Vil samlokalisere DPS døgn i Førde

Ei arbeidsgruppe tilrår at distriktpsykiatrisk senter (DPS) blir samlokalisert i nytt psykiatribygg i Førde. Det samla DPS-et får åtte psykosesenger, tre brukarstyrte senger, ei akuttseng og tolv intermediærsenger – til saman 24 senger.

Dei tilsette på DPS Tronvik er orientert om den føreslegne endringa, og det same gjeld ordførar og leiing i Høyanger kommune.

Tilrådinga
«Ei samla arbeidsgruppe står bak tilrådinga om å samle DPS døgn i Førde (i dag er DPS døgn lokalisert i Førde og på Tronvik).  Tilrådinga til arbeidsgruppa er å samle 24 sengeplassar i Førde for DPS døgn for opptaksområdet Sunnfjord og Ytre Sogn, med åtte psykosesenger, tre brukarstyrte senger, ei AHT-seng (akuttseng) og tolv intermediærsenger. Samling i Førde vil gje muligheit for å styrke psykosetilbodet og betre tilgangen til somatiske helsetenester.»

Til saman 42 senger i nybygget
Styringsgruppa for Helse Førde-programmet pasientens helseteneste har på grunnlag av tilrådinga over gjort følgjande vedtak:
«Styringsgruppa gjer vedtak om å samle DPS døgn med 24 sengeplassar i Førde i samråd med tilrådinga. I tillegg vert det 18 sengeplassar i akutt-/tryggleikspost i Førde.  Sengetal for vaksne i nybygg for psykisk helsevern i Førde  vert 24 pluss 18 senger, er lik 42 senger.»
Saka skal leggast fram for styret i Helse Førde, anten som eiga sak eller i samband med styret si behandling av Nye Førde sjukehus.

Nye, utvida tilbod på ruspost Tronvik?
Administrerande direktør i Helse Førde tilrår at det vert sett ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere og tilrå framtidig tilbod ved rusposten ved Tronvik. Føremålet med denne arbeidsgruppa er å vurdere og tilrå framtidig drift ved rusposten, og vurdere sjansen til å få lagt nye og utvida behandlingstilbod ved rusposten. Ei slik løysing vil krevje finansiering utanfor Helse Førde.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​