HELSENORGE

Pressemelding - ulukker

Helse Førde gir ut pressemeldingar i etterkant av ulukker og hendingar som kan ha interesse for media. Meldingane er standardiserte og gir dei opplysningane vi kan gå ut med.

Policy for oppd​ateringar

I utgangspunktet blir det berre lagt ut ei melding for kvar pasient. Ved alvorleg skade vil det komme ei oppdatering av pressemeldinga på føremiddagen dagen etter når legevisitten er ferdig. 

Ved kritisk skade vil det komme ei oppdatering også den tredje dagen.

Det vil ikkje bli gitt nye tilstandsrapportar på ettermiddags- og kveldstid.

Pressemeldingane våre blir lagt ut via AMK Helse Førde sin twitterkonto. Du kan lese desse meldingane under, eller dei som ønskjer det kan følgje twitterkontoen:

AMK Helse Førde - twitterkonto

Komm​unikasjonsavdelinga

Kan nåast på kvardagar kl. 08.00 -15.30.

Ingen skal ringje AMK då alle pressemeldingar blir lagt ut når vi har høve til det. ​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Fordi helsepersonell må prioritere diagnostisering og behandling av pasientar kan det ta litt tid før pressemelding blir lagt ut. Vi ber om forståing for dette. Pressemeldingane blir oppretta så raskt som mogleg.

Ordbru​k

Vi brukar vanlegvis tre forskjellige begrep: lettare, alvorleg eller kritisk skadd.

 

Pressemel​​dingar i høve ulukker: