Etter ei viss uro for den økonomiske trenden tidleg på året, vart fleire tiltak gjort i klinikkane. No syner tala at kursen er justert, og at føretaket økonomisk sett er der vi skal vere idet vi går inn i ferietida.
Resultatet pr. utgangen av mai månad syner eit overskot på nær 16 millionar kroner, noko som er 995 000 kroner betre enn budsjett.
- Dette er ei positiv utvikling, og syner at organisasjonen vår arbeider godt, seier administrerande direktør Arve Varden.
For resultatet frå sjølve drifta vart på seks millionar kroner i mai, noko som er tre millionar kroner over budsjett denne månaden. I tillegg vart resultatet ytterlegare forbetra med 5,3 millionar kroner som følgje av postar som ikkje utelukkande var knytt til mai månad, så som gjennomgang av koding i første tertial og inntekter knytt til høgkostmedikament.
Også personalkostnadene, altså utgifter til løn, utvikla seg positivt med mindreforbruk i høve budsjett i mai, men det føregår no lønsforhandlingar som kan gje etterbetalingar som kan komme til å påverke økonomien negativt.
Også innan sjukefråver er utviklinga positiv med 5,5 prosent, noko som er ein nedgang på nær to prosent sidan mars.