Vil sjå nærare på ambulanse i Lavik og Bremanger

Administrerande direktør vil ha utgreidd alternativ modell for ambulanseløysinga i Lavik i samarbeid med kommunar, tilsetteorganisasjonar og verneteneste. I Ytre Bremanger arbeider Helse Førde for ei løysing i samarbeid med kommunen.

​Løysinga inneber at døgnbilen på Bremangerlandet blir omgjort til ein einmannsbetent ambulanseressurs, der Helse Førde stiller med ambulansearbeidar og bil som skal vere fast stasjonert på øya. Kommunen står for sjåfør/hjelpemann.

- God løysing for begge partar
- Alternativet ville vore å ha berre ein ambulansestasjon i kommunen. Vi meiner løysinga vi ønskjer å få til vil vere ei god løysing både for oss og Bremanger, seier administrerande direktør Arve Varden.
I tillegg til Lavik og Bremanger, blir flyttinga av ein døgnbil frå Luster til Sogndal i første omgang gjennomført som ein tolv månaders prøveperiode.
Tiltaka i Lavik, Ytre Bremanger og Luster er blant dei viktigaste presiseringane administrerande direktør Arve Varden har lagt til når han legg det endelege utkastet til prehospital plan fram for styret i Helse Førde i møte 24. januar. Dette er dei tre konkrete punkta som har fått størst merksemd i høyringsrunden.

Stort engasjement
Andre sentrale poeng i høyringsinnspela er behovet for å presisere planperioden, korleis planen skal evaluerast og rullerast og korleis den neste fasen (fase 3) skal gjennomførast.
Planen har vekt stort engasjement i heile opptaksområdet til Helse Førde, og det har kome innspel frå meir enn 50 høyringsinstansar. Desse innspela utgjer eit dokument på meir enn 160 sider som no blir ein del av grunnlaget for styret i møte fredag om ei veke.
- Dei mange innspela viser at dette er eit område som betyr mykje for innbyggjarane. Det er eit engasjement vi skal vere glade for, seier Varden.
Det er forslaget om å legge ned døgnambulansen i Lavik som har møtt sterkast motstand i høyringsrunden, særleg frå ytre delar av Sogn og Sunnfjord. Også organisasjonar som ikkje er geografisk knytt til området, har ytra seg kritisk om framlegget. Administrerande direktør meiner det er rett å greie ut endringa ytterlegare, ved å vurdere alternative modellar.

Ny gjennomgang
- Det kom inn svært mange synspunkt på forslaget i Lavik, med ulike innfallsvinklar. I denne samanhengen er det jo verd å merke seg at prosjektgruppa har sagt at dei ville ha prioritert dag- eller døgnbil i Lavik eller Leirvik først, dersom ein kunne auke kostnadene i den føreslåtte strukturmodellen. Eg meiner difor det er rett å ta seg tid til endå ein gjennomgang av dette.
Fleire av høyringssvara etterlyser at ein simuleringsmodell som er nytta i planen, og bruken av denne, blir forklart ytterlegare. Det har også komme ein del innspel på ei ytterlegare drøfting av responstider, samtidskonfliktar og framskriving.

Kontaktperson: Administrerande direktør Arve Varden, mob. 992 19 352.