Ny utviklingsplan for Helse Førde i 2021

I januar 2021 starta vi arbeidet med revisjon av utviklingsplanen for Helse Førde. I planen skal vi svare på korleis vi skal løyse framtidas behov for spesialisthelsetenester fram mot 2035. Kor vil vi? - og korleis skal vi få det til? er sentrale spørsmål.

Undervegs i planarbeidet vil det vere mange involverte. For at det skal vere enkelt å følgje prosessen og gi innspel har vi oppretta denne informasjonssida.

Den nye planen er ei revidering av førre plan og vi kjem difor til å ta utgangspunkt i utviklingsplanen frå 2018. I tillegg er det både nasjonale og regionale føringar.


Føringar for utviklingsplanen i 2021

 

Arbeidet med utviklingsplan for Helse Førde i 2021

  1. Oppstart med informasjonsrundar

    I januar, februar og mars 2021 vil vi informere på interne og eksterne møte om arbeidet med utviklingsplanen. Dei første innspela frå desse møta blir registrert og tatt med vidare i arbeidet.

    Presentasjon som er vist på ulike møte internt og eksternt
  2. Oppfølging frå planen i 2018, kva er nytt i 2021?

    Frå mars til juni 2021 vil skrivearbeidet foregå. Vi tek utgangspunkt i utviklingsplanen frå 2018, kva skal vere med vidare av innsatsområde, mål og tiltak? Kva er nytt av nasjonale føringar?  Leiarar og tilsette ved klinikkar og avdelingar vil bli involvert i skrivearbeidet. Undervegs vil utviklingsplanen vere tema i faste møtefora for tillitsvalde, vernetenesta, brukarutval, koordineringsråd og ungdomsråd.

  3. Samhandling og helse i framtida

    Vi vil invitere samarbeidspartar i kommunane til arbeidsmøte der framtidas helsetenester er tema. I nasjonal helse- og sjukehusplan er det lagt stor vekt på at kommunane og helseføretaka skal drive felles planlegging og gjensidig bidra til å styrke behandlingstilbodet til prioriterte grupper.

  4. Høyring av utkast til utviklingsplan

    Førebels planlagt høyringsperiode er august-september 2021. Utkast til utviklingsplan for Helse Førde 2021–2035 vert lagt ut til høyring i seks veker. Her kan alle gi innspel. Undervegs er det òg fullt mogleg å gi innspel til e-postadresse: post@helse-forde.no Merk innspelet med Utviklingsplan Helse Førde, saksnummer 2021/981.

    Etter høyringsrunden går vi gjennom og vurderer alle innspel. Plandokumentet vert justert ut frå innspela før det går til endeleg godkjenning i styret.

    Send inn dine innspel
  5. Utviklingsplan ferdig

    Planen skal vere vedteken av styret i Helse Førde og sendt til Helse Vest innan 31. desember 2021.

Fann du det du leita etter?