HELSENORGE

Vil behalde døgnambulanse og stasjon i Lavik

Det skal framleis vere døgnambulanse og stasjon i Lavik. Ein av døgnbilane i Fjaler skal gjerast om til dagambulanse. Dette er blant dei tilrådingane administrerande direktør Arve Varden vil legge fram for styret i Helse Førde den 1. september. Dersom styret følgjer tilrådingane i saka, vil prehospital plan bli send ut på høyring til kommunar, legevakter og andre interesssentar.

​Det tidlegare framlegget om å fjerne døgnambulansen i Lavik blir dermed lagt vekk, og helseføretaket beheld den døgnbemanna Lavik-ambulansen. Dette blir delvis dekka inn ved at ein av to døgnambulansar stasjonert i Fjaler blir gjort om til dagambulanse.

Tilrådingane er i tråd med innstillinga frå ei breitt samansett arbeidsgruppe, som forutan representantar frå Helse Førde også har hatt medlemmer frå vernetenesta, tilsette sine organisasjonar, brukarrepresentant og kommunane Høyanger, Hyllestad og Fjaler. Innad i arbeidsgruppa har det naturleg nok vore ulike syn, men tilrådinga frå gruppa er klar og vil bli tatt vidare til styret av administrerande direktør. 

Dette er ein del av fase 3 i plan for prehospitale tenester i Helse Førde. Fase 3 omfattar også vurderingar kring ambulansetilbodet i Ytre Bremanger samt konsekvensen av at tidlegare Hornindal kommune no er overteken av Helse Møre og Romsdal.
Når det gjeld ambulansen i Ytre Bremanger kjem administrerande direktør med framlegg om å ta denne vekk, i samsvar med styrevedtak frå januar 2020. Personalet som var tiltenkt for einmannsbetent ambulanseressurs i Ytre Bremanger blir overført til den nye ambulansebåten som kjem i Florø. Båten blir dermed bemanna med ambulansearbeidar i tillegg til maritimt mannskap. 

Akuttmedisinforskrifta krev bemanning på éin ambulansearbeidar for båtambulanseoppdrag, og to på bilambulanseoppdrag. Samansetting av mannskap frå reiarlag og helseføretak vil stette kompetansekrava både for oppdrag med bil- og båtambulanse. På denne måten vil ikkje båtambulanseoppdrag forbruke vaktpersonell frå bilambulansetenesta. Transport i bil mellom kai og hentestad vert utført med utplasserte køyretøy.

Når det gjeld Hornindal sin overgang til anna helseføretak, vurderer administrerande direktør at den tapte oppdragsmengda utgjer så lite at det ikkje kan få konsekvensar for ressurssituasjonen i dei prehospitale tenestene i Nordfjord.