Anleggarbeid langs Svanehaugvegen

I samband med utvidinga av anleggsområdet rundt psykiatri- nybygget, skal hekken ned og anleggsgjerde opp. I tillegg blir gatelys frå psykiatribygget og vestover kopla ut.

Utviding av anleggsområde vil få konsekvensar for alle som ferdast i området. Det blir mindre plass, det vil komme byggeaktivitet tett opp til trafikken, og ny trafikk som følge at anleggsarbeidet. Aktiviteten vil i seg sjølv påverke det visuelle inntrykket for dei som ferdast der, og slik sett utfordre oss på trafikksikkerheit.

2019-10-07_hekken skal bort langs svanehaugvn.jpg

Foto: Utviding av anleggsområde gjeld frå Angabygget (psykiatribygget ) og vestover.

Sløkking av gatelys

Kort fortalt vert alle gatelys frå nordenden av Angabygget (psykiatribygget) og vestover utkopla. Det vil vere lys i to master inne i nordre «hestesko» Angabygget, og austover langs Svanehaugvegen. Erfaring har vist at slik utkopling har ført til at det ikkje er lys i master på første parkeringsplass aust for Angabygget ved hovudinngang. Teknisk drift i Helse Førde vurderer mogelegheitene for å sette i verk tiltak.

Tenk trafikktryggleik langs Svanehaugvegen

Uansett vi går mot mørketid og tenk alltid på at du skal bli sett av andre i trafikken. Gatelysa på nordsida av Svanehaugvegen blir ikkje påverka av våre tiltak, men vil ikkje kunne kompensere dei lysa som blir utkopla.