vil namn, e-postadresse (dersom du ønskjer svar på førespurnaden din) og det du skriv i meldinga bli lagra. Difor er det viktig at du ikkje skriv sensitive informasjon eller personopplysingar i e-posten, som for eksempel fødselsnummer eller helseopplysingar.

Lenke til eksterne nettsider

På nettstaden er det lenker til andre organisasjonar og verksemder. Personvernerklæringa på denne nettstaden omfattar ikkje andre nettstader. Når du besøker ein annan nettstad må du sjå på retningslinene som gjeld for den aktuelle nettstaden.  

Lagring av besøksstatistikk

Nettstaden lagrar trafikk/besøksstatistikk. Statistikken viser kor mykje kvart enkelt område av nettsida blir besøkt. Vi kan ikkje spore din bruk av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson.

Eksempel på informasjon som blir lagra er tal på besøkande på dei ulike sidene, kva nettstad dei kjem frå, kor lenge dei er på nettsida og kva nettlesar som blir brukt. Informasjonen blir brukt slik at tilbod og innhald på nettsida kan videreutviklast og bli betre.

Løysinga for besøksstatistikk er basert på Universal Analytics og nettstaden bruker ein mogelegheit i Universal Analytics for å anonymisere IP-adressa til lesaren slik at denne ikkje blir lagra hos Google eller i helsenorge.no.

Dersom du likevel ikkje ønskjer at nettstaden skal samle inn anonyme data frå deg, kan du melde deg av denne innsamlinga på følgande adresse:

http://tools.google.com/dlpage/gaoptout?hl=en

Om lagring av søkeord

Nettstaden lagrar informasjon om kva søkeord besøkande brukar. Formålet med dette er å gjere informasjonstibodet vårt betre. Vi kan mellom anna finne ut kva søkeord som gir treff og kva søkeresultat dei besøkande har valt. Det er berre søkeorda som blir lagra, og dei kan ikkje koplast til andre opplysingar om besøkande.