Raskare tilbake

Raskare tilbake er eit tilbud til deg som er sjukmeld, eller står i fare for å bli det. Hensikta er å få deg raskare inn til spesialist og tilbake att i jobb, for å forkorte eller unngå sjukmelding. Det er fastlegen som tilviser til «Raskare tilbake».

Raskare tilbake-tilbod i Helse Førde:

Somatikk

Ortopediske tenester i Førde og Lærdal.

Tilbod:

Diagnostikk med eventuell kirurgisk behandling eller anbefaling av annan ikkje-kirurgisk behandling i primær- eller spesialisthelsetenesta.

Tilvisning sendast til ortopedisk avdeling merka med «Raskare tilbake».

Rehabilitering

Fysikalsk medisin og rehabilitering, Førde.

Tilbod:

Poliklinisk for pasientar med muskel-/skjelett-/ryggplager. Vi har også tilbod til deg som treng meistringsråd og hjelpemiddel. Den tverrfaglege gruppa består av fysikalsk medisinar, fysioterapeut, ergoterapeut og sosionom. 

Tilvisning sendast til fys.med. avd. merka med «Raskare tilbake».

Lærings- og meistringssenteret

Tilbod lokalisert i Sunnfjord medisinske senter, Florø:

 «Livsstyrketrening - å meistre livet og jobben».

Eit mestringskurs med rettleiing i grupper for deg som har behov for, eller ønskjer å meistre og styrkje livet, utifrå den aktuelle livssituasjonen. Dette kan vere muskel- og skjelettplager og/eller lette psykiske lidingar. Via merksemdtrening og ulike kreative læremetodar blir det arbeidd med bevisstgjering av: tankar, kjensler og kropp, ressursar, vanar og mønster i kvardagen - og i arbeidslivet. Kursa vert kunngjort i lokalmedia og på nettstaden til Helse Førde.

Tilvising sendast til medisinsk avd. merka med «Livsstyrketreningskurs».

Kontakt Raskare tilbake:

Ved spørsmål om «Raskare tilbake»:

Koordinator Anne Øvrebø -

e-post: Anne Øvrebø

Tlf: 57 83 95 03
 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.
​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​