VRE-funn på kreftsengeposten

Kreftavdelinga ved Førde sentralsjukehus har fått konstatert eit avgrensa VRE-utbrot, etter at det nyleg vart gjort uventa funn av vancomycinresistente entrokokkar (VRE) i ei urinprøve. 

 

​Dette funnet resulterte i at alle inneliggande pasientar vart screena på den aktuelle sengeposten, noko som er rutine i slike situasjonar. Dette gav igjen funn av nye positive prøver på tilsaman seks pasientar.

Ingen er blitt sjuke
Ingen av dei seks pasientane har blitt sjuke av bakterien.
Enterokokkar er ei gruppe bakteriar som finst i normal tarmflora hjå alle menneske og dyr, og medfører sjeldan sjukdom hjå bæraren. VRE er enterokokkar som er motstandsdyktige (resistente) mot eit antibiotikum som heiter vanckomycin. Desse resistente bakteriane gjev også svært sjeldan sjukdom. Dei som er smitta er såkalla asymptomatiske bærarar, og er utan symptom på at VRE er blitt del av deira normale tarmflora.

Ikkje uvanleg på norske sjukehus
Bakteriane vert skilt ut med avføringa og kan smitte vidare. Det vil seie at tarmbakterien kan bli overført via ureine hender, eller at ein smitta person har «lagt att» bakterien til dømes  på vask, toalett, dørhandtak eller liknande. Tiltaka i sjukehuset tek sikte på å bryte desse smittevegane.
Førekomsten av VRE har lenge vore lav i Norge, men blir stadig vanlegare. Fleire andre sjukehus i Helse Vest har hatt utbrot av vancomycinresistente enterokokker (VRE). Også ei rekke andre sjukehus i landet melder om utbrot av VRE.

Har sett tiltak i verk
Funna i Helse Førde er meldt som utbrot etter dei nasjonale retningslinene.
Smitteforebyggande tiltak i sjukehus må vere strenge ved slike utbrot. Dette for å hindre smitte og eventuelt infeksjonar hjå andre pasientar som kan vere særleg utsette. Det viktigaste er å ha reine hender, det vil seie handvask med såpe og vatn eller handdesinfeksjon med sprit, særleg før måltid og etter toalettbesøk. Desse er dei viktigaste tiltaka for å hindre smitteoverføring av alle typar bakteriar og virus.  Sengeposten på kreftavdelinga har difor sett i verk ulike tiltak (til dømes isolasjon av berarar av VRE på einerom, systematisk screening og forsterka reinhaldsregime) i samarbeid med smittevern i føretaket. Retningslinene for VRE vert innskjerpa i heile føretaket.

Kan leve som normalt
Utanfor sjukehuset kan personar som har fått konstatert VRE leve heilt som normalt. Desse pasientane med VRE utgjer ingen risiko, heller ikkje for til dømes gravide, små barn og andre utsette grupper som har nærkontakt med ein person med påvist VRE.

HER finn du Folkehelseinstituttet sine sider om VRE.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​